Slåttar frå Sigdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slåttespelet i Sigdal har utvikla seg dels til ei eiga grein av hardingfelespelet i Buskerud. Nokre slåttar er sams med slåttane i Krødsherad eller Numedal, men det finst og ein bunt slåttar som ikkje er nytta andre stader, mest springarar. Tradisjonsspelet her vart skrive ned etter spelemenn som Helge Reistad og Erik Evju. Reistad er nok den største kjelda for slåttespel i dalen.

Slåttar etter kjelde[endre | endre wikiteksten]

Nummereringa viser til nummera i band IV og V av Hardingfeleverket. Om ikkje noko anna er oppgjeve, er slåttane samla av Truls Ørpen.

Helge Reistad[endre | endre wikiteksten]

Truls Ørpen var og samla slåttar hjå Helge Reistad tidleg på 1930-talet.

  • 218: Sigdalsspringar [1][daud lenkje]. Nedskriven 1934 (Ø 168). Slåtten er etter gamle spelemenn i Sigdal.
  • 219: Sigdalsspringar [2][daud lenkje]. Nedskriven 1934 (Ø 169). Etter gamle spelemenn i Sigdal.

Karl Bjørnsen[endre | endre wikiteksten]

  • 222: Hiåsen [5][daud lenkje]. Nedskriven 1939 (Ø 247). Bjørnsen hadde slåtten etter Ola Hiås frå Sigdal. Første taket er i slekt med eit tak i springaren Nordlendingen frå Telemark.
  • 226: Ravnåsen II [7][daud lenkje]. Etter Narve Ravnås i Sigdal. Nedskriven 1937 (Ø 301).

Johan Saga[endre | endre wikiteksten]

Eivind Groven skreiv ned slåttar etter Johan Saga i 1921.

  • 336: Sigdalsspringar [9][daud lenkje] (G 645). Saga var så gamal då at han ikkje kunne spela, men han tralla slåtten, og Groven skreiv han ut for hardingfele.

Ole Evju[endre | endre wikiteksten]

Ole Evju var frå Eggedal.

  • 225: Fletta [10][daud lenkje]. Nedskriven 1947 (Ø 282). Evju hadde slåtten frå far sin, som og heitte Ole Evju. Det er uvisst kva slåttenamnet viser til.
  • 334: Haraldhusen [11][daud lenkje]. Nedskriven 1928 (Ø 178). Slåttenamnet er etter Kittil Langebakke, som og kalla seg Haraldhus. Far hans heitte Harald, og plassen han kom frå Haraldhus. Nedstilt bass. Slåtten har mykje likskap med springaren Tannlausen.

Ole Viksbråten[endre | endre wikiteksten]

Erik Evju[endre | endre wikiteksten]

  • 227: Den halte merra [13][daud lenkje]. Nedskriven 1937 (Ø 319). Slåtten skal vera laga av Knut Fosslia. Han spela i eit brurefølgje, men sat på ei halt merr, og han laga slåtten medan han rei. Haltinga kjem fram i stevet til slåtten gjennom synkope, trykk på andre slaget i takta. Dette svipar då inn på ein masurka.