Sky Blu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 74°51′S 071°34′W
Sky Blu
stasjon
none  Sky Blu Melon hut og tilhøyrande anlegg. Desse ligg kring 1,5 km frå landingstripa som ligg øvst til venstre.
Sky Blu Melon hut og tilhøyrande anlegg. Desse ligg kring 1,5 km frå landingstripa som ligg øvst til venstre.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 74°51′S 071°34′W
Administrert under Antarktistraktaten
Sky Blu is located in Antarktis
Sky Blu (Antarktis)

Sky Blu er ein stasjon for British Antarctic Survey (BAS) sør i Palmer Land i Antarktis. Han ligg i eit område med stålis (særs hard og tett is utan luftbobler). Den harde isen gjer at det er mogeleg for fly med hjul (i motsetnad til ski eller meiar) å lande i området.

Anlegget vert nytta til å lagre drivstofftønner og anna feltutstyr for vidare transport med Twin Otter-fly. Leiren er har eit mannskap på minst to, men vanlegvis tre folk, inkludert ein mekanikar. Besetninga et og søv i Melon-hytta, men det er og ein garasje og andre telt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart først funnen av BAS i 1993-94 og vart raskt eit viktig ledd i operasjoane lenger sør for BAS. Dette kjem hovudsakleg av at rullebanen av stålis gjer at fly med landingshjul kan lande her. BAS kan derfor fly Dash-7-flyet sitt frå Rothera-stasjonen direkte til Sky Blu. Dash-flyet kan føre mykje meir last enn Twin Otter-flyta som BAS tidlegare nytta.

Sky Blu vart fullt operativ i feltsesongen 1997-98, og har sidan vore mykje i bruk av BAS. Den gamle feltleiren ved Sky-Hi Nunataks vart kort tid etter nedlagt og vêrstasjon der vart til slutt fjerna i november 2004.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Stålisbanen vert preparert av besetninga i leiren ved hjelp av snøplogar og blesarar (som kunne fraktast med Dash 7-flyet. Når vinden er gunstig og tilhøva gode er rullebanen 1,2 km lang og 50 meter brei. Operasjonane vert ofte hindre av lettare vind som fører til at ein få knedjupe snøfonner på rullebanen slik at kontraste forsvinn. Rullebanen er merka med flagg og fargerike søppelposar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]