Skruegeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skruegeit
Hann
Hann
Hogeit med avkom.
Hogeit med avkom.
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Skruegeit
Utbreiinga av Skruegeit
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Capra
Art: Skruegeit C. falconeri
Vitskapleg namn
Capra falconeri

Skruegeit eller markor (Capra falconeri; pasjto مرغومی marǧūmi; persisk/urdu مارخور‎) er ein stor villgeitart som lever i nordaustlege Afghanistan, nordlege og sentrale Pakistan, Kashmir, sørlege Tadsjikistan og sørlege Usbekistan.[2] Skruegeit er nasjonaldyret til Pakistan.

Arten var rekna som nær truga av IUCN fram til 2015, då han blei omkategorisert til den mindre alvorlege nær truga etter at tala på ville dyr voks.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skruegeita har ei skulderhøgd på 65-115 cm, den største maksimumshøgda på ein art i slekta Capra. Hannar er noko større enn hoer. Lengda ligg på 132-186 cm og vekta på 32-110 kg.[3] Sibirsteinbukkar kan bli både lengre og tyngre.[4]

Dyra har lange spiralsnodde horn. Hannar har opptil 160 cm lange horn medan hoene har horn på opptil 25 cm.[3] Pelsfargen er lysebrun til svart. Berre bukken har lang man, «pelsbukser» og kraftige fargeteikningar.[5]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Skruegeit lever i skog ved foten av fjellparti.[5] Dyra held helst til i krattskog med artar som eik (Quercus ilex), furu (Pinus gerardiana) og einer (Juniperus macropoda).[1] Vaksne geiter og ungane deira lever i flokkar på rundt ni dyr. Bukkar lever som regel åleine.

Paringstida er om vinteren. Då slost hannar mot kvarandre ved å stanga og vikla horna sine smaan for deretter å prøva å kasta einannan i bakken. Fostertida er 135–170 days. Geitene får vanlegvis ein eller to ungar, men kan ein sjeldan gong få tre. Tidleg på året kan hannar og hoer leva i same området, på opne grassletter og lier i skogen. Om sommaren blir hannane verande i skogen medan hoene gjerne klatrar til høgare berg.[6]

Skruegeit er dagaktiv med mest aktivitet tidleg om morgonen og seint på ettermiddagen. Om våren og sommaren et dei mest gras, og om vinteren et dei meir lauv frå tre, tidvis ved å stå på bakbeina for å nå høge greiner. Varsellyden til geitene minner mykje om mekringa til tamgeit.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Valdez, R. (2008). Capra falconeri. In: IUCN 2008. IUCN Red List of Threatened Species. Downloaded on 5 April 2009.
  2. Grubb, P. (2005), «Order Artiodactyla», i Wilson, D.E.; Reeder, D.M., Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd utg.), Johns Hopkins University Press, s. 701, ISBN 978-0-8018-8221-0, OCLC 62265494, arkivert frå originalen 18. oktober 2012, henta 16. januar 2016 
  3. 3,0 3,1 3,2 ''Capra falconeri'' Markhor, An Ultimate Ungulate fact sheet. Ultimateungulate.com. Retrieved on 2011-07-10.
  4. Fedosenko, A.K. og Blank, D.A. (2001). «Capra sibirica» (PDF). Mammalian Species 675: 1–13. doi:10.1644/1545-1410(2001)675<0001:CS>2.0.CO;2. 
  5. 5,0 5,1 «Skruegeit», Store norske leksikon, 15. februar 2009 
  6. ''NATURAL HISTORY OF THE MAMMALIA OF INDIA AND CEYLON'' by Robert A. Sterndale, published by CALCUTTA: THACKER, SPINK, AND CO., BOMBAY: THACKER AND CO., LIMITED., LONDON: W. THACKER AND CO. 1884. Gutenberg.org (2006-10-16). Retrieved on 2011-07-10.