Skotring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skotring er ein bryllaupsskikk som går ut på at bygdefolk som ikkje er bedne i eit bryllaup kler seg ut og går i bryllaupslaget godt utpå kvelden. Der skal dei bydast drykk og takast vel imot, mot at dei dansar og livar opp i laget ei kort tid før dei forsvinn ut i natta att, helst utan at nokon i selskapet skal ha forstått kven dei eigentleg var. Skikken er best kjend frå Hardanger, der han framleis er levande.

Ordet skotring har med å skotte å gjere, det vil seie å kikke, gløtte. Ein person som går på skotring vert kalla ein skotrar. Mange stader har det vore vanleg at dei ubedne har gått og kikka på bryllaupslaget frå utsida, gjennom vindauga eller liknande. I Valdres vart dei som gjekk og kikka kalla «glåmfant».[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]