Slåttenedskrifter etter Halldor Meland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spelemannen Halldor Meland har fått 21 slåttar trykt opp etter seg. Dei står som følgjer:

Gangar i 6/8[endre | endre wikiteksten]

  • Rekveen, Norsk folkemusikk 109d. Nedskrift Eivind Groven i 1937 (G 554) etter minne. Slåttenamnet er etter spelemannen Nils Rekve frå Voss. Slåtten finst òg i Telemark.
  • Tjønnbergen, Norsk folkemusikk 117b. Nedskrift Arne Bjørndal 1940 (B 2616). Ei noko knappare nedskrift enn Ørpen si.
  • Vossetussa, Norsk folkemusikk 125b. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1545). Meland hadde slåtten etter Ola Mosafinn, men bygde han noko ut. Svarar til gangaren Røven etter Ola Mosafinn Nf 115 (Slåttenedskrifter etter Ola Mosafinn).
  • Kristi Hovden, Norsk folkemusikk 126b. Denne slåtten har Halldor Meland dikta. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1884). Variant a er ei form etter Anders S. Kjerland. Denne forma er frå Meland sine siste år. Namnet er etter kona hans Halldor, Kristi, fødd Sekse.

Gangar 2/4[endre | endre wikiteksten]

  • Halling frå Hardanger, Norsk folkemusikk 142b. Nedskrift Truls Ørpen 1918 (Ø 233). Slåtten er og kalla Rekveen, etter Nils Rekve frå Voss.
  • Lofthusen, Norsk folkemusikk 169b. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1540). Meland bygde ut slåtten etter Lars Lofthus. Andre variantar finst under variantgruppe 157.
  • Vadlandshovden, Norsk folkemusikk 184. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1481). Meland har laga slåtten, og han kalla slåtten opp etter bustaden sin på Hovden i Kvam.

Springarar[endre | endre wikiteksten]

  • Vestlendingen, Norsk folkemusikk 322. Nedskrift Truls Ørpen 1918 etter innspeling. Meland skal ha laga slåtten sjølv.
  • Siklebekken, Norsk folkemusikk 499f. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Lydbandkopien går attende på ei grammofoninnspeling Meland gjorde om lag 1917. Denne forma av Siklebekken dannar grunnlaget for Eivind Groven sitt orkesterarrangement i suiten Fjelltonar. Meland hadde slåtten frå Hans Flatland. Seinare ringde han til Torkjell Haugerud og fortalde dette. "Ja, har du det," spurde Haugerud interessert, "men Flatland har gløymd noko i slåtten..." "Det er rett, det," svara Meland, og spurde om han kunne koma heim til Haugerud og lære det Flatland ikkje hugsa. "Kom med ein gong," sa Haugerud (etter Kjell Midttun).
  • Vestlendingen, Norsk folkemusikk 531b. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1492). Dette er ein variant av Nf 322, slik Meland spela slåtten på eldre dagar.
  • Vestmannen, Norsk folkemusikk 604. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1945). Meland hadde slåtten etter Ola Mosafinn, men bygde han noko ut. Forma etter Mosafinn finst som nr 111.
  • Anna Knutsdotter, Norsk folkemusikk 605. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1496). Meland laga slåtten til Anna Espe, ei særs god springardansarinne.
  • Syreflåten, Norsk folkemusikk 606. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1539). Meland lærte slåtten av Sjur Syreflåt, Hardanger. Slåtten er elles kjend som Sagafossen, eller Bulkospringar (etter Per Bulko).