Skyss-stasjon
(Omdirigert frå Skysstasjon)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Dombås skysstasjon i Oppland mellom 1860 og 1880.
Foto: Henry Rosling/Riksantikvaren
Skyss-stasjon (eller mest vanleg skysstasjon) var ein sentralt plassert gard eller annan bygning der reisande i gamle dagar kunne få hest og kjerre for ferda vidare, i tillegg til kost og losji. Mot godtgjersle hadde skysstasjonane visse plikter som t.d. å halde nok reiseklare hestar for ferdafolk.
Skyssvesenet i Noreg går langt attende i tid, og vart oppheva ved lov av 25. mai 1951.
Nye skysstasjonar[endre | endre wikiteksten]
I nyare tid har ein tatt å nytte ordet skysstasjon for knutepunkt for kollektivtransport. Ein slik ny skysstasjon er Lillehammer Skysstasjon som har omstiging både for buss og tog.[1] Fagernes Skysstasjon er knutepunkt for bussruter i Valdres.[2]
I tillegg til sjølve transporttiilbodet er det òg vanleg at skysstasjonar har enkle serveringsatader og kioskar.