Skorgeura naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skorgeura naturreservat er eit naturreservat på nordsida av Ørstafjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Naturreservatet blei oppretta ved kongeleg resolusjon 27. juni 2003. Naturreservatet omfattar 2465 daa.

Skorgeura vart til i eit gigantisk skred for om lag 11 000 år sida. Skorgeura er dominert av store blokkfelt, ryggar og haugar.

Fredingsvedtaket § 2 seier følgjande: «Formålet med fredinga er å ta vare på ei edellauvskogsli med uvanleg stor variasjon med det naturlege plante- og dyrelivet og med alle dei naturlege økologiske prosessane. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området har stort mangfald av plantar og fugl og at det har svært store verdiar innanfor geologi, vitskap og oppleving.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]