Slåttar frå Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slåttetilfanget i Telemark er rekna for det best dokumenterte innanfor hardingfeletradisjonen. Dette skuldast fleire historiske tilhøve, mellom anna at Telemark tidleg vart rekna som feltområde for folkeminnesamlarar, men og av di mange av dei gjævaste spelemennene på landsbasis kom herfrå. Når det gjeld utvikling av slåttespel, har Telemark vore særskild grøderikt.

Hardingfeleverket har den største slåtteprosenten sin frå Telemark. Her er lista opp dei slåttane som ikkje høyrer til dei store slåttekrinsane. Slåttetilfanget etter Torkjell Haugerud og Johannes Dale står for seg, utom i slåttegruppene nedst.

Gangar[endre | endre wikiteksten]

6/8[endre | endre wikiteksten]

2/4[endre | endre wikiteksten]

Springar etter kjelde[endre | endre wikiteksten]

Mikkel Huvestad[endre | endre wikiteksten]

Mikkel Huvestad var frå Mo i Telemark.

Hans Smeland[endre | endre wikiteksten]

Hans Smeland var frå Seljord. Arne Bjørndal var hjå han i 1911.

  • 240: Springar [29][daud lenkje]. (B 795). Smeland hadde slåtten etter far sin, Halvor Striken frå Holla ved Ulefoss. Halvor hadde slåtten frå far sin att, Tor Striken. Tradisjon etter Hans Fiskestigen.
  • 241: Smågutan på Alamoen [30][daud lenkje].(B 817). Smeland hadde slåtten etter Leiv Sandsdalen, Seljord. Alamoen ligg nær Kongsberg, Ein spelemann frå Numedal gjekk etter vegen der, og møtte to smågutar som tulla på ein slått. Spelemannen spurde om han kunne få slåtten av gutane, og det fekk han. Men då han reiste, sa han han var redd han ville gløyme slåtten. Då svara den eine av gutane at han ikkje trong vera redd for det. Han fekk ein streng av guten, og når han sette den på fela, kom slåtten av seg sjølv. Det var tussegutar, dette. Ola Sveinson laga eit dikt til slåtten.

Bjørn Lofthus[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Lofthus var frå Vinje.

Bjørn Høgetveit[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Høgetveit var frå Vinje.

Lars Hovden[endre | endre wikiteksten]

Lars Hovden var frå Høydalsmo. Eivind Groven var hjå han i 1934.

Olav R. Berge[endre | endre wikiteksten]

Olav R. Berge var frå Rauland, son av Rikard Aslaksson Berge.

Øystein Hovdestad[endre | endre wikiteksten]

Øystein Hovdestad var frå Vinje.

Olav Flåto[endre | endre wikiteksten]

Olav Flåto var frå Hovin.

Gregar Nordbø den eldre[endre | endre wikiteksten]

Gregar Nordbø var frå Bø i Telemark. Han skreiv ned mange av slåttane sine sjølv.

Nordbøkatalogen[endre | endre wikiteksten]

Tjøstov Lofthus[endre | endre wikiteksten]

Tjøstov Lofthus var frå Lårdal.

Hans Omland[endre | endre wikiteksten]

Hans Omland var frå Kviteseid.

Magne Manheim[endre | endre wikiteksten]

Magne Manheim var frå Seljord.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Slåttekrinsar knytt til Telemark[endre | endre wikiteksten]

Springar etter gamle Hans Fykerud[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 363. Nedstilt bass. Slåtten er og kalla "springar etter Svein K. Løndal".

Fjellbekken[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 367. Slåtten er forma ut av Eilev Smedal, som og kalla han springar etter Fykerud. Lars Fykerud skulle då ha laga slåtten.

Veneflamma[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 368. Slåttenamnet skal koma frå ei jente i Flesberg som hadde tett lyst hår og var uvanleg flink til å danse. Båe formene som er tekne med her kjem frå Telemark.

Tinndølspringar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 369. Slåtten er frå Tinn, men er og kalla springar etter gamle Hans Fykerud. Nedstild bass. Knut Dale hadde lært slåtten av Hans Fykerud.

  • a: Tinndølspringar, etter Halvor Klonteig, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne (G 1232). Groven lærte slåtten i 1921.
  • b: springar etter gamle Hans Fykerud, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK. Slåtten er etter Knut Dale.

Gibøspringar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 370. Dei to variantane her er på ulike felestille, og forma etter Eivind Mo er rekna til Systerslåttane.

Signe Ulladalen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 373. Tradisjon etter Håvard Gibøen.

Saltevju[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 374. Slåttenamnet skriv seg frå ein gard i Nesherad. Slåtten er og skriven ned i Krødsherad.

Sagafossen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 375. Slåttenamnet er etter Halvor Sagafossen frå Heddal.

Rjukanfossen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 376. Slåtten er dikta av Knut Dale attmed Rjukanfossen. Det er fortald at han bygde ut ein eldre slått medan han sat og mol korn (etter Truls Ørpen). Etter Bjørndal skal Dale ha lært slåtten av MyllargutenÅmyri ved Rauland i 1860.

Madsson[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 377. Slåttenamnet er etter spelemannen Torstein Madsson frå Tinn.

Prestegåra[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 378. Slåtten er og kalla Luse-Søren. Truleg bøheringstradisjon. Prestegåra er eit oppnamn på ei jente som tente på prestegarden og som gjerne tralla eller dansa til denne slåtten (Kjetil Løndal). Luse-Søren er eit namn som vart sett på slåtten under ein båttur mellom Notodden og Skien. Svein K. Løndal spela slåtten, og ein lusete kar baud opp ei gravid jente til dans. "Eg kan vel ikkje danse eg som er slik!" sa ho. "Eg har dansa med prestens tjuge brurar, då kan eg vel danse med deg med!" svara Søren. Eit tredje namn på slåtten er Busterugga.

Anund Roheim, hardingfele, gjorde ein innspeling av «Luse-Søren» i Oslo i august 1949. Han blei utgjeven på 78-plata HMV A.L. 3027.

Olav Grovens Minne[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 379. Slåtten er laga av Olav Groven. Dette er truleg den einaste slåtten han har laga, sjølv om han prega mange slåttar. Båe former er skrivne opp av Eivind Groven. Forma etter Rikard Gøytil er noko knappare enn hin.

Napperspringar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 380. Slåtten er etter spelemannen Olav Napper frå Fyresdal. Mykje tyder på at denne har vore spreidd over heile Telemark i si tid.

Myllarens siste slått[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 381. Slåtten skal vera laga av Torgeir Torgeirson, son av Myllarguten. Slåtten tek opp i seg tak frå mellom anna Kvenneslåtten, Bøheringen og andre slåttar.

Løytnantdrengen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 382. Namnet er knytt til Pål Løytnantsdreng frå Numedal. Han og brørne hans vart kalla Løytnantsdrengin etter faren, Knut Øyanhaugen som hadde tent hjå ein løytnant i Tønsberg. Båe nedskrifter er gjort av Eivind Groven.

Håvardsstubben[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 384. Etter Håvard GibøenMøsstrond. Båe nedskriftene er gjort av Eivind Groven. Stevet går: Eg veit so vel san, kven eg vi` ha, san.

Bægjuven[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 385. Slåtten har namn etter Olav Bægjuv frå Seljord. Båe nedskrifter gjort av Eivind Groven. Nedstilt bass. Han er og kalla Fossheimen, etter ein spelemann frå Flatdal i Seljord. Opphavleg seljordsslått.

Fiskestig-springar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 386. Slåttenamnet er etter spelemannen Anders Fiskestigen frå Holla, eller bror hans, Hans. Fykerudtradisjon.

Fjellbekken[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 387. Slåtten er etter Håvard Gibøen, og kjelda her er Halvor Klonteig. Eivind Groven skreiv ned slåtten etter han i to vender, i 1922 (var. b, G 633) og oppatt i 1961 etter opptak i NRK (var b, G 1239). Dei to formene skil seg noko i utføring, og seier noko om korleis Klonteig vende slåtten i løpet av livet.

Springar etter Kjetil Haugen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 412. Slåtten er funnen vest i Telemark. Båe former er skrivne ned av Eivind Groven.

Lars Skotet[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 413 og 354.

mr 413:

  • a: etter Torkjell Haugerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1356). Lars Skotet var ein spelemann frå Kviteseid.
  • b: Huttetu, etter Kjetil Løndal. Groven 1476. Slåtten var opphavleg oppkalla etter eit folkeleg uttrykk for det kvinnelege kjønnsorganet, men fekk namnet Huttetu ein gong slåtten skulle annonserast på ein kappleik. Annonsøren las namnet og utbraut: "Huttetu!" Så vart slåtten heitande det.

Anton[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 414. Namnet er etter stevet Anton sat på hønekleiv og kvad, best som det va, so kanta`n ta... Anton var ein gamal kar som budde i ei lita stove på Hønekleiv i Tuddal.

Napperen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 416. Slåttenamnet er etter spelemannen Olav Napper frå Fyresdal. Det skal vera Lars Fykerud som dikta denne slåtten. Opninga er lik på Veggligjenta frå Numedal. Talleiv Røysland hadde eit stev til denne slåtten.

Myllargutens draum[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 417. Slåtten skal vera dikta av Myllarguten, men ber svip av vestlandsspel. Myllaren skal ha laga denne slåtten ein gong han var på garden Apold i Ullensvang. Etter Olav Kolltveit skal han ha drøymt slåtten på Eitrheim i Odda. Slåtten er lett å lære, og har ikkje meir enn to vek (ein tvibeitslått). Han hadde nådd til Hallingdal alt kring 1850. Talleiv Røysland hadde ei vise knytt til slåtten, Såvi Åkeren.

Helge Treisk[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 422. Lurås- eller gibøtradisjon. Helge Treisk var ei jente frå plassen Treisk i Tinn. Ingen veit kva som er grunnen til at ho vart mint gjennom slåtten. Denne slåtten skal opphavleg vera etter Pål Løytnantsdreng, men har fest seg aust i Telemark, og vart sidan teken oppatt i Numedal.

Traskjen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 425. Ein slått som er knytt Olav Napper frå Fyresdal. Han vart kalla Traskjen av di han var stuttvaksen og gjekk noko uvanleg. Slåtten er og kalla Kvamspringaren, Snørteslåtten etter Mannen i Likkista. Siste namnet minner om at slåtten har vore nytta under likvake. Takta i slåtten er noko særeigen. Somme spelemenn, mellom dei Einar Løndal, spela han slik at det stundom var vandt å gisse om ein her hadde å gjera med ein gangar eller ein springar. Talleiv Røysland hadde eit stev til slåtten.

Høytjuven[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 426. Slåtten er knytt til Tinn. Slåtten skriv seg venteleg frå Knut Sønnstaul.

Lars Målar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 427. Lars Målar var ein spelemann og rosemålar frå Lårdal, som og var kalla Lars Lofthus. Formene som er skrivne ned her kjem frå Torkjell Haugerud, som godt kan ha lært slåtten i Lårdal. Talleiv Røysland hadde stev til denne slåtten.

Høybøfjøshjellen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 429. Slåtten er mest truleg bøheringstradisjon, men ein variant er skriven opp i Aust-Agder (Åmli). Høybø er ein gard i Heddal. I gamle dagar låg jentene ofte på fjøshjellen, og slåttenamnet heng truleg saman med eit stev som på eit vis nemner fjøshjellen på Høybø. Etter Kristiane Lund skal denne slåtten vera laga av Lars Fykerud, Sauherad. Slåtten vart og skriven ned etter Gunnulf Borgen.

Håkanes-Førli[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 430. Slåtten er knytt til Tinn, og er berre skriven ned der.

Smågutspringaren[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 431. Slåtten er knytt til Tinn, men har og vore nytta av Myllarguten. Slåtten er og kalla Kjosespringaren, noko som peikar mot spelemannen Jon Kjos frå Seljord. Nokre tak i slåtten minner om springaren Belarguten.

Gullbringen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket mr 433. Alle variantar av slåtten er skrivne ned i Tinn. Eivind Groven let seg inspirere av forma etter Halvor Klonteig til å dikte springaren Regndagen. Nedstilt bass.

  • a: Gullbringen, Etter Halvor Einung og Halvor Klonteig. Groven 1961 etter minne (G 1228).
  • b: Knut Dales siste slått, etter Johannes Dale. Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1315).
  • c: Springar etter Tov Bøle, etter Johannes Dale. Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1229).

Ikkje sutra e og ikkje gret e[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 437. To variantar frå Telemark og ein frå Hallingdal. Slåtten heiter gjerne Guro Lomodden i Seljord. Stevet går: Ikkje sutra e og ikkje gret e, og ikkje vil eg vera her til vete. (Hallingdal).

Den gode låtten[endre | endre wikiteksten]

Bøheringstradisjon. Namnet "Den gode låtten" er sett på forma frå Tinn. Hardingfeleverket nr 440.

Syrgjefuen/Fjøllrosa[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 441. Slåtten har fleire namn, Rosa, Føllrosa, Huldregjenta eller lerka. Ein syrgjefu er ein type meis som let klagande. Lars Hovden meinte slåtten var dikta av Lars Fykerud. Fykeerud har truleg nytta ein visestubb og ein eldre slått frå Numedal.

Fykerudspringar/springar frå Bø[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 446. Denne slåtten finst mest i tradisjon frå Bø i Telemark, men vart og spela av Olav Groven. Slåtten er opphavleg etter Lars Fykerud.

Luråsspringar[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har nr 447 i hardingfeleverket. Han er opphavleg ein Tinnslått etter Knut Lurås, nytta av Håvard Gibøen.

Bøspringar[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har nr 453 i hardingfeleverket. Slåtten er skriven opp etter Torkjell Haugerud og Olav Groven. Ein variant er frå Voss, etter Lars Skjervheim.

Gauken[endre | endre wikiteksten]

Denne slåtten har fått namnet sitt etter opningstaka som minner om lyden av ein gauk. Slåtten har vore nytta i Seljord. Olav Sataslåtten førte slåtten inn i hallingtradisjon, etter Olav Groven. Slåtten har nr 455 i hardingfeleverket.

Signe[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har nr 456 i hardingfeleverket. Slåttenamnet er etter ei jente som Tormod Knutsson Borgejordet dikta ei vise om: Signe, stakkars deg som soso eismal gjeng (Valborg og Signe, ca 1820). Tonen finst hjå Rikard Berge og Ludvig Mathias Lindeman. Slåtten har vore nytta over heile Telemark. Slåtten er truleg den same som Gamle Signe, kjend i Numedal. Telemarksforma er bygd ut av Lars Fykerud. Halvor Høyset fortalde at Signe Mogen budde på Møsstrond, og at Håvard Gibøen kalla opp slåtten etter henne.

Fossekallen[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein springar etter Halvor Sagafossen, og namnet er sett på slåtten av Halvor Ullern frå Tinn. Det finst motiv i slåtten som skal minne om lyden av ein fossekall. Hardingfeleverket nr 457. Slåtten har vore nytta av Torkjell Haugerud, Halvor Klonteig og Hans Smeland.

Gjestebodsgubben[endre | endre wikiteksten]

Ein springar etter Myllarguten (Hardingfeleverket nr 458). Slåtten skal ha fått namnet sitt etter ei soge om Myllaren, som spela i eit gjestebod på Kostveit i Vinje, og hadde nett lært denne slåtten. Han spela den oppatt og oppatt heile kvelden, og folk bad han spela ein annan. "Nei-gu, om dom skjønar spel her", svara Myllarguten. Slåtten er og kalla Myllaren på Kostveit. Torkjell Haugerud har og nytta denne slåtten. Talleiv Røysland song ei slåttestev-vise til tonen.

Håkanesgrisen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 459. Slåtten har vore nytta i Tinn og Hovin. Slåttenamnet er etter grisen til spelemannen Olav Håkanes. Olav var aleine heime og skulle mate grisen. Medan han sat med bøtta kom slåtten til han, og han laut spela på han til han heilt hadde gløymt bort grisen. Slåtten er og kalla Gamle Gulbrand, og nyttar same stevet som i ein annan springar med same namnet. Springaren er og kalla berre Håkanesen.

Knivane[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 462. Til slåtten høyrer stevet Er kje knivane godt slipa, er kje gjeitane god å flå, er kje jentune god te danse, er det lite å hava då. Slåtten har vore mykje nytta av Smedalsspelemennene i Seljord.

Høyversdagen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 464. Slåtten skal vera forma ut av Håvard Gibøen og Knut Lurås ein dag det var høyver, og dei sat inne og spela på slåtten heile dagen. Eivind Mo fortalde det var Myllarguten Håvard spela i lag med. I alle høve var det meir verdt å lære slåtten enn å berge høyet. Då det leid på dagen sa kona: "No regnar det, Håvard!" "Lat det regne," svara Håvard. Etter dette fekk slåtten namnet Høyversdagen.

Tovil Runningen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 465. Slåtten er truleg Fykerudtradisjon.

Belarguten[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 467. Slåtten er og kalla Laugdagskvelden eller Guten og jenta i høyløa. Dette er visstnok ein fykerudslått. Både namnet og framføringa av slåtten peikar mot skildring av seksuelt samvær.

Håkanesen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 468. Slåtten skal vera gamal i Tinn. Gunleik Smedal kalla slåtten Veggligjenta.

Bøkår-rennan[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 469. Slåtten er spela på nedstilt bass, og er den einaste slåtten Knut Dale hadde stev til: Bøkår-rennar, sto i klemma, spølå geitongen, kan du den? Bøkår-rennar tyder ein saubukk som renn og stangar. Dette har truleg vore utnamn på ein eller annan. I denne slåtten høyrer ein korleis bøkåren renn imot.

Flatlandsspringaren[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 471. Slåtten er etter spelemannen Halvor Flatland frå Bø. Dei største formene er etter Torkjell Haugerud, som er kjelde til to former av slåtten. Variant a vart skriven ned etter han i 1921, og b i 1961. Skilnaden mellom formene er tjuge år, slik at Haugerud hadde bygd om slåtten då han vart skriven ned andre venda.

  • a: etter Haugerud 1921. Nedskrift Eivind Groven (G 472).
  • b: Etter Haugerud mot slutten av 1930-åra. (G 1376, NRK magn. 53258). Ein stor bolk av denne varianten høyrer til Kjos-springaren. Dette er ikkje med i 1921-oppskrifta.
  • c: Springar etter Aslak Lundtveit, etter Kristiane Lund, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1437, NRK magn. 1543). Aslak Lundtveit var frå Lunde i Telemark.
  • d: Svadden, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1244, NRK magn. 2808). Svadde er namnet på ein gard i Tinn. Slåtten er kalla opp etter ein spelemann eller dansar herifrå.

Vårfuglen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 476. Slåtten er knytt til gamle Hans Fykerud frå Sauherad, og dei fleste formene er funne aust i Telemark. Namnet Vårfuglen er knytt til forma etter Torjus Bringsværd frå Vinje. Alle formene av slåtten er spela på nedstilt bass. Til gruppa høyrer en slått som er dikta av Brynjulv Hefte frå Voss, truleg inspirert av Vårfuglen. Denne slåtten går på oppstilt bass.

Sandsdalen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 479. Slåtten heiter og Langedragen, og skriv seg frå Øystein Langedrag og sonen hans, Leiv Sandsdalen. Ola Mosafinn lærte slåtten av Leiv Sandsdalen, og to av formene er funne på Voss etter dette.

Tru på Torgon[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 481. Slåtten er knytt til tradisjonslina etter Ole Kolsrud frå Heddal, og er skriven ned aust i Telemark. Ola Mosafinn hadde slåtten etter Leiv Sandsdalen. Torgon er eit kvinnenamn (Torgunn). Stevet går: Tru på Torgon, du skal få liggja med meg kvar einaste morgon.

Oterholtfossen[endre | endre wikiteksten]

Slått i fykerudtradisjon, Hardingfeleverket nr 482. Slåtten har vore vanleg i Bø i Telemark.

Fykerudens minne[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 485. Springar i fykerudtradisjon, mykje nytta aust i Telemark. Ein variant er funnen i Krødsherad. Slåtten er og kalla Livius Smiths minne.