Slåttar frå Sunnhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardingfelespelet i Sunnhordland er ikkje like godt dokumentert som slåttespelet elles i Hordaland. Viktigaste kjelda for slåttar finn ein i Fana og Fusa. I Hålandsdalen har det og vore godt med felespel. Det har vore skrive opp slåttar etter Kristoffer Ekeberg frå Fusa og Even Heimdal frå Fana, Johannes Skogseide, Johannes Eide og Gudmund Eide frå Hålandsdal, og Elias Mjåtveit frå Meland. Ytst i Sunnhordland var og vanleg fele nytta, slik at ein kan rekne landsluten som overgangsområde. Even Heimdal spela både vanleg fele og hardingfele.

Gangar[endre | endre wikiteksten]

Springar[endre | endre wikiteksten]

Etter Kristofer Eikeberg[endre | endre wikiteksten]

Kristofer Eikeberg var frå Fusa. Arne Bjørndal skreiv opp slåttar hjå han i 1916.

  • 75: Tysnesklokkaren [3][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 326). Eikeberg lærte slåtten på 1880-talet av Nils Glahaugen frå Strandvik. Dei dansa eingong ved kyrkja, og klokkaren lydde på. Så tok klokkaren fela frå spelemannen og spela denne slåtten. Dette skulle ha hendt ved kyrkja på Tysnes, og sidan fekk slåtten dette namnet. Når det var fleire brurepar på ein dag, dansa det eine ute medan det andre vart vigd. Då dansa dei anten på kyrkjebakken eller i kyrkjestova.

Etter Johannes Eide[endre | endre wikiteksten]

Johannes Eide var frå Hålandsdal i Fusa. Bjørndal var hjå han etter slåttar i 1910.

Etter Even Heimdal[endre | endre wikiteksten]

Even Heimdal var frå Fana. Bjørndal skreiv ned slåttar hjå han i 1930-åra.

Slåttekrinsar knytt til Sunnhordland[endre | endre wikiteksten]

Jomfru Lisken[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 383. Slåtten heiter etter dotter til presten i Ullensvang, som lika å tralle på denne slåtten. Ein variant er komen til Telemark og nedskriven der. Det er rimeleg at slåtten har vore kjend i Hardanger med, men er berre skriven ned i Sunnhordland.