Lygesoge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skrøna)
Skrønemakaren baron von Münchhausen flyg på ei kanonkule.

Lygesoge, lygesaga eller skrøne er ei forteljing som er tydeleg oppspinn, og inneheld utrulege framstillingar av hendingar. Dei nytter ofte overdriving, og kan til dømes ha form som jakt- eller fiskeskrøner. Mange av dei har ein namngjeven, meir eller mindre mytisk person som hovudfigur.

Slike soger kan vera ei form for skjemteeventyr kjend som lygeeventyr. Slike eventyr inneheld gjerne berre ein episode, men kan også setjast saman til lengre forteljingar. Desse eventyra har Aarne-Thompson-nummer 1875–1999.[1]

Nokre kjende skrøner som har fått litterær form er forteljingane om baron von Münchhausen. Lygesoger er kjend frå USA-amerikansk folklore, og har inspirert forfattarar som Washington Irving (i History of New York, 1809) og Mark Twain (i Life on the Mississippi, 1883).[2]

Personar knytte til lygesoger[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lygeeventyr (AT 1875 – AT 1999), Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO, henta 17. januar 2019 
  2. «Tall tale | folk tale», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 17. januar 2019