Slådalsvegen
| Slådalsvegen Foto: Camilla Greve | |||
| Strekning | |||
|---|---|---|---|
| Lesja–Vågåmo i Vågå | |||
| Informasjon | |||
| Lengd | 32 km | ||
| Status | kommunal veg Kv505 (Lesja) Kv515 (Vågå) Kv502 (Vågå) | ||
| Kvalitet | grusveg | ||
| Restriksjonar | |||
| Vinterstenging | sommaropen | ||
Slådalsvegen er ein ca. 32 km lang sommaropen veg med grusdekke som fylgjer det gamle setertråkket gjennom Slådalen mellom Lesja i Lesja kommune og Vågåmo i Vågå kommune. Høgaste punkt er 1180 moh.

Det er mogleg å bruke Slådalsvegen for å ta seg inn i dei austre delane av Reinheimen nasjonalpark, der ein mellom anna finn ein artsrik og kalkkrevjande fjellflora. Det finst også ei rekkje minne etter villreinfangst i området.
Sommaren 2013 vart Slådalsvegen brukt som omkøyringsveg for bilar opp til 3,5 tonn fordi Europaveg 6 var stengd av eit ras i Rosten mellom Dovre og Otta. I den tida vart det ikkje kravd inn bompengar.[1]
Strekning
[endre | endre wikiteksten]Frå Lesja tek vegen av frå Fylkesveg 2660 (parallelt med Europaveg 136 langs vestsida av dalen) mot Bøsætre og går sørover over fjellet til han møter Fylkesveg 2632 ved Vågåmo i Vågå kommune.
- Fv2660 Vestsidevegen fra Kårbøsætri mot
Lesja kyrkje og mot
Dombås i Dovre kommune
Viflaten bomstasjon og bom for vinterstengning[2]
bom for vinterstengning- Botnevegen frå Friksætre til Fv2632 Gjelet
- Fv2632 Skogsbygdsvegen fra Svare til Fv2630 Vågåmo, Skårvangsvegen til Skårvangen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Slådalsvegen er åpnet for trafikk i formiddag», Gudbrandsdølen Dagningen (på norsk), 7. juni 2013, henta 14. mai 2025
- ↑ Vorkinn, Martin, «Slådalsvegen - Betaling - Lesja kommune», www.lesja.kommune.no, henta 14. mai 2025
- Denne artikkelen bygger på «Slådalsvegen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Noorwegen online Verslag/Routes/Slådalsvegen
- Reinheimen hos Direktoratet for naturforvaltning
- Slådalsvegen hos VisitNorway