Hopp til innhald

Skotsk sekkepipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skotsk sekkepipe

Klassifiseringsekkepipe
Hornbostel-Sachs klassifisering422.112-7+422.22-62

Skotsk sekkepipe (engelsk great Highland bagpipe, skotsk-gælisk a' phìob mhòr, 'den store pipa') er ein type sekkepipe frå Skottland. Ho er blitt kjend verda over gjennom bruken sin i Det britiske militæret og i sekkepipekorps over heile verda. Sekkepipa har ein overveldande lyd, og blir gjerne spelt utandørs. Ein tilfører luft til sekkepipa ved å blåsa, til motsats frå låglandssekkepipe og border-sekkepipe, som ein bruker belg til.[1]

Dei eldste prova på sekkepipebruk i Skottland er frå kring 1400.[2] Dei eldste omtalane av instrumentet er i ein militær kontekst, og det er i denne konteksten at sekkepipa blei etablert i det britiske militærvesenet og har oppnådd utbreiing verda over. Til motsats har andre sekkepipetradisjonar over heile Europa, frå Portugal til Russland, nesten universelt gått tilbake sidan slutten av 1800-talet.

Sjølv om sekkepipa er kjend for rolla si i militære og sivile korps, blir ho òg brukt som soloinstrument med ein virtuos spelestil som blir kalla piobaireachd, còl mòr, eller berre pibroch.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespel
Eit utval piper til sekkepipe, munnstykke til venstre, bordunpiper til høgre.

Skotsk sekkepipe er klassifisert som eit treblåseinstrument, som fagott, obo og klarinett. Sjølv om det er klassifisert som eit instrument med doble røyrblad, er alle røyrblada inneslutta i «stokkar» av tre, i staden for at ein speler på dei direkte med munnen slik som med dei fleste andre treblåsarar. Skotsk sekkepipe har faktisk fleire røyrblad: To doble songrøyrblad i spelepipa (chanter), to enkle røyrblad til tenorbordun og eit enkelt røyrblad til ein bassbordun. Bordunstokkane blir haldne oppe med eit band.[3] I tillegg har instrumentet eit munnstykke til å blåsa i, og ein sekk til å oppbevara luft i. Ein kan dekorera dei ulike delane med frynsar.[4]

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Skotsk sekkepipe blei opphavleg laga av lokalt tilgjengeleg tre som kristtorn, gullregn og buksbom. Seinare, med aukande kolonisering og handel, fekk ein tilgang til meir eksotiske trevirke, og tropiske tre som coccus (frå Karibia), ibenholt (frå Vest-Afrika og Sør- og Søraust-Asia) og mpingo (frå Afrika sør for Sahara) blei standard på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1800-talet.[5] I moderne tid er syntetiske materiale, særleg Polypenco, blitt ganske populære, særleg i korps[6] der det er viktig med like tonar frå instrumenta.

Sekken er tradisjonelt blitt laga av storfe- eller saueskinn, men kan no vera syntetisk eller ei blanding av naturlege og syntetiske stoff. Sekken kan også vera inne i eit stoffdekke som typisk er av fløyel eller tartan.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespelar skoren ut rundt 1600.

Skotsk sekkepipe svarer til stor irsk krigssekkepipe, som blei brukt i slag. Det finst berre få konkrete bevis på sekkepiper i Skottland fram til omtrent 1400-talet. Ein klan eig framleis restar av eit sett med sekkepiper som skal ha vore med i Slaget ved Bannockburn i 1314, men sanninga i denne påstanden er omdiskutert.[7] Det finst mange gamle legender og historier om sekkepiper som blei formidla munnleg, utan kjende opphav. Tekstprov på skotske sekkepiper er meir tydeleg i 1396, då oppteikningar om Slaget ved North Inch i Perth nemner «krigspiper» som blei tekne med til slaget.[8] Desse referansane kan brukast som bevis for at det fanst ei særskild skotsk sekkepipe, men bevis for ei form som var særleg knytt til Det skotske høglandet dukkar opp i eit dikt skrive i 1598 og seinare i The Complaynt of Scotland. Dette viser til fleire typar piper, mellom anna høglandspipa: «On hieland pipes, Scotte and Hybernicke / Let heir be shraichs of deadlie clarions.»[9]

I 1746, etter at styrkar som var lojale til den hannoveranske regjeringa i Storbritannia hadde sigra over jakobittane i slaget ved Culloden, freista kong Georg II å assimilera dei skotske høglanda inn i riket ved å svekka gælisk kultur og det skotske klansystemet.[10] Den ofte gjentekne påstanden om at Act of Prohibition 1746 forbaud skotsk sekkepipe er ikkje underbygd av denne teksten, og heller ikkje av oppteikningar av eventuelle rettsforfølgingar under denne loven kring spel eller eigarskap av sekkepipe. Men tap av makta og støtta frå klanleiarar, i tillegg til skotsk utvandring, bidrog til nedgangen til instrumentet. Ein innsåg snart at høglandsskottane var utmerka soldatar, og det blei danna ei rekkje regiment blei frå høglandet på andre halvdel av 1700-talet. Det er ikkje dokumentert sekkepipespel frå byrjinga med desse regimenta, men det finst omtale av spel til slag på 1800-talet. Praksisen heldt fram til fyrste verdskrigen, då ein forlet han etter dei tidlege slaga på grunn av den høye dødsraten.

Sekkepipespelar og sjømann under andre verdskrigen.

Skikken blei gjenoppretta av 51st Highland Division ved angrepet deira på fiendelinjene ved byrjinga av det andre slaget ved El Alamein den 23. oktober 1943. Kvart angripande kompani var leia av ein sekkepipespelar, som spelte melodiar som ville gje andre einingar høve til å kjenna att kva høglandsregiment dei tilhøyrde. Sjølv om angrepet var vellykka, var tapa blant sekkepipespelarane store, og instrumentet blei ikkje brukt i kamp att under krigen.[11] Bill Millin, den personlege sekkepipespelaren til Simon Fraser, 15. lord Lovat, var med på landinga av 1st Special Service Brigade ved Sword Beach den 6. juni 1944 i Normandie. På oppfordring frå Lovat marsjerte han opp og ned på stranda og spelte medan han var under eld. Calgary Highlanders hadde selskapspiparar som spelt under det fyrste slaget sitt i Normandie i juli 1944, men avstod òg frå å bruke instrumentet igjen i resten av krigen.[12] Ein siste bruk av sekkepipe i kamp var i 1967 under Adenkrisa, då 1. bataljon av Argyll og Sutherland Highlanders blei leia inn i Craterdistriktet, som var under opprørarane sin kontroll, av sekkepipespelaren sin som spelte regimentmarsjar.[13]

Ei særskild form for soloarbeid er stillinga som Piper to the Sovereign, ei britisk stilling for monarken som går tilbake til dronning Victoria. Sekkepipespelaren spelar mellom anna utanfor vindauget til monarken kvar morgon når han er i residens ved Balmoral Castle.[14]

Utøving[endre | endre wikiteksten]

Sekkepipespelar ved RAF Lakenheath.

Det er vanleg å spela skotsk sekkepipe kledd i kilt eller liknande skotske nasjonalklede. Sekkepipa blir brukt både som solo- og ensembleinstrument. Den klassiske musikken til stor skotsk sekkepipe blir kalla pìobaireachd. Han består av ein fyrste sats som blir kalla urlar (grunnsatsen), som etablerer eit tema. Temaet blir deretter utvikla i ein serie satsar som blir stadig meir komplisert kvar gong. Etter urlar er det vanlegvis ei rekkje variasjonar og dobling av variasjonane. Så kjem taorluath-satsen med variasjonar, og crunluath-satsen, som fortset det underliggende temaet. Deretter følgjer vanlegvis ein variasjon av crunluath, vanlegvis crunluat a mach (andre variasjonar er crunluatha breabach og crunlutha fosgailte). Stykket blir avslutta med at ein vender tilbake til urlar.

Utbreiing i verda[endre | endre wikiteksten]

Bruk av skotsk sekkepipe i Jordan.

Skotsk sekkepipe blir brukt av både solistar og korps,både sivile og militære, i fleire land rundt om i verda. Instrumentet er særleg populært i område med store skotske og irske utvandrargrupper, hovudsakleg i England, Canada, USA, Australia, New Zealand og Sør-Afrika.

Sekkepipa er òg blitt teken i bruk i mange land som tidlegare var ein del av Det britiske imperiet, sjølv om dei ikkje har ein skotsk eller irsk folkesetnad. Desse landa inkluderer India, Pakistan, Nepal, Malaysia og Singapore.

Skotsk sekkepipe blei òg spreidd til delar av Afrika og Midtausten, der britiske militæret nytta henne til å gje eit godt inntrykk. Musikkforma spreidde seg til arabiske land som Jordan, Egypt og Oman, nokre av dei med eksisterende sekkepipetradisjonar frå før. I Oman blir instrumentet kalla habban og blir brukt i byar som Muscat, Salalah og Sohar.  I Uganda la president Idi Amin ned forbod mot eksport av mpingo for å oppmuntra til lokal bygging av sekkepiper på 1970-talet.

Thailand[endre | endre wikiteksten]

Skotsk sekkepipe blei teken i bruk i Thailand; rundt 1921 tinga kong Rama VI eitt sett til bruk ved marsjøvingane til Sua Pa Villtigerkorps. Dette var ei kongeleg vakteining som tidlegare hadde øvt til ein type obo kalla pi chawa.

Bretagne[endre | endre wikiteksten]

Bretonsk bagad spelt av den franske marinen i Lann-Bihoué.

Under fyrste verdskrigen kom nokre bretonske sekkepipespelarar som var i den franske hæren i kontakt med sekkepipespelarar i skotske regiment.[15] Dei tok med seg nokre skotsk sekkepiper som bretonske sekkepipemakarar byrja kopiera. Polig Monjarret leia innføringa av skotsk sekkepipe i Bretagne under den keltiske gjenopplivinga av bretonsk folkemusikk på 1920-talet, og oppretta bagad, eit sekkepipekorps med ein binioù braz- eller sekkepipedel, ein bombarde-del, ein trommedel, og i dei siste åra også delar med blåseinstrument som saksofonar, og messingblåseinstrument som trompet og trombone.

Velkjende bagadoù er Bagad Kemper, Kevrenn Alre, Bagad Brieg og Bagad Cap Caval. I Bretagne er skotsk sekkepipe kjend som binioù braz, i motsetnad til binioù kozh, den mindre, tradisjonelle bretonske sekkepipa.

Kjende korps[endre | endre wikiteksten]

Musikarar frå The City of Auckland Pipe Band speler «Amazing Grace» under festival interceltique de Lorient i 2016.

Nokre av dei best kjende sekkepipekorpsa i verda er Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band, Simon Fraser University Pipe Band (SFUPB), Inveraray & District Pipe Band, Field Marshal Montgomery Pipe Band, St. Laurence O'Toole Pipe Band og Boghall and Bathgate Caledonia Pipe Band. Alle desse har vunne verdsmeisterskapen i sekkepipespel, World Pipe Band Championships.[16]

I populærmusikk[endre | endre wikiteksten]

Josh Robieson frå Flatfoot 56 speler sekkepipe.

Skotsk sekkepipe har spelt ei mindre, men ikkje ubetydeleg rolle i rock- og popmusikk. Velkjende døme på songar som gjev sekkepipe ei større rolle er mellom anna:

Flatfoot 56 er eit amerikansk keltisk punk-band som nyttar sekkepipe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kennedy, Joyce; Kennedy, Michael; Rutherford-Johnson, Tim Rutherford-JohnsonTim (21. mai 2013). Kennedy, Joyce; Kennedy, Michael; Rutherford-Johnson, Tim, red. «bagpipe family» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957810-8. doi:10.1093/acref/9780199578108.001.0001/acref-9780199578108-e-665?rskey=6cnrs6&result=6. 
  2. Collinson, 135
  3. «Andrew Lenz's Bagpiper's Dictionary/Glossary of Terms and Abbreviations», bagpipejourney.com, henta 21. desember 2023 
  4. 4,0 4,1 «Andrew Lenz's Bagpiper's Dictionary/Glossary of Terms and Abbreviations», bagpipejourney.com, henta 21. desember 2023 
  5. Joshua Dickson (9 October 2009). The Highland bagpipe: music, history, tradition. Ashgate Publishing, Ltd. s. 50–. ISBN 978-0-7546-6669-1. Henta 27 April 2011. 
  6. William Donaldson (September 2005). Pipers: a guide to the players and music of the Highland bagpipe. Birlinn. s. 7. ISBN 978-1-84158-411-9. Henta 27. april 2011. 
  7. The Bagpipe: The History of a Musical Instrument. Francis M. Collinson. Routledge, 1975 ISBN 0-7100-7913-3, ISBN 978-0-7100-7913-8. P. 132
  8. Collinson, 135
  9. Collinson, 141.
  10. «History of the Great Highland Bagpipes». Celtic-Instruments.com. 2005. Henta 12 September 2010. 
  11. «Colonel David Murray, The 51st Highland Division at El Alamein». Arkivert frå originalen 29 March 2014. Henta 27 September 2012. 
  12. Bercuson, David Battalion of Heroes: The History of the Calgary Highlanders in World War II
  13. 1st Battalion The Argyll and Sutherland Highlanders – Aden 1967 – The Re-entry into Crater
  14. «Andrew Lenz's Bagpipe Tips: The Sovereign's Pipers», bagpipejourney.com, henta 21. desember 2023 
  15. as shown, for instance, by PM W.Lawrie's tune "The 8th Argyll's farewell to the 116th Régiment de Ligne", published in Vol.2 of the Scots Guards Standard Settings, the 116th being a line infantry regiment based in Vannes during the Great War. For more details read in Major H.W. Brewsher's "History of the 51st (Highland) Division", Blackwood, Edinburgh, 1921, p.31 details of the relief of the 116th Régiment d'Infanterie by the 8th Argyll Regiment on 30 July 1915, and subsequent composing of the tune by P.M. Lawrie
  16. «Championships». Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 13. mars 2010.