Skrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Appelsinskal med flavedo and albedo.

Skrell er eit ytterlag som blir skreld av noko, til dømes skaletpotet eller gulrot. Ordet er avleidd av det å skrelle.[1] Nokre matvarer kan skrellast for hand, medan andre bruker ein reiskapar som knivar eller spesialreiskapar som grønsak- eller potetskrellar.

Frukter med eit tjukt omdanna skal som på mange sitrusfrukter blir kalla hesperidium. Denne frukttypen har eit innerlag (albedo) og eit ytterlag (flavedo) som saman blir kalla skrell. Botanisk er flavedo eksokarpen og albedo mesokarpen til frukta.

Skrellet til nokre frukttypar, som granateple, har høgt innhald av tannin og andre polyfenoltypar, og kan brukast til å laga fargestoff.

Skrellet til sitrusfrukter er bittert på smak. Det blir som regel ikkje ete rått, men kan brukast i matlaging. Den ytste delen av skalet kan skrapast av og brukast i ei rekkje rettar, som kaker, sorbé og salatar.[2] Eit stort stykke sitrusskrell kan brukast til å garnera ein cocktail som ein twist. Den kvite delen av skrellet kan brukast til å laga sukat, marmelade eller fruktsuppe. Skrellet kan også bli kandisert eller tørka til ei smakstilsetjing, som chenpi.

Skrell kan også brukast som dyrefôr.[3] Det blir elles ofte kasta som organisk avfall.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «skrell» i Nynorskordboka.
  2. «Zest», BBC Good Food (på engelsk), henta 4. juli 2019 
  3. Limited, Growel Agrovet Private (19. april 2015), «Fruit and Vegetable Wastes as Livestock Feed», Growel Agrovet (på engelsk), henta 4. juli 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]