Hopp til innhald

Skrova

Skrova
Foto:
Svein-Magne Tunli

Foto: Svein-Magne Tunli

Geografi
StadLofoten
Koordinatar68°9′52″N 14°41′27″E / 68.16444°N 14.69083°E / 68.16444; 14.69083
Høgaste punktStorskrova (281 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeNordland
Demografi
Folketal202 (2008)

Skrova er namnet på ei øygruppe og eit fiskevær i Vågan kommune i Lofoten, om lag 4 km sør for Svolvær. Fiskeværet ligg hovudsakleg på Heimskrova. Normalt vert ikkje namnet Heimskrova nytta, men berre Skrova. Skrova hadde 202 innbyggjarar i 2008.

Havstykket mellom Svolvær og Skrova vert kalla Hølla. På motsett side av Skrova ligg Vestfjorden.

Øygruppa består av Storskrova, Heimskrova og i tillegg ei rekkje mindre øyar og holmar. Dei fleste av desse er knytt til kvarandre med moloar og ei bru.

Skrova er kjend for tilknytinga si til lofotfiske og kvalfangst.

Skrovafjellet ligg på Storskrova. Fjelltoppen er 281 moh., og er eit turistmål på øyane. Skrova er elles ein av haldestadene til Nordlandsekspressen mellom Bodø og Svolvær.

Skrova sett frå Svolvær
Foto: Øystein H. Brekke

Skrova har i mange tiår vore eit senter for fiske og kvalfangst, og når lofotfisket stod på for fullt i eldre tider var det fleire tusen menneske på Skrova på vinteren. I dag er ikkje Skrova lenger så sentral når det gjeld skrei og torsk, og størsteparten av fiskeproduksjon i Skrova i dag er oppdrettslaks og aure. Når det gjeld kvalkjøtt derimot, så er Skrova framleis den staden der mesteparten av kjøtet vert levert. I juni og juli er det stor aktivitet hos dei to bedriftene som produserer kjøtet i dag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]