Skråkabelbru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skråstagbru)
Nr.1. Parallelle kablar, eitt tårn
Nr.2 Parallelle kablar, to tårn
Nr.3 Ikkje-parallelle kablar

Ei skråkabelbru er ei bru som er sett saman av ei eller fleire søyler (tårn eller pylons), med kabelforankringar som stør brudekket.

Brutypen har kablar som er spent over tårn og er forankra på begge sider. Kablane vert utsett for strekk og dei vert haldne fast i forankringane.

Det er to hovudtypar av slike skråkabelbruer, måten som kablane er festa til tårnet skil dei to typane.

Den eine hovudtypen er karakterisert av at kablane går parallelt frå tårnet og til festet under sjølve brudekket, sjå figur nr. 1 og 2 til høgre.

Den andre er karakterisert av at kablane er montert i ein viftefasong, med kabelfestene ganske tett i sjølve tårnet slik at kablane vert spreidd utover brudekket i stigande vinkel frå tårnet, sjå figur nr. 3 til høgre.

Ei skråkabelbru krev færre kablar enn ei hengjebru og får merkbart mindre masse enn ei typisk «fritt fram»-bru.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åmodt bru frå 1851 er den første tilnærminga til skråkabelbru i Noreg.
Foto: David Castor

Den første skråkabelbrua vart bygd i tømmer i 1784 og var teikna av den tyske konstruktøren C.T. Loescher.

Mange tidlege hengebruer var bygd som ein kombinasjon av hengebru og skråkabelbru som gangbrua Dryburgh Abbey frå 1817, og seinare Bruoklyn bru (1883).

Konstruktørane bak desse bruene fann fram til teknologiar som gjorde brua stivare.

John A. Roebling drog nytte av denne teknologien da han konstruerte hengjebrua i Niagarafossen. Denne konstruksjonsmetoden gjorde at jernbanelastar førte til mindre formendringar enn eldre metodar.

1900-talet dukka dei aller første skråkabelbruene opp, som A. Gisclards Cassagne sin bru 1899. Ein separat horisontal bandkabel balanserer den horisontale delen av kabelkreftene som igjen hindrar monaleg kompresjon av dekket.

Den første vørde moderne skråkabelbrua vart utforma på Strömsund av Franz Dischinger i 1955. På denne tida var det en tendens til å nytte færre kablar, som i Theodor-Heuss-Rhine sin elvebru bygd i 1958.

Bruer med færre kablar krev større monteringskostnader, så i dag bruker ein heller fleire kablar.

Ulikskapar mellom hengjebru og skråkabelbru[endre | endre wikiteksten]

Uddevallabrua i Sverige, Byggeteknisk konsulent Johs Holt AS. Foto: Brukar:Tubaist på svensk Wikipedia
«Kjærleiksbrua» i Taiwan

Ei fleirtårns skråkabelbru har visse likskapstrekk med hengjebruer, men er faktisk ganske ulik når det gjeld konstruksjonsprinsipp.

I hengjebruer er ein stor kabel tredd mellom to tårn og festa i begge ender med ankerfeste i grunnen eller til en massiv konstruksjon. Slike kabelordingar har berre ein primær lastberefunksjon for brudekket. Før dekket kjem på plass vert kablane spent opp etter eigenvekta. Deretter vert vertikale kablar montert direkte frå hovudkabelen og ned på dekket. Spenninga i hovudkabelen vert moneleg og det krev at hovudkabelen er godt festa til grunnen på begge sider. Denne konstruksjonsmetoden stiller strenge krav til grunnforholda.

I skråkabelbruer tar tårna den primære lastberefunksjonen. Ofte vert slike skråkabelbruer bygd ut ifrå tårnet etter «fritt fram prinsippet». Ein byggjer ein seksjon og spenner opp kabelen som er festet til han, flytter fram vogna og støyper neste seksjon osb.

Då kablane som ber vekta her er skrå, i motsetning til i hengjebruene kor sekundærkablane er vertikale, vil dette krevje at brudekket er sterkare for å ta horisontale trykklaster.

Nokre skråstagbruer[endre | endre wikiteksten]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Skråkabelbru på bokmålswikipedia