Hopp til innhald

Slåmaskin for hest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om hesteslåmaskinar. For traktorslåmaskin, sjå Slåmaskin.
Hesteslåmaskin dregen av ei fjordamerr.
Gamal hesteslåmaskin.

Slåmaskin for hest er ei slåmaskin som vert dregen av ein eller to (tospann) hestar. Dei vart utvikla i Nord-Amerika og det var ikkje før mot slutten av 1800-talet at dei kom i Noreg. I byrjinga var det berre storgardar som såg seg råd til å investera i ei slåmaskin, men utover 1990-talet vart dei tekne i bruk på alt fleire gardar. Men 1. verdskrig og dei dårlege tidene fyrst på 1920- og 1930-talet bremsa utbreiinga. Då dei fyrste traktorane vart tekne i bruk vart skjekene ofte erstatta med ein stutt ås som vart festa til traktoren. Men smått om senn tok slåmaskinar laga for traktorar over, og hesteslåmaskinane vart sette bort.

Slåmaskiner for gras har mykje til felles med sjølvavleggarane. Etter som sjølvavleggarar er meir kompliserte enn reine slåmaskiner kan det tykkjast naturleg at sjølvavleggarane var ei vidareutvikling av slåmaskinene, men utviklingsrekkefylgja var den motsette. Dei fyrste knivbjelkane var utvikla for å skjera av kornaks og høvde ikkje for gras. Det var Obed Hussey som midt på 1850-talet utvikla ein knivsbjelke som kunne nyttast både for korn og gras[1][2]. Han nytta trekanta knivar som låg an mot plane flater i fingrane som skilde og heldt fast aksa/grasstråa. Dei trekanta knivane var kvesste på begge sider og kutta i begge retningar når knivstonga gjekk att og fram. Hussey utvikla rett nok knivbjelken for å slå korn, men det synte seg at maskina hans òg kunne nyttast for å slå gras[3]. Dei fyrste maskinane som kunne slå gras var difor ikkje reine slåmaskinar, men sjølvavleggarar med knivbjelkar som òg kunne nyttast for gras. Etter kvart vart knivbjelkane gradvis forbetra og maskiner spesialiserte for gras vart marknadsførte. S. Hull, til dømes, fekk i 1862 patent på ei forbetring av knivbjelken til Hussey[4]. Avstanden mellom knivane var 70-80 mm, oftast 78 mm[5].

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]
McCormick hesteskåmaskin. Transmisjonen er synleg i utsnittet.

På begge endar av knivbjelken var det ein liten meie som held avstanden til marka konstant. Meiane var bøydge litt oppover i framkant, for at dei ikkje skulle køyra seg fast i jorda. På ytste enden av knivbjelken var det stråskiljar og ei avleggjarfjøl som la det slegne graset litt inn frå kanten av det som stod att. Knivbjelken var hengsla til ramma på maskina og kunne lyftast med ei spak frå setet når ein kom til enden av ekra og skulle snu, eller for å unngå å køyra knivane fast i tuver eller jordfast stein. For at det ikkje skulle vera for tungt å løfta knivbjelken var han delvis løfta av ei fjør.

Hjula på maskina dreiv akslingen som gjekk gjennom dei, kalla «hovudakslingen». Denne dreiv så ein «mellomaksling» via ei tannhjulsutveksling, for å auka turtalet. Mellomaksling dreiv i sin tur «kumtappakslingen», som var plassert normalt (90 °) i høve til mellomakslingen, via eit vinkeldrev som ytterlegare auka turtal. I fremre enden på kumtappakslingen sat det eit lite svinghjul, med ein krumtapp (ein eksentrisk plassert bolt), som dreiv ei veivstong, som var festa til knivstonga med eit ledd, slik at knivstonga fekk ei oscillerande att-og-fram-rørsle. Dette leddet var naudsynt for at knivbjelken skulle få høve til å følgja ujamnheiter i marka, og for at ho skulle kunna lyftast opp under transport. Dei to gira var heilt innekapsla og gjekk i oljebad. Når ein svinga krapt fekk hjulet i innersvingen svært lite turtal; det kunne til og med stoppa heilt opp. For å sikra drift av knivstonga i sving dreiv dei to hjula på maskina hovudakslingen via frihjulskoplingar av skralletypen. Det var difor hjulet i yttersving - som hadde størst turtal - som driv knivstonga når ein svinga. Skrallekoplinga førte til ein karakteristisk kneppelyd når ein svinga krapt, eller når maskina vart køyrd attover.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. O. Hussey, Reaping and mowing machine, US Patent nr 5,227, 7. aug. 1847.
  2. O. Hussey, Improvements in reaping-machine, USRE449, tillegg til US Patent nr 5,277, 14. april 1857.
  3. G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  4. S. Hull, Harvester cutter, US Patent nr 37,+73, 2. des. 1862.
  5. N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.