Skonseng

Skonseng i 1870 med Thomassengarden, Rødvandgarden, Bakkengarden og Kvernhusheia.
Foto: Ole Tobias Olsen
Skonseng er ei bygd på austsida av Ranelva, ca. ei mil nord for Mo i Rana. På vestsida av elva ligg Røssvoll. Nordlandsbanen går gjennom bygda. Bygda er poststad (8615) og har barneskule.