Skvallerkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skvallerkål
Skvallerkål
Skvallerkål
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Slekt: Skvallerkålslekta Aegopodium
Art: Skvallerkål A. podagraria
Vitskapleg namn
Aegopodium podagraria

Skvallerkål (Aegopodium podagraria) er ei fleirårig plante i skjermplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 60 cm høg, men kan nå 100 cm.[1] Ho er bladrik og veks oftast i tett bestand. Skvallerkål har krypande jordstengel som blir brukt til formeiring. Nedre blad er delte to-tre gonger, øvre blad er enkelt trekopla. Blomane er kvite, av og til raudlege, og sit på skjermar. Skvallerkål blomstrar frå juni til september.[1]

Botanisk illustrasjon av skvallerkål.

Skvallerkål føretrekk næringsrik jord og halvskugge.[1] Planta stammar frå Mellom-Europa, og er blitt spreidd av menneske til andre delar av Europa, Asia, Nord-Amerika og Oseania. Ho veks gjennom heile Noreg, men er sjeldan i nord.[2]

Skvallerkål kan etast og har tradisjonelt blitt brukt til urtemedisin. Han blei dyrka i klosterhagar i mellomalderen. Planta kan verka urindrivande og betennelseshemmande. Det vitskaplege namnet podagraria viser til den historiske bruken som middel mot podagra. I dag er skvallerkål helst rekna som eit ugras som lett kan ta over eit område og er vanskeleg å bli kvitt.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Andre namn på planta er bygras, embetsmannskål, grisekål, gåselabb, hanefot, skaldergras, svenskekål, tyskarkål og tysskål. Eit islandsk namn er geitakál. På dansk blir ho kalla skvallerkål og på svensk kirskål, kers, qualler eller skvallerkål. Det vanlegaste engelske namnet er ground elder, andre namn er bishop's elder, bishop's goutweed, bishopsweed, bishopswort, goutweed, ground ash, herb gerard, Jack-jump-about, pigweed, English masterwort eller wild masterwort. Tyske namn er Giersch, Geissfuss, Podagrakraut og Zipperleinskraut. På fransk heiter planta egopode podagraire eller herb-aux-goutteux.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «SKVALLERKÅL», Urtekildens planteleksikon
  2. Art Aegopodium podagraria, artsdatabanken.no
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

  • Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skvallerkål