Skrautvål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skrautvål er eit sokn og ein tidlegare skulekrins i nordre delen av Nord-Aurdal kommune i Valdres i Oppland fylke. Soknet har nesten 900 innbyggjarar (2013) og femnar om dei delar av kommunen som ligg nordom tettstadene Fagernes og Leira. Desse tettstadene høyrde tidlegare til Skrautvål sokn, men utgjer frå 1998 Tingnes sokn. Skrautvål kyrkje blei bygd på slutten av 1700-talet, og erstatta ei eldre stavkyrkje frå mellomalderen.

Jordbruk og skogbruk er viktige næringsvegar i soknet. Skrautvål har ein barneskule som var kommunal fram til 2010, då den blei ein friskule med montessoripedagogikk.

Skrautvål kyrkje