Slåttenedskrifter etter Johannes Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spelemannen Johannes Dale var rekna som ein svært påliteleg kjelde til slåttespel i Tinn. Difor er det skrive ned uvanleg mange slåttar etter han, og hardingfeleverket har registrert 126 nedskrifter, dei fleste gjort av Eivind Groven. Han skreiv ned ei lang rekkje slåttar etter Johannes Dale i 1961, og fleire i 1970. Elles er nedskriftene ved Truls Ørpen (1922, 1937 og oppatt 1951) og Sven Nyhus (1977-78).

Dei fleste slåttane på lista er etter farfaren Knut Dale, men det finst og nokre etter andre spelemenn i Tinn og Tuddal.

Gangar i 6/8[endre | endre wikiteksten]

Gangar i 2/4[endre | endre wikiteksten]

  • 68: Grønskeimogen. Nedskrift Truls Ørpen 1950 etter sending i NRK (Ø 426). Grønskeimogen er truleg ein danseplass.
  • 152a: Fossegrimen. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 469). Slåtten står først i ei heller stor variantgruppe.
  • 156l: Floketjønn. Nedskrift Truls Ørpen 1937. Etter Knut Dahle, som hadde han frå Håvard Gibøen. Variant av Røyskatten.
  • 157k: Ringjaren. Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 190). Variant av Lofthusen.
  • 158b: Fan på bordlasset. Nedskrift Truls Ørpen 1937 (Ø 197). Etter Knut Dahle. Variant av Hildalen. Slåtten er og kalla Fan på tømmerlunna.
  • 162b: Førnesbrunen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1882).
  • 200: Gangar etter Knut Lurås. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1874). Rekna som skyld gangaren Lonarkjempun.
  • 201: Gangar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1872). Kan reknast til variantgruppa Sevliden.
  • 202: Gangar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1870). Nedstilt bass.
  • 203: Hoppe Hægre. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1877). Variant av Eg er liten, eg.

Springar[endre | endre wikiteksten]

  • 182: Gibøspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1278). Slåtten er etter Håvard Gibøen.
  • 243: Våen. Nedskrift Truls Ørpen kring 1956 (Ø 420). Slåttenamnet skriv seg frå garden Rauland.
  • 244: Dahlespringar. Nedskrift Truls Ørpen kring 1956 (Ø 421). Etter Knut Dahle. Har tak som knyter slåtten til Bøheringen og Tjugedalaren.
  • 281: Håvards minne. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1287). Etter Knut Dahle, som hadde lært slåtten frå Myllarguten (Åmyrmarken 1860). Namnet skriv seg frå Håvard Gibøen.
  • 293: Springar etter Knut Vandringen. Nedskrift Eivind Groven 1963 etter opptak i NRK (G 1345).
  • 294: Systerslått (Kivlemøyane III). Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1111). Understilt (F-C-A-E).
  • 295: Håvards Sorg. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1209). Etter Håvard Gibøen.
  • 296: Ruske-Sara. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1302). Slåtten er etter Ola Bernås frå Tinn, som hadde han frå Lars Fykerud. Slåtten er og skriven ned av Truls Ørpen og Arne Bjørndal.
  • 299: Lappen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1258). Namnet er etter spelemannen Hølje Lappebakken frå Sauland.
  • 301: Frå morgon til kveld. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1264).
  • 337: Springar etter Brynjulf Roe. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1245). Roe var ein spelemann frå Tinn.
  • 338: Springar etter Tor Rønningen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1252).
  • 339: Dakotaprærien. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1283). Slåtten er laga av Knut Dahle då han var på spelferd i USA.
  • 340: Springar etter Knut Dahle. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1304). Trollstilt. Minnar noko om ein kivlemøyslått.
  • 341: Springar etter Ole H. Bernås. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1320). Bernås var frå Tinn.
  • 342: Den Targjei spela når han ikkje ville spela. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1329). Slåtten er og kalla springar etter Myllarguten. Han har mange taktskifte, og er umogleg å danse etter.
  • 369b: Springar etter Gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1296). Etter Knut Dahle. Variant a er kalla Tinndølspringar (etter Halvor Klonteig). Nedstilt bass.
  • 370a: Springar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1298). Etter Knut Dahle. Variant b er etter Eivind Mo.
  • 373a: Signe Ulladalen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1280). Forma finst og hjå Gregar Nordbø. Variant b er etter Rikard Gøytil.
  • 374a: Saltevju. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1259). Saltevju er eit bruk i Nesherad. Variant b er etter Johan Kleven, Krødsherad.
  • 376a: Rjukanfossen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1269). Etter Knut Dahle, som og skal ha dikta slåtten. Det er fortald at han bygde ut ein eldre slått medan han mol korn attmed Rjukanfossen. Denne skal Dahle ha fått av Myllarguten då dei møttest på Åmyrmarken i 1860. Variant b er etter Olav Groven.
  • 377a: Madsson. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1241). Namnet er etter spelemannen Torstein Madsson frå Tinn. Variant b er etter Steingrim Haukjem.
  • 384a: Håvardsstubben. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1262). Slåtten er notert med mange blåtonar. Etter Håvard Gibøen. Stevet går: Eg veit so vel, sa`n, kven eg vil ha, sa`n. Variant b er etter Kjetil Løndal.
  • 422a: Helge Treisk. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1240). Luråstradisjon. Helge Treisk var ei jente frå plassen Treisk i Tinn (fortald av Kjetil Løndal). Variant b er etter Steingrim Haukjem.
  • 424b: Veggligjenta. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1286). Forma er svært lik variant a etter Steingrim Haukjem. Pål Løytnantsdreng skal ha laga slåtten. Variant c, Abigelhaugen, er etter Olav R. Berge.
  • 426c: Høytjuven. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1323). Slåtten er etter Olav Håkanes, Tinn. Variant a er etter Øystein Håkanes, og b etter Rikard Gøytil. Truleg ein gamal tinnslått.
  • 428a: Haslebuskane. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1294). Slåtten finst mange stader. Variant b er frå Sigdal, og variant c frå Haus, Nordhordland. Slåtten finst og i Hallingdal (ein vandreslått).
  • 430a: Håkanes Førli. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1326). Spelemennene Olav Håkanes og Hølgje Førli hadde kvar si form av same slåtten. Ein gong dei spela saman, vart dei samde om å setja saman det beste av begge formene til ei heilstøypt, som so fekk namn etter dei båe. Amund Roheim, hardingfele, gjorde ein innspeling i Oslo i september 1948. Han blei utgiven på 78-plata HMV A.L. 2971.
  • 430b: Springar etter Tor Rønningen I. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1250). Variant c er etter Halvor Klonteig (springar frå Tinn).
  • 431a: Smågutspringar frå Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1242). Slåtten er og kalla Kjosespringaren (etter Jon Kjos). Slåtten er gamal i Tinn. Variant b er etter Einar Løndal, og c etter Steingrim Haukjem.
  • 433b: Knut Dahles siste slått. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1315). Slåtten er og kalla Gullbringen. Variant a er etter Halvor Einung.
  • 433c: Springar etter Tov Bøle. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1229).
  • 437c: Springar etter Tor Rønningen II. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1251). Slåtten er og kalla Guro Lomodden, og Ikkje sutra e og ikkje gret e. Variant a er etter Sevat Sataøen, og variant b etter Torkjell Haugerud (ein vandreslått).
  • 440c: Den gode låtten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1265).
  • 447a: Luråsspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1274). Slåtten er etter bestefaren Knut Dale.
  • 457a: Fossekallen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1263). Slåtten er etter spelemannen Halvor Sagafossen og namngjeven av spelemannen Olav Ullern frå Tinn.
  • 465a: Draum. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1330). Johannes drøymde ein gong at Knut Dale spela ein fykerudslått. Då han hadde spela ferdig, la han fela ned og tok til å prate. Då vakna Johannes, men hugsa slåtten. I løndalsform heiter slåtten Tovil Runningen.
  • 467d: Belarguten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1243). Slåtten er og kjend som Laugdagskvelden eller Guten og jenta i høyløa.
  • 468a: Dusteruden. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1324). Dale hadde slåtten etter Olav Håkanes i Tinn. Håkanes truleg frå Hellik Dusterud, som slåtten har namn etter. Elles er springaren kalla Håkanesen, og er truleg etter Knut Lurås.
  • 468a: Bøkår-rennan. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1267). Slåtten er etter Knut Dale, og dette er einaste slåtten Knut hadde stev til: "Bøkår-rennar, sto i klemma, spølå geitungen, kan du den?" Ein bøkår er det same som ein sauebukk. Nedstilt bass. Etter Håvard Gibøen.
  • 470a: Falkeriset. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1301). Slåtten er etter Håvard Gibøen.
  • 471d: Svadden. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1244). Svadde er namnet på ein gard i Tinn. Slåtten er knytt til ein spelemann eller dansar frå denne garden. Elles er han kjend som Flatlandsspringaren.
  • 475b; Sønnstaulen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1270). Slåttenamnet skriv seg frå Knut Brynjulvsson Sønnstaul, son av Brynjulv Olsson, og oldefar til Johannes. Slåtten er og kjend som Kjosen etter Jon Kjos.
  • 476a: Springar etter gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1299). Slåtten er og kjend som Vårfuglen. Nedstilt bass.
  • 476d: Springar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1291). Formene er nokså ulike, og Johannes har denne og 476a frå ulike kjelder. Nedstilt bass.
  • 477e: Torgeir Miland. Nedskrift Sven Nyhus 1975. I Telemark er slåtten ofte kalla Bolkesjø-Miland. Slåtten skriv seg truleg frå Krødsherad.
  • 479b: Sandsdalen. Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1337). Slåttenamnet skriv seg frå Leiv Sandsdalen. Slåtten er og kalla Langedragen etter Øystein Langedrag.
  • 480d: Systerslått/Kivlemøyane II. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Slåtten vart nytta av Edvard Grieg i hans op. 72. Johan Halvorsen skreiv han opp etter Knut Dale. Understilt (F-C-A-E).
  • 482e: Brynjulf Roe. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1331). Slåtten er etter Knut Dale, som hadde han frå gamle Hans Fykerud. Slåtten er og kalla Oterholtfossen eller Bjådalen.
  • 485c: Tinnesand. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1303). Slåtten er etter Olav Bernås frå Tinn. Tinnesand er eit gamalt namn på den staden Notodden ligg i dag. Slåtten er og kalla Fykerudens minne eller Fetaskomann (i Numedal).
  • 486c: Bokkoen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1340). Namnet er etter spelemannen Øystein Bokko frå Tinn. Slåtten er og kjend i Nordhordland. Ein variant er knytt til Olav Napper.
  • 487a: Morten Sålebindar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1293). Johannes Dale fortalde at Morten Sålebindar var ein som gjekk rundt og "batt såli av tunne tægar. Desse såline vart nytta til å såle korn. Såle=å sile. Eit såld er eit kar med hol i botn, til å sælde/sile gjennom. Ein sålebindar for gardimellom og laga slike. Slåtten er elles kjend som Jåle-Ragnhild, Høybøen eller Torstein Madsson. Stev: Eg kjenner Morten sålenbindar eg, han vil koma opp i senga til meg.
  • 489d: Kari Midtigard på Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1325). Vandreslått i mange variantar. På Voss er slåtten kjend som Fossmarken.
  • 497c: Springar etter Ole H. Bernås. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1319). Bernås var frå Tinn. Slåtten er elles kjend som Leikanruden. Han er og spela i Hallingdal og i Hardanger.
  • 498d: Sauaren. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1238). Slåtten er etter bestefaren Knut Dale. Leiv Sauar var ein god spelemann frå Heddal, som spela mykje i lag med Halvor Sagafossen. Slåtten er elles kjend under namnet Folkedalen.
  • 500a: Bokkoen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1347). Slåtten har namn etter Øystein Bokko frå Tinn.
  • 500b: Tjugedalaren. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1310). Slåtten skriv seg frå Myllarguten.
  • 502c: Springar etter Halvor Bøle. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1249). Slåtten ber ofte namnet Jenta ned med strondi.
  • 506a: Gibøspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1271). Etter Håvard Gibøen. Gjerne kalla Månekåsen eller Makalausen. Er mykje nytta i Numedal.
  • 507c: Springar etter Knut Vandringen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1346). Variant av Treskreppa.
  • 508a: Ragnhild Hægard. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1284). Ragnhild Hægard var ei danseglad jente frå Tinn.
  • 510b: Håvard Gibøens draum. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1260). Gibøen skal ha drøymd denne slåtten ein gong han sovna ved Oterholt i Bø. Slåtten finst og i Sunnfjord og Hardanger.
  • 511e: Springar etter gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1327). Slåtten er kalla Tusen-Tore i Numedal. Fykerud hadde venteleg lært han der. Frå takt 18 er det sams tak med Jenta ned med strondi.
  • 512a: Kvenneslåtten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1285). Det var Sjur Helgeland som gav denne slåtten namn. Han er og kalla Dahle`n nr 1. Slåtten skal vera etter Halvor Sagafossen.
  • 513a: Jon Vestafé. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Slåtten er etter Knut Dale, og er i tradisjon etter Jon Kjos. Forma er identisk med Jon Vestafes springleik i Edvard Griegs norske slåtter op. 72. Variant av Bøheringen.
  • 514c: Springar etter Aslak Kleivane. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1311). Aslak Kleivane var ein spelemann frå Seljord. Slåtten er kjend under namnet Tukthusen.
  • 514d: Åttekrossen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1248). Variant av Tukthusen.
  • 516c: Springar etter Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1339). Variant av Grimeliden. Kjelda for slåtten er vel gamle Hans Fykerud.
  • 517f: Nordfjorden. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1333). Variant av Nordfjordingen.
  • 518f: Springar frå Hovin. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1317). Variant av Kolsruden.
  • 519h: Springar etter Tor Rønningen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1253). Variant av Veksaren. Påverka av forma etter Torkjell Haugerud (variant i).
  • 520e: Den blårandute. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1313).
  • 521h: Springar etter Olav Håkanes. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1322). Variant av Slidringen.
  • 521i: Luråsspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1344). Etter Knut Lurås. Variant av Slidringen.
  • 522d: Vestafe´en. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1282). Slåttenamnet er knytt til Jon Kjos eller Jon Vestafe som han var kalla i Tinn. Variant av Igletveiten.
  • 523g: Bernåsen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1254). Slåttenamnet er etter Hans Bernås frå Tinn. Variant av Flesbergen.
  • 523h: Flesbergingen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1277). Slåtten er truleg etter Knut Lurås frå Tinn, som hadde lært slåtten av Blinde-Knut frå Flesberg. Variant av Flesbergen.
  • 524l: Moguten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1336). Dette var den siste slåtten Håvard Gibøen lærde av Knut Lurås.
  • 525g: Springar etter Gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1295). Variant av Jondølen. Nedstilt Bass.
  • 526m: Skjelleruden. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1348). Slåttenamnet er knytt til spelemannen Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal. Variant av Springaren Jarand Skinnarland.
  • 526n: Jarand Skinnarland. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1273). Etter Knut Dahle.
  • 527q: Kåte-Reiar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1289). Variant av springaren Asle Myro.