Slåttar frå Nordhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardingfelespelet i Nordhordland utgjer ei eiga grein av hordaspelet. Tradisjonen i dette området er sterk, og distriktet har fostra mange gjeve spelemenn, mellom dei Arne Bjørndal.

Mange av dei særeigne slåttane frå denne landsluten er å finne i band IV av hardingfeleverket. Området har tre spelemenn som primærkjelder, alle dokumentert av Arne Bjørndal: Gudmund Eide frå Bruvik, Lars Rognved frå Haus og Martinus Monstad frå Alversund. Nils Brakvatn er og ein særmerkt spelemann frå dette distriktet. Det er ein del sams slåttar mellom Nordhordland og Voss, og fleire slåttar etter Lars Rognved kan førast attende til Nils Rekve frå Voss.

Myllarguten har påverka spelet i Nordhordland ein del. Han var mykje på gjennomferd her når han skulle til og frå Bergen i 1850-åra. Slåttane i lista nedanfor er alle frå band IV av hardingfeleverket.

Slåttar etter kjelde[endre | endre wikiteksten]

Nils Brakvatn[endre | endre wikiteksten]

Nils Brakvatn var frå Hamre i Nordhordland. Arne Bjørndal var hjå han og samla slåttar i 1927. Mange av slåttane hans er elles knytt til dei store slåttekrinsane. Nils Brakvatn skreiv for det meste ned slåttane sine sjølv, og Arne Bjørndal reinskreiv dei etterpå.

Gangar:

Springar:

Gudmund Eide[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Eide var frå Bruvik i Nordhordland. Bjørndal skreiv ned slåttar etter Eide i 1915 og 1916.

Gangar:

Springar:

Ola M. Havre[endre | endre wikiteksten]

Ola M. Havre var frå Haus i Nordhordland. Bjørndal skreiv med slåttar etter han kring 1928.

Martinus Monstad[endre | endre wikiteksten]

Martinus Monstad var frå Alversund. Bjørndal skreiv opp slåttar etter han i 1918.

Lars Rognved[endre | endre wikiteksten]

Lars Rognved var frå Haus i Nordhordland. Han er ein av dei fremste kjeldene til spel frå denne landsluten.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Gangar:

Springar:

Slåttegrupper tilknytte Nordhordland[endre | endre wikiteksten]

Langenesen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 439. Ein variant er frå Alversund, to frå Telemark. Etter forma å døme er det frå Hordaland slåtten er komen.

Ho Kjersti sjølv[endre | endre wikiteksten]

.