Skytevåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå eï oppvising om den amerikanske borgarkrigen, bruk av eit 1858 Enfield skytevåpen.

Skytevåpen var ei oppfinning som revolusjonerte både krigføring og jakt. Før skytevåpna inntok historia var kast-, stikk- og slagvåpen det mest vanlege. Til krigføring fanst også ymse katapultinnretningar laga for å kaste enten stein eller brannfaklar.

No kan ein sjølvsagt seie at pil og boge var skytevåpen, men her meiner ein skytevåpen i tydinga eldvåpen. Altså våpen med krutladning. Det fanst elles også armbrøstar, som ser ut som ein kombinasjon mellom pil og boge og eit gevær. Men dei bruka ikkje krut, og er såleis ikkje skytevåpen i denne meininga.

Dei gamle våpna var i stor grad korthaldsvåpen og såleis mest eigna til nærkamp. Unnataket var langbogen, som kunne vere dødeleg på noko hald. Med inntoget til skytevåpna fekk ein våpen som etter kvart verka på større avstand, noko som sjølvsagt hadde alt å seie for t. d. krigføringa.

Lange skytevåpen som måtte haldast med to hender, vart kalla gevær, muskett, arkebuse o.fl. medan kortare skytevåpen som kunne handterast med ei hand, vart kalla pistolar. Seinare kom også revolveren. Ein kan i nyare tid grovt sett dele inn geværa i hagler og rifler, og handvåpna i i revolverar, enkelskotspistolar og halv- og heilautomatiske pistolar. Ein maskinpistol er eit kort gevær som skyt pistolammunisjon.