Skuringstripe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skuringsstriper i larvikitt i MoutmarkaTjøme.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Ei skuringstripe er eit riss eller ei fure danna ved isskuring i fast fjell. Sandkorn og stein som blir transportert i bresålen (av ein bre eller innlandsis) lagar slike striper når isen rører seg over underlaget. Ut frå retninga og forma av stripene kan ein finne ut korleis isen har rørt seg, og korleis tilhøva under isen har vore.

På tvers av dei vanlege skuringsstripene kan ein av og til finne varianten sigdbrot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]