Skriftsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nokre av verdas skriftsystem.

Eit skriftsystem, eller ei skrift, er eit symbolsystem som blir brukt til å representere språklege uttrykk.

Generelle karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Skriftsystemet rongo-rongo frå Påskeøya er i dag uforståeleg for oss.

Skriftsystem skil seg frå andre moglege symbolske kommunikasjonssystem ved at lesaren må forstå noko av språket knytt til dette systemet for å vere i stand til å lese og forstå teksten. Skriftsystem skil seg dermed frå andre symbolske system, som t.d. informasjonsskilt, kart og matematikk, som vi kan forstå utan å ha kjennskap til eit visst språk.

Alle menneskesamfunn har språk, og språk er av mange betrakta som det kriteriet som skil mennesket frå andre dyr. Utviklinga av skriftsystem har derimot funne stad berre i visse menneskesamfunn. Når dei har vorte etablert, har skriftsystem endra seg saktare enn språka dei har vorte laga for å representere.

Alle skriftsystem treng:

  • eit sett av definerte basiselement eller symbol;
  • eit sett av reglar og konvensjonar som eit samfunn forstår og deler, og som tilordnar meining til desse basiselementa, til måten dei er sett saman på og relasjonane deira til kvarandre;
  • eit språk (som oftast eit talespråk), der ytringar på dette språket blir representert og kan bli ytra på nytt gjennom ei tolking av basiselementa og reglane deira;
  • ein måte å representere desse symbola på i eit meir eller mindre permanent medium.

Basisterminologi[endre | endre wikiteksten]

Skriftsystem blir studert innanfor ulike fagfelt, og terminologien kan derfor variere ein del. For mange latinske, tyske og engelske termar er det heller ikkje allment aksepterte norske omsetjingar. På same måten som termen ord er for upresis til å kunne bli brukt i lingvistikken, er termen bokstav for upresis i studiet av skriftsystem.

Det finst mange måtar å skriva grafemet Æ på.

Lingvistisk-baserte framstillingar gjev termen grafem ein sentral plass. Denne termen er danna analogisk med termem fonem, og refererer til det minste signifikante elementet som har sjølvstendig meining innanfor eit skriftsystem. På same måten som for fonem, kan individuelle grafem bli representert på mange ulike måtar, der kvar variasjon er visuelt distinkt på ein eller annan måte, men alle representerer det «same» grafemet. Desse individuelle variasjonane blir kalla allografar av same grafem (jf. termen allofon i fonologien). Eit kjent døme er liten g, som har svært ulik form i ulike typesnitt, t.d. i Helvetica (runding med krok frå nedste høgre hjørne og ned mot venstre) og Times (to rundingar oppå kvarandre, med høgrevend boge dei i mellom i høgre kant, og ein utstikkar i øvste høgre hjørne). Desse to er allografar av grafemet liten g. I tillegg kjem så ulike former for kursiv, som også kan bli sett på som allografar. Merk at innanfor ulike skriftsystem kan inndelinga av allografar i grafem variere. T.d. har typesnitt som Times, to svært ulike allografar for a etter om dei er kursivert eller ikkje, nemleg ɑ og det som ser ut som ein opp-ned ɐ. I IPA, derimot, er desse to ulike grafem.

Innfor informatikken er ikkje ideen attom termen grafem så relevant, i og med at allografane sin status relevant til eit grafem alltid må definerast relevant til ein viss bruk (t.d. for eit visst språk). Informatikaren relaterer den grafiske representasjonen ikkje til meining, men til ein numerisk verdi. Her er ein glyff ein abstrakt symbol det er mogleg å kjenne att, og eit glyffbilete eit bilete av ein glyff (på papir, eller på skjermen). Eit teikn er ein medlem av eit sett av element som brukast for å organisere, kontrollere eller representere data. Visuelt blir teiknet representert av ein glyff. Eit typesnitt er ei samling av glyffbilete med same visuelle grunnutforming.

Innanfor studiet av maya-hieroglyfar, blir termen glyff brukt som term ikkje for glyffar generelt (i tydinga ovanfor), men reservert berre for maya-glyffar.

Skriftsystemas historie[endre | endre wikiteksten]

Kileskrift.

Det første skriftsystemet vart oppfunne omtrent samtidig med starten av bronsealderen i sein neolittisk tid, på slutten av det fjerde millenniet før Kristus. Det første skriftsystemet var sumerisk skrift, som vart utvikla til kileskrift. Egyptiske hieroglyffar, og kanskje også urelamittisk skrift, som framleis ikkje er tolka, stammar frå omtrent same periode. Andre tidlege skriftsystem som sannsynlegvis er influert av desse innovasjonane er Indusdalskrifta og gammaleuropeisk skrift, i begge tilfelle er det omdiskutert om desse var skriftsystem, eller om dei var symbolske, men ikkje-språklege system.

Kinesisk skrift, eller han kan ha vorte danna uavhengig av skriftsystema frå Midtausten, omtrent 1200 f.Kr.. Dei førkolumbiske skriftsystema i Amerika (i alle fall olmec- og maya-hieroglyffar) har også uavhengig opphav.

Dei første reine alfabeta oppstod omtrent 2000 f.Kr. i Egypt, sjølv om dei egyptiske hieroglyffane allereie hadde hatt alfabetiske prinsipp i omtrent eit millennium. Tilsvarande ser vi i maya-hieroglyffane ein tendens til at eit opphavleg hieroglyfisk system får alfabeteigenskapar.

Typar av skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste skriftsystema var primært logografiske av natur, basert på piktografiske og ideografiske element. Dei fleste skriftsystema kan bli delt opp i tre hovudtypar: logografisk, syllabisk og alfabetisk (eller segmentell); men alle tre kan opptre i større eller mindre grad i eit kvart skriftsystem, noko som ofte gjer det vanskeleg å kategorisere it system på ein eintydig måte. Termen komplekst system blir no og då brukt for å skildre system som er vanskeleg å putte inn i den eine eller andre båsen.

Skriftsystemtype Kva kvart symbol representerer Eksempel
Logografisk rot Kinesisk hanzi
Syllabisk staving Japansk kana
Alfabetisk fonem Latinsk
Abugida konsonant+vokal, vokal Indisk devanagari
Abjad konsonant Arabisk
Trekksystem fonetisk trekk Koreansk hangul

Logografiske skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Det kompliserte kinesiske logogrammet zhé (taletrengd) hadde heile 64 ulike penselstrøk. Det gjekk ut av bruk rundt 400-talet.

Eit logogram er eit teikn som representerer eit komplett grammatisk ord. Dei fleste kinesiske teikna er klassifisert som logogram.

I og med at kvart teikn representerer eitt einskild ord, eller ofte ei rot, trengst det mange logogram for å skrive alle orda i eit språk. Mengda av logogram og det harde arbeidet det er å lære seg å hugse tydinga til kvart einskild logogram er den største veikskapen logografiske system har i høve til alfabetiske system. Logografiske system har også fordelar. For det første blir systema svært kompakt, mykje informasjon kan bli uttrykt på liten plass, når eitt teikn er nok til å formidle eitt ord. I teorien kan logografiske system også bli brukt over språkgrensene, slik at det same logografiske symbolet kan bli brukt til å representere fleire språk. I praksis gjeld dette som oftast for nært beslekta språk, som dei ulike dialektane av kinesisk, i og med at ulik syntaks gjer det vanskeleg å lese same streng av teikn på eit anna språk. Både koreansk og japansk bruker kinesiske logogram i skriftsystema sine, og mange av symbola har omtrent same tyding i dei ulike språka. Men dei er ulike nok til at det er vanskeleg for ein japansk eller koreansk lesar å lese ein kinesisk tekst.

Sjølv om mange språk ikkje bruker fullt logografiske skriftsystem er det mange som bruker nokre logogram. Eit godt døme er bruken av arabiske tal — alle som bruker desse symbola veit kva tyding 1 har, sjølv om det kan bli kalla ein, en, one, yksi, okta eller uno. Eit anna logogram brukt i latinske alfabet er ampersand &, som står for og. Før boktrykkarkunsten var kalveskinna dyre, og logogram ein del i bruk for å gjere teksten kortare.

Logogram blir også kalla ideogram, eit ord som refererer til symbol som representerer abstrakte idear grafisk. I den lingvistiske litteraturen om skriftsystem er det meir vanleg å bruke termen logogram, i og med at logogramma ofte kombinerer semantisk og fonologisk informasjon, symbola inneheld både informasjon om meining og informasjon om uttale.

Det viktigaste moderne logografiske skriftsystemet er det kinesiske, som blir brukt for å representere kinesisk, japansk og koreansk, og som tidlegare også har vorte brukt for å skrive vietnamesisk og andre austasiatiske språk. Egyptiske hieroglyffar og maya-hieroglyffar eg også system som har logografiske trekk, sjølv om dei også har fonologiske eigenskapar. Dei er dessutan ikkje lenger i bruk.

Sjå lista over skriftsystem for eit oversyn over logografiske skriftsystem.

Stavingsbaserte system[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til kanjilogogramma har japansk skrift to stavingsbaserte system, katakana og hiragana. Dette er stavinga mu frå det sistnemnde.

Der logografiske system bruker eitt einaste symbol for eit heilt ord, er eit stavingssystem eit sett av skriftsymbol som representerer stavingar. For språk med enkle stavingssystem, der stavingane er av typen KV (konsonant + vokal), representerer kvart symbol kombinasjonen av ein konsonant pluss ein vokal. I eit reint stavingssystem er det ingen systematisk grafisk likskap mellom fonologisk like teikn, slik at t.d. symbola for «ke», «ka», og «ko» ikkje grafisk sett er meir like enn symbola for «la», «tu» og «re». Jamfør med abugida-system, der kvart grafem representerer ei staving, men der symbol med same initiale konsonant og/eller final vokal har grafiske fellestrekk.

Stavingsbaserte system passar best til språk med relativ enkel stavingsstruktur, opne stavingar og få eller ingen konsonantgrupper initialt i stavinga, slik som vi finn i polynesiske språk (som bruker alfabet) og i japansk, som delvis bruker stavingsbaserte system. I germanske språk passar stavingsbaserte system ikkje så godt, der er det både lukka stavingar og kompleks opptakt, som i strakk, trakk, blakk, strank, straks, straff, ....

Andre språk med stavingsbaserte system er mykeneisk gresk (Lineær B) og amerikanske indianarspråk som cherokee. Mange språk i Midtausten brukte i oldtida ulike former av kuneiform, som er eit delvis stavingsbasert system med visse.

Sjå lista over skriftsystem for eit oversyn over stavingsbaserte system.

Alfabetiske skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Alfabet

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Det latinske alfabetet forklart i ei kinesisk skulebok.

Eit alfabet er eit lite sett av bokstavar — symbolar som ideelt sett representerer eit fonem i eit språk. Ordet alfabet er avleidd frå alfa og beta (α, β), dei første to bokstavane i det greske alfabetet.

I eit perfekt fonematisk alfabet er det eit ein-til-ein-tilhøve mellom fonem og bokstav, det er mogleg å spå stavinga av eit ord viss ein veit korleis det uttalast, og omvendt. Alle språk har reglar for samsvar mellom bokstav og lyd, desse reglane kan vere meir eller meindre konsekvent gjennomført.

Perfekte fonematiske alfabet er lett å lære og bruke, og språk som har tilnærma perfekte fonematiske alfabet, som t.d. finsk, har mykje lågare sperrer mot skriftlegheit enn språk som har skriftsystem der sambandet mellom fonem og skrift er indirekte og uregelrett, som t.d. i fransk og engelsk. I og med at språk endrar seg over tid, mens skriftspråka er meir konservative, blir alfabetiske skriftspråk dårlegare og dårlegare representasjonar av språket over tid. Dette mistilhøvet kan rettast på med hjelp av rettskrivingsreformar, men slike reformer blir ofte møtt med motstand av konservative krefter, som trur at lydrett representasjon av tidlegare språksteg representerer eit meir «korrekt» språk enn det lydrett representasjon av moderne språksteg gjer.

Når lingvistar lagar skriftsystem for språk som tidlegare ikkje har vore skriftfesta, prøver dei som regel å lage fonematiske system. Unntak er skriftspråk som skal femne over fleire dialektar, då kan ein framgangsmåte vere å velje konservative eller konstruerte former, som kan representere fleire ulike dialektformer.

Abjadar[endre | endre wikiteksten]

Ei lærebok i urdu viser korleis ein kombinerer bokstavane /p/ og /k/ med dei diaktriske teikna for /a/ og /i/ for å få ordet pakai (matlaging).

Hovudartikkel: Abjad

Den første typen av alfabet som vart utvikla var abjaden. Ein abjad er eit alfabetisk skriftsystem der det er eit symbol per konsonant. Abjadar skil seg frå alfabet i at dei har bokstavar berre for konsonantfonem. I abjadar er vokalar vanlegvis ikkje markert i det heile, sjølv om det i visse abjadar er mogleg å markere dei som diakritiske teikn, framforalt av pedagogiske grunnar.

Alle kjende abjadar (med eit mogleg unnatak av tifinagh) høyrer til den semittiske skriftfamilien, og er derivert av det originale nordlege lineære abjad. Grunnen til dette er at semittiske språk og berberspråk har ein morfologisk struntur som i dei flest tilfelle gjer markeringa av vokalar redundant.

Mange skriftsystem som har vorte avleidd frå abjadar har vorte utvida med vokalsymbol og dermed vorte alfabet, som t.d. avleiinga av det greske alfabetet frå den fønikiske abjaden.

Termen abjad kjem av den gamle rekkjefølgja av konsonantar i det det arabiske alfabetet, Alif (ا), Bá (ب), Jim (ج), Dál (د), men ordet kan også ha tradisjon frå fønikisk eller ugaritisk.

Abjad er framleis ordet for alfabet i arabisk og indonesisk.

Abugidaar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Abugida

Ein abugida er eit alfabetisk skriftsystem der dei grunnleggjande teikna representerer konsonantar med ein inherent vokal og der kvart symbol blir endra på same måte for kvar vokal anna enn den inherente vokalen som kan kome etter konsonanten.

To sirklar som viser skuleelevar korleis dei skal setja vokalteikn på tamil framfor, bakanfor eller over ulike konsonantteikn. Konsonantane som står åleine har den inherente vokalen /a/.

I ein abugida er det dermed ikkje noko symbol for «k», men eit for «ka» (viss «a» er den inherente vokalen), og «ke» er skrive med å modifisere «ka»-teiknet på same måte som teiknet for «la» ville blitt modifisert for å få «le». I mange abugidaar er modifiseringa eit tillegg av eit vokalteikn (som til dømes i devanagari), men andre metodar er også i bruk, som rotasjon av grunnteiknet.

Abugida kan samanliknast med stavingsalfabet, som har eit separat symbol for kvar staving, og der det ikkje er systematisk grafisk likskap mellom dei ulike symbola. Den grafiske likskapen kjem av at dei fleste abugidaane er utleidd av abjadar, der konsonantsymbolet er basis i systemet, og der nye vokalsymbol er symbol lagt til det grunnleggjande konsonantsystemet.

Det etiopiske skriftsystemet er ein abugida, sjølv om vokalmodifikasjonane ikkje er heilt systematisk. Det kanadiske stavingsalfabetet er, trass i namnet, ein abugida, grunnen til at det likevel blir kalla for stavingsalfabet er at det i andre samanhengar enn skriftsystemtypologi ikkje er vanleg å skilje mellom abugidaar og stavingsalfabet. Her er den systematiske modifiseringa rotasjon, kva vokal som kjem etter konsonanten er avhengig av retninga på skriftteiknet. Den største gruppa av abugidaar er dei brahmiske skriftsystema, som omfattar nesten alle skriftsystema som er i bruk i India og resten av Sør-Asia.

Namnet abugida er utleidd av dei fire første symbola i det etiopiske skriftsystemet. Termen vart laga av Peter T. Daniels.

Trekksystem[endre | endre wikiteksten]

I eit trekksystem korresponderer ulike delar av symbolet til eit fonologisk trekk. Dermed har fonetisk relaterte fonem symbol som er relatert, og ulike fonologiske trekk, som artikulasjonsstad eller stemtheit blir representert på same måte for ulike fonem. Det mest kjende trekksystemet er koreansk hangul.

Det finst også skriftsystem for å skrive teiknspråk. Nokre av dei er trekksystem, og representerer ulike handrørsler som separate trekk, mens andre system minnar meir om logografiske system.

Skriveretning[endre | endre wikiteksten]

Gresk vassrett fram-og-tilbakeskrift, boustrofedon.

Ulike skriftsystem har ulik skriveretning. Dei tidlegaste skriftsystema kunne bli skrive i alle retningar, horisontalt (venstre-til-høgre eller høgre-til-venstre) eller vertikalt (oppover eller nedover). Det kunne også bli skrive i vekslande retning, start horisontalt i ei retning og snu og skriv attende den andre retninga ved linjeslutt. Egyptiske hieroglyffar er ei slik skrift, og retninga skrifta skulle lesast var den motsette av den retninga som menneske- eller dyrelogogramma såg; ein skulle lese mot andleta deira.

Det greske alfabetet og dei alfabeta som vart avleidd av det konsoliderte seg om ei venstre-til-høgre-retning, ovanfrå og nedover på sida. Andre skriftsystem, som arabisk og hebraisk skrift, brukte høgre-til-venstre. Mange aust-asiatiske skriftsystem, som kinesisk og japansk er skrive ovanfrå og ned, frå høgre til venstre på sida. Det finst også skriftsystem som skriv nedanfrå og opp, slik som dei som tidlagare vart brukt på Filippinane og andre Stillehavsøyer.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

I datamaskiner og telekommunikasjonssystem er glyffar (grafem og tilsvarande symbol som trengst for tekstreprosessering representert av teikn, der kvart teikn er eit par som består av ein glyff og eit unikt tal, eit sett av slike par innanfor eit talområde frå 0 og oppover (typisk til ein potens av 2, t.d. 2**7 (128), 2**8 (256) eller 2**16 (65536)) dannar ein teiknsettabell. Tekniske aspekt ved datateknisk handsaming av ulike skriftsystem er tatt opp under handsaminga av Unicode.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]