Skutelsvein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skutilsvein)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skutelsvein (norrønt skutilsveinn) var ein tittel i norrøn tid. Det kunne visa til ein tenestegut som varta opp ved måltida, eller til ein hirdmann med høg rang.[1]

Det norrøne ordet skutilsveinn var sett saman av skutill, 'fat' (frå latin scutella, 'lite fat', gjennom gammalengelsk scutel) og sveinn, 'gut' eller 'svein'.[2]

Ifølge Hirdskråa til Magnus Lagabøte hadde skutelsveinar rang like etter lendmenn.

I 1277 gav Magnus Lagabøte ordre om at skutilsveinar skulle ha tittelen riddar og tiltalast som «herre» etter mønster frå Europa.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «skutelsvein» i Nynorskordboka.
  2. «skutelsvein» i Det Norske Akademis ordbok
  3. Salvesen, Helge (20. februar 2018). «skutilsvein». Store norske leksikon (på norsk bokmål).