Skotsk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sekkepipespelar kledd i tradisjonelt kiltutstyr.

Skotsk musikk er kjend for ein sterk folkemusikktradisjon med song på skotsk gælisk og engelsk og musikkinstrument som fele, trekkspel og sekkepipe. Nokre kjende skotske melodiar er «Auld Lang Syne», «Flower of Scotland», «Scotland the Brave», «Scots Wha Hae», «The Skye Boat Song» og «Loch Lomond». Tonesette dikt av forfattarar som Robert Burns og Robert Louis Stevenson er utbreidde. Musikklivet i nyare tid omfattar fleire kjende folk-rock-, pop- og rockeutøvarar som Cocteau Twins, Runrig, The Proclaimers, Eurythmics, Belle & Sebastian og Mogwai. Nokre kjende kunstmusikk-komponistar med skotsk tilknyting er Alexander Mackenzie, Judith Weir og Peter Maxwell Davies.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Fele[endre | endre wikiteksten]

Framføring av «Cam ye o'er frae France» frå 1700-talet på fele.

Skotsk tradisjonelt felespel omfattar ei rekkje regionale stilar, mellom anna den sekkepipe-påverka vesthøglandsstilen, den optimistiske og livlege stilen frå dei nordisk-påverka Shetlandøyane og strathspey og sakte air-ar frå Nordaust-Skottland. Instrumentet kom til landet seint på 1600-talet, og er nemnt for fyrste gong i 1680 i eit dokument frå Newbattle Abbey i Midlothian, Lessones For Ye Violin.

På 1700-talet skal skotsk felespel ha nådd nye høgder. Spelemenn som William Marshall og Niel Gow var legender over heile Skottland, og dei fyrste samlingane av felemelodiar blei gjevne ut på midten av hundreåret. Den mest kjende og nyttige av desse samlingane var ein serie som blei publisert av Nathaniel Gow, ein av sønene til Niel, som også var ein fin felespelar og komponist.

Scots Fiddle Festival blir halden kvar november, og viser den store feletradisjonen og -talenta i Skottland.

Fløyte[endre | endre wikiteksten]

Ei fløyte av keramikk eller bronse med seks fingerhol,[1] kjend som tusculumfløyta, blei funnen i lag med keramikk datert til 1300- og 1400-talet i North Berwick.[2] I dag er blekkfløyte eit vanleg instrument i skotsk folkemusikk. Sjølv om få kjende utøvarar vel fløyta som hovudinstrument, er det ganske vanleg at sekkepipespelarar, fløytistar og andre musikarar spelar fløyta.

Gitar[endre | endre wikiteksten]

Fish frå Marillion speler gitar i 2018.

Gitar er eit relativt nytt instrument i skotsk tradisjon. Det same gjeld cister og bouzouki, som blei introduserte til keltisk folkemusikk av folkesongaren Johnny Moynihan på slutten av 1960-talet.[3] Gitaren hadde ei viktig rolle i gjenopplivinga av folkemusikk på byrjinga av 1960-talet med artistar som Archie Fisher, Corries, Hamish Imlach, Robin Hall og Jimmie Macgregor. Den virtuose spelinga til Bert Jansch hadde stor innverknad, og rolla til instrumentet blei utvida av The Incredible String Band. Andre kjende utøvarar er Tony McManus, Dave MacIsaac, Peerie Willie Johnson og Dick Gaughan. Skottland har òg produsert fleire kjende utøvarar av el-gitar, som Stuart Adamson frå Big Country (ein gong omtalt som «Britain's Jimi Hendrix»), Angus Young frå AC/DC, Jimmy McCulloch frå Wings, Manny Charlton frå Nazareth, Zal Cleminson frå The Sensational Alex Harvey band og Brian Robertson frå Thin Lizzy.

Harpe[endre | endre wikiteksten]

Denne skotske harpa, kjend som Clàrsach na Banrìgh Màiri eller Queen Mary Harp, blei laga i det vestlege høglandet kring 1500 og er no i Museum of Scotland. Ho er ei av berre tre overlevande gæliske harper frå mellomalderen.[4]

Det finst materielle prov som tyder på at lyre og/eller harpe, kjend som clarsach, har ei lang og gammal historie i Storbritannia, med instrument frå jernalderen datert til 2300 f.Kr.[5][6] Harpa var sett på som det nasjonale instrumentet til ho blei erstatta av høglands-sekkepiper på 1400-talet.[7] Steinrissingar i det austlege Skotland støttar teorien om at det fanst harper i det piktiske Skottland lenge før 800-talet. Dei kan ha vore opphavet til den moderne europeiske harpa og til og med ha danna grunnlaget for skotsk pibroch, den folkelege sekkepipetradisjonen.

Fram til slutten av mellomalderen var harpe det mest populære musikkinstrumentet i Skotland, og harpespelarane var blant dei mest prestisjerike kulturfigurane i hoffa til irske/skotske høvdingar og skotske kongar og grevar. I begge land hadde harpespelarane særrettar, og spelte ein viktig rolle ved seremonielle høve som kroningar og skaldeframføringar. Kongane i Skottland hyrte harpespelarar fram til slutten av mellomalderen, og dei er prominente i kongeleg ikonografi.

Speling på den keltiske harpa med metallstrenger døydde ut i Skotland på 1700-talet og i Irland på byrjinga av 1800-talet. Som del av gjenoppvekkinga av gælisk kultur seint på 1800-talet tok ein i bruk harpe att, men desse instrumenta var svært forskjellige frå dei gamle harpene med metallstrengar. Dei nye instrumenta hadde tarmstrengar (seinare nylon), og konstruksjonen og spelestilen bygde på den større orkestrerharpa med pedal. Namnet «clàrsach» blei og blir framleis brukt i Skottland i om desse nye instrumenta, som har tusenvis av spelarar både i Skottland og Irland, Nord-Amerika og andre stader. Nokre nyare harpespelarar er Savourna Stevenson, Maggie MacInnes og duoen Sìleas. Kjende hendingar er den årlege Edinburgh International Harp Festival, som i 2006 sette rekord for den største samlinga av harpistar som spelte samstundes.[8]

Sekkepipe[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipeskeplar med Great Highland Bagpipe
Skye Boat Song utført av eit sekkepipekorps.

Sjølv om sekkepipe er særskild assosiert med Skottland av mange utlendingar, er instrumentet (eller meir nøyaktig instrumentfamilien) utbreidd over store delar av Europa, Nord-Afrika og Sør-Asia. Den vanlegaste typen i moderne skotsk musikk er stor skotsk sekkepipe eller Great Highland Bagpipe, som blei spreidd av Highland-regimenta i den britiske hæren. På 1800-talet blei det òg spelt sekkepipe på båtar som segla til krig for å gje mennene håp og ønska dei lykke i den kommande krigen. Historisk sett har det vore mange andre sekkepipetypar i bruk, og mange av dei er blitt gjenoppliva i det siste halve hundreåret.

Skotsk sekkepipe blir brukt både som solo- og ensembleinstrument. Den klassiske musikken til stor skotsk sekkepipe blir kalla pìobaireachd.

Sekkepipetevlingar er vanlege i Skottland, både for solistar og korps. Tevlingar i solospel er i dag populære blant mange lovande sekkepipespelarar, og somme av dei dreg frå så langt borte som Australia for å ta del i skotske kappleikar. Andre sekkepipespelarar har valt å utforska andre kreative måtar å nytta instrumentet på. Sidan 1970-talet har ein gjenoppliva eldre sekkepipetypar, som historiske border pipes og Scottish smallpipes, og desse har trekt til seg ei blømande alternativ sekkepiperørsle.[9] To av dei mest respekterte sekkepipespelarane i Skottland er Gordon Duncan og Fred Morrison.

Sekkepipekorps, eller pipe band, er ein anna vanleg måte å spela høglandsekkepipe på, med topp konkurransedyktige korps som Victoria Police Pipe Band frå Australia, Field Marshal Montgomery frå Nord-Irland, Laurence O'Toole pipe band frå Republikken Irland, 78th Fraser Highlanders Pipe Band og Simon Fraser University Pipe Band frå Canada, i tillegg til skotske korps som Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band og Strathclyde Police Pipe Band. Desse korpsa kan ta del med mange andre i kappleikar som World Pipe Band Championships, og opptrer til tider i offentlege konsertar og opptog. Royal Edinburgh Military Tattoo i Edinburgh blir utført av internasjonale væpna styrkar, med mykje bruk av sekkepipe. Han blir halden i august ved Edinburgh Castle som ein del av Edinburgh-festivalane.

Trekkspel[endre | endre wikiteksten]

Trekkspel har vore ein del av skotsk folkemusikk sidan det blei innført på 1800-talet.[10] På byrjinga av 1900-talet var melodeon (ein variasjon av diatonisk knappetrekkspel) populært på landsbygda, som ein del av bothy band-tradisjonen og andre former for folkeleg dansemusikk.[10] Country dance-band, slik som det leidd av den kjende Jimmy Shand, har bidratt til å heva statusen til instrumentet. Seinare har Phil Cunningham (frå Silly Wizard) bidratt til å gjera instrumentet populært innan skotsk musikk.

Trommer[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespel med trommer.

Trommer er ein viktig del av sekkepipekorps, der ein nyttar skarptromme,[11] tenortromme og stortromme.[12] Trommene blir nytta til å utvida klangen til sekkepipene.[12]

Bodhrán er ei opphavleg irsk tromme som har fått ein viktig plass også i skotsk folkemusikk.[13]

Vokal[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til instrument har vokalmusikk alltid vore viktig i skotsk musikk. Ein særeigen type der stemmen erstattar instrument er puirt à beul, 'munnmusikk'. Ein annan skotsk songtype er tradisjonell gælisk salmesong utan akkompagnement, der ein forsongar syng ei linje og kyrkjelyden følgjer med sine eigne variasjonar. Denne songforma var utbreidd i Storbritannia på 1600-talet, og blei halden ved like på Hebridane til våre dagar.[14]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorisk og tidlegmusikk[endre | endre wikiteksten]

Harpespelar på Monifeith-steinen laga av piktarar rundt år 700-900.

Strengeinstrument er kjende i Skottland frå jernalderen. Eit utskore trestykke frå øya Skye som er rundt 2300 år gammalt er truleg det eldste dømet på ei lyre utanfor den gresk-romerske verda, og det eldste overlevande strengeinstrumentet i Vest-Europa.[15] Som i andre keltiske område var skaldar viktige formidlarar av dikting og andre tradisjonar,[16] og finst dokumentert frå skotske hoff gjennom heile mellomalderen. Dei nytta ofte harpe til å akkompagnera seg sjølv.[17]

Skotsk kyrkjemusikk frå seinare i mellomalderen blei stadig sterkare påverka av utviklinga i Kontinental-Europa. Musikkteoretikaren Simon Tailler studerte til dømes i Paris på 1200-talet, før han vende tilbake til Skottland og reformerte kyrkjemusikken på fleire område.[18] Skotske musikksamlingar som Wolfenbüttel 677 frå 1200-talet, som er knytt til St Andrews, inneheld for det meste franske komposisjonar, men med nokre særmerkte lokale kjenneteikn.[18] Den engelske fangenskapen til Jakob I frå 1406 til 1423, der han blei velkjend som diktar og komponist, kan ha ført til ein vidare påverknad frå England og Kontinentet.[18] Seint på 1400-talet gjekk ei rekkje skotske musikarar i lære i Nederlanda, til dømes John Broune, Thomas Inglis og John Fety. Sistnemnde blei styrar av songskulen i Aberdeen og deretter Edinburgh, og innførte den nye femfingra spelemåten for orgel.[19] Jakob V (1512–42) var både ein dyktig luttspelar og ein viktig støttespelar for skotsk musikk. Han introduserte fransk chanson og consortmusikk (strengeensemble) ved hoffet og støtta komponistar som David Peebles (ca. 1510–1579).[20]

Scottish Metrical Psalter frå andre halvdel av 1500-talet.

Den skotske reformasjonen, som var direkte inspirert av kalvinismen, var stort sett imot kyrkjemusikk med instrument, og fekk orgel fjerna. I staden la ein vekt på salmar med bibeltekstar i metrisk form.[19] Det viktigaste i skotsk reformasjonsmusikk er truleg A forme of Prayers som kom ut i Edinburgh i 1564.[21] Då den katolske dronninga Maria Stuart kom tilbake frå Frankrike i 1561 blei det skotske hoffet musikalsk fornya. Maria Stuart spelte lutt, virginal og var ein god songar.[22] Ho støtta mange musikarar, og fornya det kongelege kapellkoret i Stirling Castle. På grunn av orgeløydelegginga måtte akkompagnementet skje med trompet, tromme, sekkepipe og marsjfløyte.[22] Den viktigaste skotske komponisten frå denne tida var Robert Carver (ca. 1485–ca. 1570), som mellom anna skreiv motetten «O Bone Jesu» med nitten stemmer.[23] Også kong Jakob VI av Skottland var ein støttespelar for kunst og kultur, men etter at han også blei konge av England flytta det kongelege kulturelle tyngdepunktet til Westminster i London.[24]

Sekulær musikk[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespelar. Utskjering i tre frå rundt 1600.

Medan harpa tapte popularitet fekk sekkepipe ei stadig viktigare rolle i skotsk kultur. Ei nedteikning frå 1396 fortel at «krigspiper» (warpipes) blei brukt i slaget ved North Inch of Perth. Fleire sekkepiper, mellom anna ein eigen type frå dei skotske høglanda blir omtalt i eit dikt frå 1598 gjeve ut i The Complaynt of Scotland.[25] Ei primitiv skotsk fele, fydill, blei erstatta av den italienske fiolinen på 1600-talet, og har hatt ein viktig plass i dansemusikk over heile Skottland.[26]

Den eldste trykte samlinga av sekulær skotsk folkemusikk var Songs and Fancies: to Thre, Foure, or Five Partes, both Apt for Voices and Viols frå 1662, gjeve ut av John Forbes i Aberdeen. Verket inneheldt 77 songar, av dei var 25 av skotsk opphav. Dei fleste songane er av ukjend opphav, men nokre av dei er av engelske John Dowland.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

The Highland Wedding (1780) med musikk og dans, måla av David Allan.

Den italienske stilen i klassisk musikk kom truleg til Skottland gjennom Lorenzo Bocchi, ein cellist og komponist som reiste til landet i 1720-åra. Han innførte celloen til landet og komponerte arrangement for låglandsskotske songar. Bocchi kan ha vore med i skapinga av den første skotske operaen, The Gentle Shepherd, som diktaren Allan Ramsay skreiv libretto til.[27] Thomas Alexander Erskine var ein kjend komponist i si samtid på midten av 1700-talet, men blei gløymd kort tid etter at han døydde.[28]

Ein hadde byrja trykka skotske balladar på 1600-talet, men på 1700-talet kom fleire samlingar songar og melodiar. Døme på dette er Original Scotch Tunes (1700) av Playford, MS (1710) av Sinkler, Choice Collection of Comic and Serious Scots Poems both Ancient and Modern (1706-1711) av James Watson,[29] Orpheus Caledonius or a Collection of the best Scotch Songs set to Musick (1725) av William Thomson.[30] Komponisten James Oswald gav ut The Caledonian Pocket Companion i 1751, og folkemusikksamlaren David Herd gav ut The ancient and Modern Scots Songs, Heroic Ballads, &c. i 1769. Forleggaren James Johnson og diktaren Robert Burns brukte desse til den vektige samlinga The Scots Musical Museum (1787-1803) i seks band med over hundre songar i kvart. I denne samlinga bidrog også Burns med nyskrivne tekstar. Select Scottish Airs samla av George Thomson og gjeve ut mellom 1799 og 1818 inneheldt også stoff frå Burns og frå Walter Scott.

Skotsk felespel hadde eit høgdepunkt på 1700-talet, med legendariske felespelarar som William Marshall og Niel Gow. Frå midten av hundreåret blei det gjeve ut notesamlingar med felemusikk, mellom anna av Nathaniel Gow, ein son av Niel som også spelte fele. Barokke komponistar som Charles McLean, Alexander Munro,[31] James Oswald og William McGibbon brukte skotsk felespel i sine komposisjonar.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Den gæliske gjenfødinga seint på 1800-talet førte til ei sterkare skotsk nasjonalkjensle og gjenoppliving av folkemusikkskikkar. I 1891 blei Scottish Orchestra (1891), no Royal Scottish National Orchestra, grunnlagt.[32] Harpespel, som hadde døydd ut i Skottland i føre hundreåret, blei gjenoppliva med ei rekonstruert harpe. Denne blei kalla clársach (gælisk for 'harpe'), sjølv om ho bygde meir på den franske konsertharpa enn det eldre folkeinstrumentet.[33] Nye instrument blei også innført i dette hundreåret, som trekkspel, som raskt blei ein del av folkemusikken.[34] Ein lang fløytetradisjon blei fornya med masseproduserte blekkfløyter, som etterkvart fekk ein minst like sjølvsagt plass.

Komponisten Alexander Campbell Mackenzie brukte skotsk musikk i Scottish Rhapsodies for orkester (1879–80, 1911), Pibroch for fiolin og orkester (1889) og Scottish Concerto for piano (1897).[35] John McEwen brukte også skotske folkemelodiar i Border Ballads (1908) og Solway Symphony (1911).[36] Andre skotske komponistar frå denne nasjonalromantiske perioden er mellom anna Hamish MacCunn og William Wallace.[37] Skottland inspirerte også tyske Felix Mendelssohn til å skriva to kjende verk: Overtyren Die Hebriden ('Hebridane') eller Die Fingalshöhle ('Fingal's Cave', 'Fingal-hola') og sin Symfoni nr. 3 eller «Den skotske symfonien».

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Den skotske musikkgruppa Bodega med kjende skotske folkemusikkinstrument: Harpe, gitar, trekkspel, fele og sekkepipe (border pipes).

På 1900-talet fekk skotsk folkemusikk merksemd frå fleire kantar. Felespelaren James Scott Skinner, eller «Strathspey King», blei den første internasjonalt kjende keltiske musikaren med nokre svært tidlege innspelingar. Musikksamlarar som Gavin Greig, Hamish Henderson og Calum Maclean gav ut folkemusikksamlingar og samarbeidde med den amerikanske musikkforskaren Alan Lomax.

Frå 1950-talet blei folkemusikk framført på People's Festival i Edinburgh av songarar som John Strachan, Flora MacNeil, Jimmy MacBeath og Jeannie Robertson, og introdusert for eit nytt publikum.[38] Inspirert av gjenopplivinga av folkemusikk i amerikansk populærkultur fekk ein ny generasjon skottar augo opp for sine musikalske tradisjonar. Ewan MacColl oppretta ein av dei første folkemusikklubbane i Storbritannia, og musikarar som Alex Campbell, Jean Redpath, Hamish Imlach, Dick Gaughan, The Gaugers, The Corries, The McCalmans og Ian Campbell Folk Group gjorde seg gjeldande. Andy Stewart, Glen Daly og The Alexander Brothers hadde meir folkeleg tilnærming med bakgrunn i varietéunderhaldning.

To skotske rockemusikarar frå 1960-talet som hadde internasjonal innverknad var Donovan (Donovan Phillips Leitch), ein songar-låtskrivar og gitarist innan folkrock og psychedelia, Jack Bruce (John Symon Asher Bruce), ein bassist og komponist innan blues-rock og jazz-rock som mellom anna var med i Cream, Manfred Mann og Ringo Starr & His All-Starr Band. Begge var inspirerte av skotsk musikk og litteratur.[39]

Runrig frå Skye er ei populær skotsk folkrockgruppe som har hatt internasjonal suksess.

På 1970-talet byrja folk-rockgrupper som The Clutha eksperimentera med ulike instrument, og kom fram til ei typisk samansetjing av fele eller sekkepipe som melodiberande instrument med gitar eller bouzouki som akkompagnement. Bert Jansch, grunnleggjaren av Pentangle, og Davy Graham brukte bluesgitar og austleg musikk i samband med folkrock, medan Incredible String Band bevegde seg i retning verdsmusikk med eit variert utval instrument. Ei rekkje nye grupper, som Silly Wizard, The Tannahill Weavers, Battlefield Band, Ossian og Alba, hadde alle tydeleg sekkepipebruk, ein tendens som kulminerte i 1980-åra med A Controversy of Pipers av Robin Morton. På slutten av 1970-talet byrja også fleire større grupper framføra songar på skotsk-gælisk, som Runrig med Play Gaelic i 1978.

I tillegg til tradisjonelle folkesongar blei det også skrive mange nye songar i same stilen, av musikarar som Matt McGinn, Archie Fisher, The Corries, Rab Noakes og Gerry Rafferty og Billy Connolly i «Humblebums». Låtskrivarane Bennie Gallagher og Graham Lyle opptredde som ein duo og skreiv ei rekkje songar som blei framførte av fleire popartistar. Dougie MacLean starta i tradisjonelle grupper som Puddocks Well og Tannahill Weavers før han blei solomusikar og låtskrivar av kjende songar.

Annie Lennox under ein Eurythmics-konsert i 1980-åra

«Rein» pop og rock tok ikkje av så tidleg i Skottland som i England. Frå 1970-åra byrja grupper som Average White Band, Nazareth, Sensational Alex Harvey Band og Bay City Rollers å få internasjonal suksess. Fleire av medlemmene i AC/DC var fødde i Skottland, sjølv om dei hadde utvandra til Australia då gruppa blei danna. Den skotske songaren Fish var med på å grunnleggja den verdskjende prog-rockgruppa Marillion. Skids var ei viktig punkrockgruppe som påverka band som U2, Green Day og Manic Street Preachers.[40]

På 1980-talet hadde fleire skotske musikkartistar suksess, og grupper som Cocteau Twins, Orange Juice, The Associates, Simple Minds, Maggie Reilly, Annie Lennox (Eurythmics), Hue and Cry, Goodbye Mr. Mackenzie, Big Country, The Proclaimers og Josef K var omtykte av lyttarar og kritikarar. Shirley Manson frå Goodbye Mr. Mackenzie fekk global suksess med den amerikanske musikkgruppa Garbage.

Alternative og indieband frå denne tida er mellom anna Primal Scream, The Soup Dragons, det innverknadsrike The Jesus and Mary Chain,[40] The Blue Nile, Teenage Fanclub, 18 Wheeler, The Pastels og BMX Bandits. 1990-talet såg fleire suksessfulle Glasgow-band som The Almighty, Arab Strap, Belle & Sebastian, Camera Obscura, The Delgados, Bis, Texas og Mogwai. Lengre fram i tid kom grupper og utøvarar som Biffy Clyro, Travis, Calvin Harris, The View og Idlewild.

Celtic Connections som blei starta i 1994 feirer keltisk musikk. Festivalen blir halden årleg i Glasgow, i 18 dagar i januar og februar.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

På 2000-talet hadde ulike skotske artistar som Susan Boyle, Chvrches, Lewis Capaldi, Franz Ferdinand, The Fratellis, Glasvegas, Amy Macdonald, Nina Nesbitt, Paolo Nutini, Eddi Reader, Emeli Sandé, KT Tunstall og Twin Atlantic suksess. Reader skipa ein suksessrik solokarriere etter mange år i Fairground Attraction med innspelingar og framføringar av Robert Burns-songar.[41] Boyle blei kjend gjennom talentkonkurransen Britain's Got Talent i 2009.[42] Sandé opptredde både ved opninga og avsluttinga av Sommar-OL 2012 i London.[43] I 2022 blei «anti-pop»-figuren Capaldi sin song «Someone You Love» den mest strøyma songen i Storbritannia nokonsinne.[44]

Jazz[endre | endre wikiteksten]

Skottland har ein sterk jazztradisjon, og har produsert fleire jazzmusikarar i verdsklasse sidan 1950-talet, som Jimmy Deuchar,[45] Bobby Wellins[46] og Joe Temperley.[47] Kanskje den beste kjende noverande skotske jazzmusikaren er saksofonisten Tommy Smith.[48] Jazzscener er mellom anna JazzBar i Edinburgh, Edinburgh Jazz and Blues Festival, Glasgow International Jazz Festival og frivillige organisasjonar som Platform og Assembly Direct. Edinburgh Jazz and Blues Festival hentar nokre av dei beste jazzmusikarane i verda til Skottland kvart år. Det blir også halde internasjonale jazzfestivalar i andre byar, som Glasgow og Dundee.

Klassisk og kunstmusikk[endre | endre wikiteksten]

Lost at Sea ved East Neuk-festivalen i 2018.

Skottland har inspirert internasjonale komponistar som Malcolm Arnold og Benjamin Britten. Britten arrangerte fleire skotske folkesongar og brukte den gamle salmen «Dundee» i orkesterverket Scottish Ballad. Den engelske komponisten Peter Maxwell Davies slo seg ned på Orknøyane, der han var ein musikalsk påverknad gjennom ei årrekkje. Han skipa St Magnus-festivalen og komponerte skotsk-inspirerte verk som kammeroperaene The Martyrdom of St Magnus[49] og The Lighthouse,[50] An Orkney Wedding, with Sunrise og Strathclyde Concertos.

Av heimfødde skotske komponistar kan nemnast modernistane Francis George Scott og J. Murdoch Henderson, som skreiv mange kortare komposisjonar, og etterkrigskomponistane Robin Orr, Thomas Wilson, Thea Musgrave, Edward McGuire, James MacMillan, James Dillon, Gordon McPherson og John McLeod. Judith Weir, fødd i England med skotske foreldre, har funne inspirasjon i skotske tradisjonar. Filmkomponistane Muir Mathieson, Patrick Doyle og Craig Armstrong er også blitt internasjonalt kjende.

Kjende skotske utøvarar av klassisk musikk er mellom anna perkusjonisten Evelyn Glennie, pianisten Murray McLachlan, fiolinisten Nicola Benedetti, bratsjisten William Primrose, klarinettisten Alison Turriff, songarane Isobel Baillie, Henry Herford, Margaret Marshall og Kenneth McKellar og dirigentane Bryden Thomson, James Loughran, Donald Runnicles, Garry Walker og Alexander Gibson.

Skottland har tre internasjonalt kjende orkester: Royal Scottish National Orchestra (RSNO), BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) frå Glasgow og Scottish Chamber Orchestra (SCO) frå Edinburgh. Det finst også fleire kammermusikkgrupper, som Hebrides Ensemble, som speler mykje samtidsmusikk, Edinburgh Quartet, Auricle Ensemble, Concerto Caledonia og Scottish Ensemble.

Dei sjølvstendige klassiske plateselskapa Linn Records og Delphian Records held til i Skottland.

Klassisk og kunstmusikk i Skottland blir mellom anna framført på den årlege tre veker lange Edinburgh International Festival, East Neuk Festival i Fife, Sound i Nordaust-Skottland,[51] og St Magnus Festival som blir halden på Orknøyane.[52]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scottish Whistle History», www.orpheusweb.co.uk, henta 30. august 2023 
  2. «Whistle», National Museums Scotland (på engelsk), henta 30. august 2023 
  3. O'Toole, Leagues (2006). The Humours of Planxty. Ireland: Hodder Headline. ISBN 0-340-83796-9.
  4. Caldwell, D.H. (red.). Angels Nobles and Unicorns: Art and Patronage in Medieval Scotland. Edinburgh: NMS, 1982
  5. «'Europe's oldest stringed instrument' discovered on Scots island». Henta 9. januar 2021. 
  6. «Skye cave find western Europe's 'earliest string instrument'». BBC News. 28. mars 2012. 
  7. Henry George Farmer (1947): A History of Music in Scotland London, 1947 p. 202.
  8. Glenday, Craig (29. april 2008). Guinness World Records 2008. Bantam Books. ISBN 9780553589955. Henta 19. september 2021. 
  9. Hamish Moore of Dunkeld – maker of Scottish smallpipes and Highland bagpipes Arkivert 13 November 2007 ved Wayback Machine.
  10. 10,0 10,1 Eydmann, Stuart (1999). «As Common as Blackberries: The First Hundred Years of the Accordion in Scotland, 1830-1930». Folk Music Journal 7 (5): 595–608. ISSN 0531-9684. 
  11. «Snare Drum Facts», Highland Games (på engelsk), henta 30. august 2023 
  12. 12,0 12,1 «What is Scottish Pipe Band Drumming?», www.rhythm-monster.com (på engelsk), henta 30. august 2023 
  13. «Bagpipes and Bodhrans: Traditional Scottish Instruments», www.twinkl.co.uk, henta 30. august 2023 
  14. Shepherd, John (2003). Continuum Encyclopedia of Popular Music of the World: VolumeII: Performance and Production, Volume 11. A&C Black. s. 146. 
  15. 'Europe's oldest stringed instrument' discovered on Scots island, news.stv.tv (28. mars 2012); Skye cave find western Europe's 'earliest string instrument', bbc.co.uk (28. mars 2012)
  16. M. J. Green, The Celtic World (London: Routledge, 1996), ISBN 0-415-14627-5, s. 428. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  17. W. McLeod, Divided Gaels: Gaelic Cultural Identities in Scotland and Ireland, C.1200-c.1650 (Oxford: Oxford University Press, 2004), ISBN 0-19-924722-6, s. 102. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  18. 18,0 18,1 18,2 K. Elliott and F. Rimmer, A History of Scottish Music (London: British Broadcasting Corporation, 1973), ISBN 0-563-12192-0, pp. 8–12. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  19. 19,0 19,1 J. Wormald, Court, Kirk, and Community: Scotland, 1470–1625 (Edinburgh: Edinburgh University Press, 1991), ISBN 0-7486-0276-3, s. 58 og 118. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  20. J. Patrick, Renaissance and Reformation (London: Marshall Cavendish, 2007), ISBN 0-7614-7650-4, s. 1264. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  21. R. M. Wilson, Anglican Chant and Chanting in England, Scotland, and America, 1660 to 1820 (Oxford: Oxford University Press, 1996), ISBN 0-19-816424-6, s. 146–7 og 196–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  22. 22,0 22,1 A. Frazer, Mary Queen of Scots (London: Book Club Associates, 1969), s. 206–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  23. M. Gosman, A. A. MacDonald, A. J. Vanderjagt and A. Vanderjagt, Princes and Princely Culture, 1450–1650 (Brill, 2003), ISBN 90-04-13690-8, p. 163. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  24. T. Carter and J. Butt, The Cambridge History of Seventeenth-Century Music (Cambridge: Cambridge University Press, 2005), ISBN 0-521-79273-8, s. 280, 300, 433 og 541; P. Le Huray, Music and the Reformation in England, 1549–1660 (Cambridge: Cambridge University Press, 1978), ISBN 0-521-21958-2, s. 83–5. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  25. The bagpipe: the history of a musical instrument. Francis M. Collinson. Routledge, 1975 ISBN 0-7100-7913-3, ISBN 978-0-7100-7913-8. S. 132. Oppgjeve i en:Great Highland Bagpipe på Engelsk Wikipedia.
  26. Liz More, About Scottish Fiddle - Biography, allcelticmusic.com (November 2001)
  27. R. Cowgill and P. Holman, "Introduction: centres and peripheries", in R. Cowgill and P. Holman, eds, Music in the British Provinces, 1690-1914 (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-3160-5, p. 4.
  28. A. S. Garlington, Society, Culture and Opera in Florence, 1814-1830: Dilettantes in an "Earthly Paradise" (Aldershot: Ashgate, 2005), ISBN 0-7546-3451-5, pp. 19-20.
  29. Tittelblada i dei tre utgjevingane til Watson er datert 1706, 1709 og 1711.
  30. Thomson gav ut ei utvida utgåve i to band i 1733 med tittelen Orpheus caledonius: or, A collection of Scots songs.
  31. «Hey presto! How two bold Scots outsmarted the Italians», The National (på engelsk), 28. oktober 2019, henta 14. juni 2023 
  32. C. Harvie, No Gods and Precious Few Heroes: Twentieth-century Scotland (Edinburgh: Edinburgh University Press, 3rd edn., 1998), ISBN 0-7486-0999-7, p. 137.
  33. «Clarsach in modern Scotland» Arkivert 2013-08-31 ved Wayback Machine., clarsachsociety.co.uk
  34. «The accordion» Arkivert 2013-10-05 ved Wayback Machine., educationscotland.gov.uk
  35. J. N. Moore, Edward Elgar: a Creative Life (Oxford: Oxford University Press, 1999), ISBN 0-19-816366-5, p. 91.
  36. M. Gardiner, Modern Scottish Culture (Edinburgh: Edinburgh University Press, 2005), ISBN 0-7486-2027-3, p. 196.
  37. P. H. Scott, Scotland: a Concise Cultural History (Mainstream, 1993), ISBN 1-85158-581-8, p. 187.
  38. «1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh», www.gracenotescotland.org, henta 16. mai 2023 
  39. The Autobiography of Donovan: The Hurdy Gurdy Man; Harry Shapiro: Jack Bruce: Composing Himself. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  40. 40,0 40,1 «The top 10 Scottish bands of all time», faroutmagazine.co.uk (på engelsk), 30. november 2021, henta 7. november 2022 
  41. «Sings the Songs of Robert Burns», Compass Records, henta 16. mai 2023 
  42. Arielle Gerber. «Susan Boyle 2022: Singer Finally Emerges From Long Hiatus & 'Disappearance'» (på engelsk). Music Times. Henta 6. desember 2022. 
  43. Drysdale, Neil, «Emeli Sande's heavenly success story started 10 years ago with her version of events», Press and Journal (på engelsk), henta 6. desember 2022 
  44. «Lewis Capaldi overtakes Ed Sheeran to claim UK’s most-streamed song ever», whynow (på engelsk), henta 6. desember 2022 
  45. Strachan, Graeme (8. mars 2021), «Moonlight on the Dighty: Jimmy Deuchar was Dundee's jazz trumpet hero», The Courier (på engelsk), henta 6. juni 2023 
  46. «Obituary - Bobby Wellins, jazz saxophonist and composer», HeraldScotland (på engelsk), 1. november 2016, henta 6. juni 2023 
  47. Chinen, Nate (20. mai 2016). «Joe Temperley, Velvety Baritone Saxophonist in Big Bands, Dies at 86». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 
  48. «Tommy Smith», Royal Conservatoire of Scotland (på engelsk), henta 6. juni 2023 
  49. «Peter Maxwell Davies Martyrdom of St Magnus - Opera», www.boosey.com, henta 6. juni 2023 
  50. «The Lighthouse, English Touring Opera», theartsdesk.com (på engelsk), 12. oktober 2012, henta 6. juni 2023 
  51. East Neuk Festival; Sound – North-East Scotland's Festival of New Music
  52. Nettstaden til St Magnus Festival
  • Emmerson, George S. Rantin' Pipe and Tremblin' String – history of Scottish dance music. Second edition 1988. Galt House, London, Ontario, Canada. ISBN 0-9690653-3-7
  • Eydmann, Stuart "The concertina as an emblem of the folk music revival in the British Isles." 1995. British Journal of Ethnomusicology 4: 41–49.
  • Eydmann, Stuart "As Common as Blackberries: The First Hundred Years of the Accordion in Scotland." 1999. Folk Music Journal 7 No. 5 pp. 565–608.
  • Eydmann, Stuart "From the "Wee Melodeon" to the "Big Box": The Accordion in Scotland since 1945." The Accordion in all its Guises, 2001. Musical Performance Volume 3 Parts 2 – 4 pp. 107–125.
  • Eydmann, Stuart The Life and Times of the Concertina: the adoption and usage of a novel musical instrument with particular reference to Scotland. PhD Thesis, The Open University 1995 published online at www.concertina.com/eydmann [1]
  • Hardie, Alastair J. The Caledonian Companion – A Collection of Scottish Fiddle Music and Guide to its Performance. 1992. The Hardie Press, Edinburgh. ISBN 0-946868-08-5
  • Heywood, Pete and Colin Irwin. "From Strathspeys to Acid Croft". 2000. In Broughton, Simon and Ellingham, Mark with McConnachie, James and Duane, Orla (red.), World Music, Vol. 1: Africa, Europe and the Middle East, pp 261–272. Rough Guides Ltd, Penguin Books. ISBN 1-85828-636-0
  • Gilchrist, Jim. "Scotland". 2001. In Mathieson, Kenny (red.), Celtic music, pp. 54–87. Backbeat Books. ISBN 0-87930-623-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]