Skrei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skrei med kvalitetsmerke.

Skrei (norrønt skreið, avleidd av skrida) er ein type torsk som vandrar mellom norskekysten og dei sentrale områda i Barentshavet. Han er målet for det årlege skreifisket.

Skrei og kysttorsk høyrer til same art, Gadus morhua, men utgjer ulike setnader og har ulike eigenskapar og levesett. Skrei har lysare skinnfarge og spissare form enn kysttorsken. Skreien blir gjerne større, meir muskuløs og fisken har finare kjøt.[1]

Dei to torsketypane har noko ulikt arvemateriale der tre av 23 kromosom er svært ulike.[2] Sjølv om artane kan ha same gyteområde, parar dei seg svært sjeldan med kvarandre. Kysttorsk og skrei har òg ulike otolittar (øyresteinar) som både har ulik form mellom dei to typane og får ulike mønster gjennom dei ulike levevisa deira.[1]

På 1990-talet vart det endeleg slege fast at skrei og kysttorsk er genetisk ulike populasjonar, etter studium av DNA-markørar leidd av professor Svein Erik Fevolden ved Norges fiskerihøgskole. Vi kan dimed slå fast at torsk og skrei ikkje blandar seg, men utgjer heilt åtskilte setnader. Det hadde lenge vore rekna med ein slik skilnad, og fysiologiske skilnader og blodprøver hadde gjeve indikasjonar om dette. Heilt sikker kunne ein likevel ikkje vere før nye DNA-teknikkar kunne takast i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]