Slåttar frå Numedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slåttetradisjonen i Numedal kan seiast å vera ein av dei mest grøderike i landet. Mange av dei store vandreslåttane har oppkoma si her, og nedre Numedal er rekna som ei slåttegruve for spelemenn frå utbygdene, som Tinn kommune. Likefullt har Numedal ei gruppe særeigne slåttar som berre har vore å finne i dalen (med unnatak av nokre nærskylde former i mellom anna Hovin. Til denne lista høyrer slåttar som er dikta i Numedal, av numedalsspelemenn, og som ikkje høyrer til vandreslåttgruppene.

Slåttar etter kjelde[endre | endre wikiteksten]

Etter Steingrim Haukjem[endre | endre wikiteksten]

Etter Herbrand Hagen[endre | endre wikiteksten]

Herbrand Hagen var frå Nore øvst i Numedal. Han hadde og vore i kontakt med Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal.

Slåttar frå Jondalen[endre | endre wikiteksten]

Jondalstradisjonen ligg innpå både Numedal og Telemark, og ei rekkje særeigne slåttar er tekne vare på her. Tradisjonen går mykje gjennom spelemannen Anders Buen og sønene hans, Hauk Buen og Knut Buen.

Andre[endre | endre wikiteksten]

Slåttekrinsar knytt til Numedal[endre | endre wikiteksten]

Gamle-Signe[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 423. Ein springar som og har vore nytta mykje som visetone. Melodien har vore nytta mellom anna av Henrik Wergeland og Margrethe Munthe. Aasmund Olavsson Vinje har og ei vise knytt til denne tonen. Eivind Spellemann kalla slåtten skreddaren, fortalde Halvor Høyseth. Han kan vera like gamal både i Numedal og Telemark, der han er kalla Vesle-Signe.

Stev:

Gamle Signe spente leirstein i kåvå`n sin
ropa granneguten sku kommå inn.
Her ske de få sukker og brennevin
og så få ligge på ærmen te sola kjem.

eller:

Inkje så vi`je meir de Dåset å fri,
døm har så my` der på jenta mi å si.
Somme si` ho e` døvin, somme si` ho e` lat
somme si` ho e` så snak etter mat.

Veggligjenta[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 424. Slåtten skal vera laga av Pål Løytnantsdreng. Opningstaka minner noko om Napperen. Slåtten har vore spela i Telemark med.

.