Skrikjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skrikjo er ei elv i Ullensvang herad i Hardanger. Skrikjo renn ut frå Skriksetevatnet heilt vest på Hardangervidda, om lag 1000 meter over havet. Herifrå renn ho nokså raskt vestover til ho stupar utfor fjellsida i den imponerande Skrikjofossen som kan sjåast frå Lofthus. Fossen startar med eit fall på om lag 200 meter, avbrote av eit mellomplatå før han fell endå 250 meter og endar heilt oppe ved fjellsida på Lofthus. Det totale fossefallet er på 455 meter.

Frå sjølve botnen av fossen renn Skrikjo i raske stryk nedover i retning nordvest. Etter om lag ein kilometer renn ho inn i den større elva Opo heilt inst i Elvadalen på Lofthus. Opo renn deretter gjennom dalen og ned gjennom bygda før ho munnar ut i Sørfjorden nær Ullensvang kyrkje.

Skrikjo har fått namnet sitt etter fossen, som kan høyrast skrikande ut ved stor vassføring under snøsmeltinga om våren. Elva har elles ikkje særleg stor vassføring og frys heilt til om vinteren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]