Skræling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skrælingar)
Beothuk-folk eller «skrælingar».

Skræling er den nemninga som norrøne oppdagarar kalla urfolk i Nord-Amerika på byrjinga av 1000-talet som dei møtte på Grønland og Vinland (Newfoundland).

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «skræling» er det einaste nyordet som er vidareført frå den norrøne folkesetnaden på Grønland, som døydde ut på 1400-talet. Opphavet til omgrepet er noko uklart, men moglegvis er det basert på det gammalnorske ordet «skrá» som tyder 'skinn', Det kan såleis vera ei skildring av at dei innfødde gjekk kledd i skinn i motsetnad til dei norrøne som bar klede av voven ull.

Ein anna forklaring kan vera at skræling kjem frå det gammalnorske ordet skrælna, som enno finst i norsk språk som dialektordet skral, og har tydinga tynn, skrøpelig. På norsk brukar ein nemninga skral når ein følar seg dårleg eller sjuk. Skrælna viser til å krympa, minska eller tørking (av eksempelvis planter).

Inuit-ordet Kalaalleq kan vera basert på den norrøne skrælingen sidan kombinasjonen «skr» er ukjend i inuitspråket, eller på det norrøne ordet for klede, klæði.

Møte mellom skrælingar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om opphavet til nemninga skræling er uklar er det tydeleg at den var nedsettande. Sagaene skildrar dei ein stad som «det var svarte og stygge karer, og stygt hår hadde de på hodet; de hadde store øyne og breie ansikter».[treng kjelde]

Før det vart fiendskap mellom dei norrøne og skrælingane var den handelen mellom dei slik:

Det disse folkene helst ville ha, var rødt skrudklede. De hadde skinnvarer som de ga i bytte, helt grått gråverk. De ville også kjøpe sverd og spyd, men Karlsevne og Snorre nektet sine folk å gi dem det. For et ugarvet skinn fikk skrælingene et stykke rødt klede én spann langt, og det bandt de om hodet. Slik gikk handelen en stund. Men så tok det til å bli smått med rødt klede hos Karlsevne, og så skar de det opp så smått at det ikke ble bredere striper enn én fingerbredd. Men skrælingene ga like mye som før, eller mer.[treng kjelde]

Den eldste skriftlege kjelda som fortel om skrælingar er Historia Norvegiæ, ei lita skrift om den eldste norske historia som P.A. Munch fann på eit bibliotek i Skottland. Ho er skriven på latin, og nemner skrælingar som det folkeslaget nordmennene møtte på Grønland. Av litt seinare dato er det islendingesoger som handlar om vinlandferdene, mellom dei både Grǿnlendinga saga og Soga om Eirik Raude. Sjølv om desse sogene inneheld dei første kjende skildringane av amerikanske urfolk, er det vanskeleg å få skildringane til å stemma overeins med dei seinare kjende urfolksgruppene, til dømes beothukfolka som ein veit budde på Newfoundland. Skildringane i sogene av dei første komplekse møta mellom norrøne og skrælingar verker truverdige.

Desse gamle norske og islandske kjeldene er svært viktige sidan dei fortel om den aller første kontakten mellom europearane og menneska på det amerikanske kontinentet, og som opphavleg var kome dit frå Asia ein gong under den siste istida. Dei kom over Stillehavet og/eller ved å kryssa over Beringsundet til Alaska frå området i Nordaust-Asia.

Det aller første møtet synest endå ikkje å ha vore fredfylt. Då dei norrøne kom over ei gruppe skrælingar lét dei desse rett og slett slåast i hjel. Ved seinare høve kom skrælingane i eit slik overveldande mengd at dei norrøne folka ikkje greidde å stå imot dei.

Det er ein minneverdig episode i Soga om Eirik Raude som fortel at om dei norrøne syntest at skrælingane var skremmande, var synet av dei norrøne ikkje mindre skremmande for skrælingane. Soga fortel at skrælingane svinga ei stong over hovudet med ein skinnpose som gav frå seg ein høg lyd, og dei norrøne mennene flykta i panikk. Då kom ei av kvinnene ut av huset, Frøydis Eiriksdotter, og skjelte ut mennene for at dei ikkje våga slåst som menn. Ho var svanger, og greidde ikkje å springa etter. Då skrælingane nærma seg, greip ho eit sverd som ligg på bakken, blotta brysta og skreik mot dei medan ho slo flatsida av sverdet mot brystet. Synet av henne og åtferda hennar var så skremmande at skrælingane rømde.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Det er ei øy i Canada som heiter Skraeling Island (breidd: 78° 52' 60 N, lengd: 75° 55' 0 V) og som ligg på austkysten av Ellesmere Island i det kanadiske territoriet Nunavut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ingstad, Helge: Landet under Leidarstjernen, Oslo, 1959
  • Gulløv, Hans Christian (red.): Grønlands Forhistorie, Gyldendal, Copehagen, 2005. ISBN 87-02-01724-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]