Slåttar av Eivind Groven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spelemannen og komponisten Eivind Groven dikta ei rekkje slåttar medan han levde. Mange av slåttemotiva hans gjekk inn den meir klassisk orienterte musikken han skapte, men nokre av dei vart ståande som sjølvstendige slåttenummer, som er nytta av spelemenn på hardingfele i dag. Slåttane er for det meste trykte opp i Hardingfeleverket, band VII, som dei siste nummera i kvar si gruppe.

Gangar 6/8[endre | endre wikiteksten]

  • I åkeren, nr 175 (G 1860). Groven dikta denne då han var åtte år gamal, sommaren 1910. Han hadde ikkje lært å spela enno på denne tida, men tulla slåtten medan han sat ute i epleåkeren nedanfor farsgarden Groven. Slåtten har noko svip av ein vestlandsrull.
  • Tyrielden, nr 176 (G 1859). Groven dikta slåtten i 1924 medan han var i Heddal. Det var bror hans, Sverre Groven, som sette namn på slåtten, av di han totte slåtten flaga opp og loga ned som ein tyrield. Slåtten er noko krevjande i fingersetninga. Eivind Mo har spela inn ei noko knappare form han lærte av Olav Groven, bror av Eivind. Olav tok til seg slåtten og forma han ut på sitt eige vis.
  • Sumarmorgon, nr 177 (G 1861). Slåtten går på eit særskilt felestille (A-C-A-D), noko som får fram eit mollpreg. Groven dikta slåtten i 1953, medan han var på sommarferie på Tjøme. Groven fortalde: "...(eg har) laga eit felestille som krev at ein spelar i d-moll, men det blir svært mange fine avskugningar på grunn av felestillet, avskugningar og kombinasjonar som ikkje er kjende før i hardingfeleslåttane." (intervju 1969). Slåtten fekk namnet stt av dottera til Eivind, Dagne Groven Myhren, som vakna av felelåta og totte det lyste sterkt att frå feleklangen i villenga utanfor hytta.

Sumarmorgon er vorten svært populær og er mykje nytta som konsertnummer, mellom anna av Alf Tveit og Leif Rygg. Sigmund Groven har og sitert slåtten i sin Telemarkssuite.

gangar 2/4[endre | endre wikiteksten]

  • Hallingjorån, nr 72, band II (G 1057). Groven dikta slåtten over eit eldre stev. Felestillet er Ljosblått (G-D-A-D). Slåtten er kanskje den mest nytta av dei Eivind Groven har laga, og har spreidd seg til mange spelemenn frå Telemark og heilt til Valdres. Slåtten vann mykje i popularitet etter at Øystein Romtveit nytta han i Talentiaden tidleg på 1990-talet. Romtveit har seinare brøytt om på slåtten etter eige hovud. Mange yngre nyttar forma slik dei har lært ho frå han. Groven spela sjølv inn slåtten i 1949.
  • Regnbogen, nr 211. Nedstilt bass. Slåtten er særmerkt av di han nyttar posisjonsspel for å oppnå modulering ut av hovudtonearten. Difor er han noko krevjande å spela. Samstundes er slåtten rik på klangar, og er rekna som eit godt konsertnummer. Groven fortalde:

"Då eg laga Regnbogen, gjennomførte eg ein svært springande modulasjon...ei prøve på å kombinere så mange fargar som mogeleg i ein og same slått." Slåtten er skriven ned både for ei og to hardingfeler. Regnbogen for to hardingfeler er og spela som strykekvartett.

springar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvelding, nr 632 (G 1858). Groven laga slåtten i 1924, samstundes som Tyrielden. Han skreiv ikkje slåttane ned før i 1961, då han og spela dei inn for NRK. Eivind Mo spela si eiga form av slåtten etter Olav Groven.
  • Regndagen, nr 633 (G 1864). Nedstilt bass. Slåtten vart til på 1920-talet, og er inspirert av springaren Gullbringen, etter eit møte med Halvor Einung på Groven. Regnbogen nyttar noko av det same materialet som Regndagen, og dei to slåttane høyrer saman. Groven spela inn slåtten for NRK i 1949.
  • Svartufsen, nr 634 (G 1865). Groven dikta slåtten i ungdomsåra. Slåtten er inspirert av ei forteljing broren Sverre kom heim med etter å ha klatra i Svartufsnuten. Dette totte Eivind var så fælt at det vart ein særprega slått av det. Felestillet er ljosblått (G-D-A-D), og slåtten er kjenneteikna av djup blåtonerulling i bassen. Svartufsen er mykje nytta av yngre spelemenn i dag. (Slåtten vart sist nytta humoristisk i ein sketsj i satireprogrammet Hallo i uken).
  • Våryra, nr 635 (G 1863). Groven nyttar felestillet A-D-A-D (nedstilt kvint). Slåtten vart til på 1920-talet.
  • Brunnslåtten, nr 636 (G 1862). Slåtten vart til på Tjøme, og har namn etter brunnen Groven nett hadde fått grave til hytta si. Felestillet er [[A-C-A-E). Mollstemt. Slåtten har vore spela ein del i seinare år. Groven spela inn slåtten i 1961.