Skulemann Knut Markhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Olsson Markhus
Fødd7. november 1878
Skånevik
Død7. august 1963
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, redaktør

Knut Olsson Markhus (7. november 18787. august 1963) var ein skulemann og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han representerte partiet VenstreStortinget 1922-30 og 1937-45. I Venstre har han «serleg vore ein varmhuga og traust talsmann for nasjonale saker og edruskapsarbeidet». Han var ein mykje nytta talar på «stemnor og tilskipingar».[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Markhus, som var son til ein gardbrukar. Han gjekk Hardanger Folkehøgskule i Ullensvang og tre år på Notodden private seminar. Frå 1899 til 1902 var han lærar i Skåre herad, deretter i Haugesund. Jamsides lærargjerninga var han 1911-13 redaktør av Haugesunds Avis. Perioden 1914-24 var han styrar av Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy. Sidan var han skuledirektør, fyrst 1929-33 i Nidaros, så 1933-48 i Bjørgvin.

Markhus var stortingsrepresentant frå Hordaland og Venstre frå 1922 til 1930 og på ny frå 1937 til 1945. På Tinget var han mellom anna medlem 1923-30 i Tollkomitéen, sekretær i komiteen 1925-30 og i Veg- og jarnbanekomitéen 1934-45. Han var parlamentarisk leiar i Venstre valperioden 1928–30, og visepresident i Stortinget frå 1937 til 1945. Markhus var elles med i Haugesund bystyre frå 1907 til 1910, i Fjelberg heradsstyre frå 1916 til 1919 og i Strinda heradsstyre frå 1931 til 1933.

Åra 1917-25 var han leiar av Norges Høyskolelærerlag og frå 1936 formann i Skuledirektørrådet. Markhus var aktiv målmann og i fråhaldsrørsla. Han var såleis rådsmann i Noregs storlosje av IOGT frå 1911 til 1932, og formann i Noregs Mållag frå 1936 til 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok VIII:459