Skorholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°48′17″N 04°55′18″E

Skorholmen
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austrheim kommune
Høgaste punkt 10 moh.
Folketal 0  (2005)
Kart
Skorholmen
60°48′18″ N 4°55′18″ E

Skorholmen er ein holme i Austrheim kommune i Vestland, i sundet mellom Ulvøyna og Fosnøyna. Ei gangbru fører over til Ulvøyna.

Skorholmen vart truleg først busett rundt midten av 1600-talet. Frå først av var busetjinga her ein husmannsplass under Ulvøyna, men vart etter kvart ein eigen namnegard. Etter andre verdskrigen har det ikkje vore fast busetjing på holmen.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[1]
0 6 0


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 2 (Austrheim kommune, 2005)
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  • Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid (Austrheim kommune, 2000)