Skrog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skrog eller skrov kan tyde fleire ting:

  • Innan anatomi er skrog ein kropp utan hovud og lemmar, særleg nytta om skjelettet av fugl og vilt etter at det meste av kjøtet er tatt bort.
  • skip og båtar er det skroget som gjer den nødvendige oppdrift slik at konstruksjonen flyt. Skrogforma er svært avgjerande for dei dynamiske eigenskapane, korleis konstruksjonen oppfører seg i uroleg sjø og korleis han rører seg i vantet ved ulik fart. Skip og båtar kan ha ein, to eller fleire skrog. Ein toskrogsbåt vert kalla katamaran, treskrogs trimaran. Skroget på eit skip omfattar kjøl, spant, kledning og fast innreiing, men ikkje rigg, maskineri og ror.

For å minimere motstand nyttar ein ofte ein tilnærma kule-, pære- eller dropeform i fronten både i fly- og skipsskrog. På fly er forma modifisert for å gje piloten naudsynt synsfelt.


Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.