Slåttenedskrifter etter Ola Mosafinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spelemannen Ola Mosafinn vart registrert med 88 nummer i standarverket norsk folkemusikk, kjend som Hardingfeleverket. Slåttane vart skrivne ned av Arne Bjørndal og Truls Ørpen i tida frå 1908 til 1912, då Mosafinn døydde. Nokre nummer er òg skrivne ned frå voksrullopptak etter den tid.

Avstuttingar:

  • B = Arne Bjørndal
  • B. G. Sl = Arne Bjørndal: Gamle slåttar Kristiania 1917-1929.
  • B. N. Sl = Arne Bjørndal: Norske slåttar, Kristiania 1907-11.
  • Ø = Truls Ørpen.

Gangar i 6/8[endre | endre wikiteksten]

. Nedskrift Truls Ørpen 1910 etter Voksrullopptak (Ø. 226). Nedstilt bass.

. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 5). Mosafinn hadde slåtten etter gamle folk som pla tralle han då han var ung. Oppstilt bass.

. Nedskrift Arne Bjørndal 1908. Mosafinn hadde slåtten frå spelemannen Anders Berge, Voss. Oppstilt bass.

  • Vossarull, Norsk folkemusikk nr. 74a. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 227). Variant B er ein rull etter Anders Kjerland. Nedstilt bass.
  • Flatabøen, Norsk folkemusikk 92b. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 44). Slåtten er etter far hans Mosafinn, Sjur Liland. Namnet på slåtten skriv seg frå spelemannen Nils Flatabø, Kvam. Ein variant finst hjå Catharinus Elling. Oppstilt bass.
  • Urheimen, Norsk folkemusikk 94a. nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 296). Slåtten er òg skrive ned av Arne Bjørndal. Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Oddmund Urheim. Variant b og c er etter Lars Istad og Halldor Meland. Oppstilt bass.
  • Muraren, Norsk folkemusikk 99c. Nedskrift Arne Bjørndal 1956, utbygd variant av Mosafinn si form. Oppstilt bass.
  • Rekveen, Norsk folkemusikk 109c. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.601). Mosafinn hadde slåtten etter far sin, Sjur Liland. Sjur hadde lærd slåtten av spelemannen Nils Rekve, som og har gitt slåtten namn. Variantgruppa går frå a til e, tre av dei frå Telemark. Oppstilt bass.
  • Guri-Larsslåtten, Norsk folkemusikk 112e, Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 107). Mosafinn hadde slåtten etter Lars Lofthus frå Voss. Slåtten er ein variant av Mohusfela, ein vandreslått. Oppstilt bass.
  • Røven, Norsk folkemusikk 115c. Nedskrift Arne Bjørndal 1905 (B.N.Sl 13). Slåtten er ein variant av Tussebruri. Nedstilt bass. Ein variant av denne finst i Slåtter op. 72 av Edvard Grieg.
  • Gangar, Norsk folkemusikk 118j. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 3). Dette er ein variant av Fjøllmanngjenta, og Mosafinn har slåtten etter Nils Rekve. Slåtten er knytt til stevet Till Till Tove, og var mykje nytta i Voss og Hardanger. Oppstilt bass.
  • Rull etter Hans Skutle, Norsk folkemusikk 142. Nedskrift Truls Ørpen (1912) (Ø 407). Nedskrifta er ein variant av nr 66, rull etter Anders Kjerland. Nedstilt bass.

Gangar i 2/4[endre | endre wikiteksten]

  • Vossarull, Norsk folkemusikk 32 [5][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 576). Mosafinn lærde slåtten av Karl Rokne frå Voss i 1845.
  • Rull, Norsk folkemusikk 64 [6][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 188). Mosafinn kalla slåtten So sulla ho mor, eit namn som elles er knytt til ein annan gangar (nr 122 b).
  • Sjuspringaren, Norsk folkemusikk 87 [7][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 1537). Dette var ein skodedans for karar, kjend over heile Vestlandet.
  • Skutlingen, Norsk folkemusikk 91 [8][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 6). Slåtten er etter spelemannen Hans Skutle.
  • Vossarull, Norsk folkemusikk 92 [9][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 15).
  • Tresko-slåtten, Norsk folkemusikk 93 [10][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N. Sl 40). Mosafinn hadde lærd slåtten av Anders Berge i 1838.
  • Fuglakongen, Norsk folkemusikk 115a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 33). Fuglakongen var namnet på ein kar som budde på Voss i 1830-åra, glup til å tralle slåttar. Mosafinn lærde denne slåtten då han var sju år gamal. Variant b er ein lausslått etter Knut Lurås.
  • Halling, Norsk folkemusikk 133c, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.G.Sl IV 4). Slåtten er ein variant av Lappen eller Røysekatten.
  • Vossarull, Norsk folkemusikk 138c, nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 187). Slåtten slenger inn på eit tak av Ligangaren.
  • Halling, Norsk folkemusikk 142a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 23). Dei tre andre variantane er frå Voss og Hardanger.
  • Vossarull, Norsk folkemusikk 145a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.G.Sl IV, 9). Mosafinn hadde truleg slåtten etter Isak Rokne. I Telemark er slåtten kjend som Lonarkjempun.
  • Halling, Norsk folkemusikk 148c, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 10). Slåtten er truleg etter Isak Rokne, og er elles kjend som Kvamshallingen.
  • Halling, Norsk folkemusikk 151a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N. Sl 29). Slåtten er etter Isak Rokne, og Mosafinn hadde han etter Olav Håstabø. Slåtten er kalla ein ”ekte vestlandsslått”. Variantgruppa er stor, og slåtten er mest kjend som Sevliden.
  • Vampaslåtten, Norsk folkemusikk 155a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 431), Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland i 1838. Slåtten er ein variant av Fenta, og variantgruppa er heller stor.
  • Lofthusen, Norsk folkemusikk 157a, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 8). Slåttenamnet er etter spelemannen Lars Lofthus, som skal ha laga han. Mosafinn fekk slåtten beinveges frå Lars. Variantgruppa er heller stor, og i Telemark er slåtten òg kjend som Prestegangaren.
  • Lofthusen, Norsk folkemusikk 157b, nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 303). Ørpen si nedskrift er noko stuttare enn Bjørndal si.
  • Storevenen, Norsk folkemusikk 158n, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 430). Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Anders Himle, Voss, som var kalla slik. Slåtten er ein variant av Hildalen, og variantgruppa er heller stor.
  • Har du kje hoppa, Norsk folkemusikk 159 a, nedskrift Arne Bjørndal (B.N. Sl 19). Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland. Denne varianten vart nytta som grunnlag for visa Gamalosten av Øystein Sunde. Dette er ein Vandreslått med mange variantar. Best kjend som Hopparen.
  • Toleslåtten, Norsk folkemusikk 160n, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 4). Mosafinn hadde slåtten etter Lars Tolo, Kvam. Slåtten har ofte vore kalla Mosafinn. Han finst på voksrullopptak frå 1910. Vandreslått med mange variantar.
  • Roesverkjen, Norsk folkemusikk 161j, nedskrift Truls Ørpen 1910 (Ø 230). Variant av Førnesbrunen.
  • Halling, Norsk folkemusikk 161l, nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 3). Mosafinn hadde slåtten etter Anders Berge, Voss i 1838. Denne varianten var ofte nytta som brureslått. Variant av Førnesbrunen.
  • Vossarull, Norsk folkemusikk 169a, nedskrift Arne Bjørndal 1908. Variant av Lofthusen.

Springar[endre | endre wikiteksten]

  • Springar, Norsk folkemusikk nr 45. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 9) [12][daud lenkje].
  • Springar, Norsk folkemusikk 108 [13][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 185). Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne, og spela han inn på voksrull i 1911. Ørpen retta litt på nedskrifta etter innspelinga. Opninga minner ikkje så lite om hallingspringaren Sundbreien. Låtten har taktskifte.
  • Ljonoen, Norsk folkemusikk 109[14][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 186) etter Voksrullopptak. Slåttenamnet er etter spelemannen Torbjørn Kvalvik, frå Kinsarvik, som budde på garden Ljono. Låtten opnar i 2/4-takt, og går elles i vanleg springartakt.
  • Skutlingen, Norsk folkemusikk 110[15][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1922 etter Voksrullopptak (Ø306). Namnet skriv seg frå spelemannen Hans Skutle, som kom frå Selland i Granvin, men som budde på Skutle på Voss. Trollstilt.
  • Filipslåtten, Norsk folkemusikk 116 [18][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 19). Mosafinn hadde slåtten etter Olav Håstabø, Granvin. Slåtten er kalla opp etter ein dugande dansar på Voss, Filip Mala, som støtt nytta denne springaren til dans.
  • Skrattaren, Norsk folkemusikk 119 [21][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 114). Mosafinn lærde slåtten av faren Sjurd Liland då han var sju år gamal. Mosafinn gav sjølv namn til slåtten.
  • Springar, Norsk folkemusikk 120 [22][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 115). Sjurd Liland lærde bort slåtten til Mosafinn i 1838. Nedstilt bass.
  • Springar, Norsk folkemusikk 121 [23][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 117). Mosafinn lærde slåtten av Sjurd Liland i 1840.
  • Springar, Norsk folkemusikk 123 [25][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 120).
  • Springar, Norsk folkemusikk 125 [27][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 123). Nedstilt bass.
  • Springar, Norsk folkemusikk 127 [28][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 348). Mosafinn skal ha dikta slåtten i 1840-åra.
  • Åvrhusen, Norsk folkemusikk 128 [29][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 433). Mosafinn hadde slåtten frå ein skreppekar som tralla slåtten for han i 1845. Denne karen hadde slåtten frå ein spelemann som heitte Århus.
  • Springar, Norsk folkemusikk 129 [30][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 514), Mosafinn hadde slåtten etter Hans Skutle, Voss.
  • Springar, Norsk folkemusikk 130 [31][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. Gl Sl. IV 4). Slåtten er etter Isak Rokne, Voss.
  • Husk opp i ring, Norsk folkemusikk 132 [32][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 583). Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland.
  • Springar, Norsk folkemusikk 133 [33][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 588). Mosafinn lærte slåtten etter faren Sjurd Liland i 1838.
  • Springar, Norsk folkemusikk 135 [34][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 620). Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne.
  • Springar, Norsk folkemusikk 136 [35][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (N Sl 32). Mosafinn lærte slåtten av faren Sjurd Liland i 1837.
  • Horlo, Norsk folkemusikk 311. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 118). Mosafinn lærte slåtten av faren Sjurd Liland. Ein Horlo er ein understakk av ull.
  • Ljonoen, Norsk folkemusikk 317. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 429). Mosafinn lærte slåtten av spelemannen Torbjørn Kvalvik frå Ulvik i 1850.
  • Rekveen, Norsk folkemusikk 351. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N. Sl 5). Slåtten er etter Nils Rekve, Voss.
  • Stårøyguten, Norsk folkemusikk 352. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 30). Slåtten er òg kalla Fanaspringaren eller Sogningen. Mosafinn hadde slåtten etter Tomas Årdalstangen, Årdal i Sogn.
  • Springar, Norsk folkemusikk 388a. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N.Sl 42). Mosafinn lærte slåtten av Anders Berge i 1838. Variant b er etter Ola A. Øyno frå Ål, og i Hallingdal er slåtten kjend som Datt du ned, du. Slåtten er vel opphavleg frå Vestlandet.
  • Roknen, Norsk folkemusikk 391b. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.G.Sl H. 3 nr.7) Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne.
  • Jørnvrengja, Norsk folkemusikk 443b. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N. Sl 35). Mosafinn lærde slåtten av Nils Hilme, son av Jørn Hilme, på Lærdalsmarknaden i 1850. Mosafinnforma er framleis nytta på Vestlandet. Første veket til Mosafinn svarar til siste veket i variant a etter Olav Moe, medan dei siste to veka er identiske med ein rørospols. Variant c er etter Johan Kleven. Denne rengja er spela på nedstilt bass.
  • Springar, Norsk folkemusikk 460d. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 113). Mosafinn fekk slåtten frå Johannes Fossmark i Bruvik på Lærdalsmarknaden i 1850. Slåtten er elles kjend frå Valdres, og dei fleste andre formene er skrivne opp derfrå (springar etter Jøger Sagahaugen).
  • Sandsdalen, Norsk folkemusikk 479d. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N. Sl 2). Slåtten er opphavleg nytta i Telemark, og namnet skriv seg frå Leiv Sandsdalen, son av Øystein Langedrag. Han er og kalla Langedragen. Mosafinn møtte Sandsdalen i 1892 og bytte slåttar med han.
  • Trollslåtten, Norsk folkemusikk 480a. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B G Sl hefte IV nr 6). Dette er ein systerslått, knytt til Kivlemøyane. Mosafinn lærde slåtten av Leiv Sandsdalen i 1892. Felestillet er Understilt (F-C-A-E).
  • Springar, Norsk folkemusikk 481a. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 566). Slåtten er elles berre skriven ned i Telemark.
  • Nordfjordingen, Norsk folkemusikk 517h. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B.N. Sl 12). Dette er ein vidt utbreidd vandreslått, med opphav på Vestlandet.