Skolens sangbok samlet av Mads Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skulesongbok)

Skolens sangbok samlet av Mads Berg er ei skulesongbok utgjeven av Mads BergAschehoug i 1914. Boka dominerte songundervisninga i norsk skule i store delar av det tjuande hundreåret. Ho kom i mange utgåver; nynorskutgåva kom ut under tittelen Skulesongbok, samla opplag for begge utgåvene skal ha vore rundt 1 million bøker. [1]

Med eit allsidig utval norske songar har boka vore ein formidlar av norsk songskatt, og ved å gje skuleborn felles kunnskap om norske songar har ho vore rekna som eit element i den norske nasjonsbygginga.

Nokre utgåver av Mads Bergs skulesongbok[endre | endre wikiteksten]

Fyrsteutgåva som kom i 1914 under tittelen Skolens sangbok / samlet av Mads Berg hadde 160 sider med songtekstar og notar for ein- og tostemmige melodiar.

Ei ny auka utgåve i 1929 hadde 199 sider. Same året kom det ut eit tillegg; Tillegg til Mads Berg: Skolens sangbok med metodiske anvisninger for sangundervisningen samt en del trestemmige sanger, på 32 sider. Dette tillegget vart seinare teken inn som ein del av boka.

I 1933 var boka kommen ut i 342 000 eksemplar, ho hadde då 231 sider med illustrasjonar.

Utgåvene frå 1940 hadde 256 sider musikk og ein tilleggsbolk på XXIX (29) sider. Dette året kom songboka i to målformer; bokmål og nynorsk:

  • Skolens sangbok : med metodisk rettleiing for undervisningen i sang / av Mads Berg
  • Skulesongbok : med metodisk rettleiing for opplæring i song / av Mads Berg

Med utgåva Skule-songbok : med metodisk rettleiing for opplæring i song / av Mads Berg i 1952 var boka kommen i 693 000 eksemplar.

I 1954 kom ein ny utgåve ved Arnfinn og Åse Klagegg; Skolens sangbok : med metodisk rettledning for undervisning i sang og musikk / Mads Berg.

Utgåva ved Klagegg kom òg på nynorsk som Skulesongbok : med metodisk rettleiing for opplæringa i song og musikk / Mads Berg. 26. utgåve frå 1966 hadde 350 sider, av dette 25 sider metodikk. Den tilsvarande bokmålsutgåva kom i 12. opplag så seint som 1995, merka «For folkeskolens 2.-9. skoleår».

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1946 gav Arild Sandvold ut boka Sangen har lysning med piano- eller orgelakkompagnement til dei mest kjende melodiane i skulesongboka til Mads Berg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Familiekompaniet, arkivert frå originalen 18. mai 2012, henta 16. mai 2008 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]