Skotholmen på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skotholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 170
Kart
Skotholmen
60°47′14″N 4°42′38″E / 60.78716°N 4.71061°E / 60.78716; 4.71061

Skotholmen (uttale skåthålmen) er ein holme og ein gard nordvest i Fedje kommune. Han er den nordlegaste garden på Fedje og er knytt til Moldøyna i søraust ved ei vegfylling. Holmen ligg på nordsida av Kyrkjevågen og nordaust for Mulen. Nord for Skotholmen ligg Moldøyosen, som er innseglinga til hamna på Fedje frå Fedjefjorden i vest.

Namnet «Skot» kjem truleg av «skjota» eller skyta, det vil sei eit framspring av land eller ei høgd som skyt i vêret.[1] Det står mellom anna ein knaus på Skotholmen som skulle passa bra til denne skildringa.

Namnet har òg vorte skrive Stokholm i skriftlege kjelder, og det er denne stavinga som er nytta som slektsnamn i dag. I dei skriftlege kjeldene har namnet varieret mykje oppgjennom hundreåra: Schodeholmen, Skotholm, Schottholm, Schodtholm, Schotholmen, Skaatholmen, Stockholmen, Stocholmen, Stocholmen, Stokholm, Stochhlomb og Stocholm. I kyrkjebøkene vart i tillegg namnet Stefholmen nytta på 1700-talet, og på 1800-talet nytta prestane òg namnet Vågen.

Garden vart nemnd første gongen i 1590.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 427.