Skorpa kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°55′52″N 21°43′35″E

Skorpa kyrkje
kyrkje
Skorpa kirke fra KMB.jpg
Foto: Iver Schonhowd / Riksantikvaren
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Nord-Troms
Sokn Kvænangen
Fellesråd Kvænangen
Type Langkyrkje
Arkitekt Ukjent
Material Tre
Innvigd 18. september 1850[1]
Klokker Ei, frå 1830[2]
Sitjeplassar 200

Skorpa kyrkje
69°55′52″ N 21°43′35″ E
Wikimedia Commons: Skorpa kirke

Skorpa kyrkje er i langkyrkje frå 1850 i Kvænangen kyrkjesokn i Den norske kyrkja. Kyrkja står aust på den no fråflytte øya Skorpa i Kvænangen kommune i Troms fylke.

Skorpa kyrkje er ei tømra langkyrkje med om lag 200 sitjeplassar. Kyrkja har ståande kvitmåla bordkleding og er tekt med skifer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja på Skorpa vart kanskje bygd i misjonstida på 1700-talet, då Thomas von Westen starta arbeidet med misjon blant samane.

Den første kyrkja vi sikkert veit om, vart bygd i 1795 og vigsla av sokneprest Angell i 1806. Kyrkja fungerte som kapell under soknekyrkja på Skjervøy, og presten kom til kyrkja fire gonger i året.

Kyrkja som står på Skorpa i dag, vart vigsla av biskop Daniel Bremer Juell den 18.september 1850.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirker/Kirkegård» på nettstaden til Den norske kyrkja i Kvænangen
  2. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skorpa kirke, Burfjord». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 119. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]