Skruven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skruven (1584 moh.) er eit fjell som ligg på Sunnmøre. Toppen av fjellet ligg på grenselinja mellom kommunane Ørsta og Stranda. Fjellet, som har tre toppar med primærfaktor over 50 m, ligg aust for Norangsdalen i Ørsta, og vest for Moldskreddalane i Stranda. Litje-Skruven er 1548 moh., medan ein namnlaus topp sør for denne er 1418 moh.

Fyrste kjende bestigninga vart føreteken av sunnylvingen Anders P. Haugen og briten W. J. Napier den 6. august 1887.