Slåttenedskrifter etter Torkjell Haugerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø i Telemark la etter seg mange slåttar. Mange av slåttane etter han vart skrivne ned av Eivind Groven og Truls Ørpen, men Haugerud skreiv og ned slåttar sjølv. Ei nedskrift i lista er gjort av spelemannen Henrik Gjellesvik.

Gangar 6/8[endre | endre wikiteksten]

  • 16: Knut Dales farvel. Skriven ned av Truls Ørpen i 1936 (Ø 211). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale frå Tinn.
  • 70b: Hardinggjenta. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak (G 1019). Variant a er etter Olav R. Berge. Haugerud har nok henta slåtten i Rauland.
  • 79a: Myllargangaren. Skriven ned av Truls Ørpen på 1930-talet. Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale. Variant b er etter Gunnulv Borgen, som og hadde slåtten frå Knut Dale. Dale hadde nok slåtten frå Myllarguten.
  • 80b: Folkestaden. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 1). Haugerud hadde slåtten etter Halvor Flatland. Slåtten er og kalla ”Flatlands minne”. Variant a, Myllarens siste slått, er etter Einar Løndal, som hadde han etter faren Svein K. Løndal. Etter segna den siste slåtten Myllarguten spela før han døydde.
  • 82b: Akslabiten. Skriven ned av Eivind Groven etter minne 1937 (G 547). Haugerud la til to nye vek. Variant a er etter Svein Lutro, som hadde slåtten frå Per Bulko. Ein gamal harding-slått.
  • 87a: Morgonvandringen. Skriven ned av Eivind Groven 1953 etter opptak i NRK (G 1015). Variant b er etter Halvor Klonteig.
  • 88b: Nordmannsklubben. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1010). Haugerud hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen i Seljord. Variant a er etter Hans Smeland, som og hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen.
  • 102a: Hellosen. Skriven ned av Truls Ørpen 1936 (Ø 245). Haugerud hadde slåtten frå Hans Flatland den yngre, som og var kalla Hans Hellos.
  • 102b: Hellosen. Skriven ned av Eivind Groven 1939 (G 48). Denne forma hadde Haugerud etter Knut Dale.
  • 104d: Langedragen I. Skriven ned av Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal gamle slåttar band III nr 4). Dette er ein slått som og finst etter Svein E. Lutro (variant c), og etter Myllarguten og Knut Dale.
  • 112d: Sandsdalsgangar. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK. Variant av Moghusfela.
  • 113f: Soteroen. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK. Gamal Langedrag-gangar.

Gangar 2/4[endre | endre wikiteksten]

  • 112b: Tussen i Buschmannhaugen. Skriven ned av Truls Ørpen på 1930-talet (Ø 459). Buschmannhaugen er ein gamal gravhaug som låg på Nordgarden i Seljord, der Haugerud budde på denne tida. Buschmann var ein kondisjonert mann i bygda. Haugerud sette i hop slåtten i 1934, og fletta inn noko frå andre slåttar. Variant a er kalla Kjerringa på Tinn, etter Kjetil Løndal, ein slått som skriv seg frå Myllarguten.
  • 123b: Ligangaren. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1077). Variant c er etter Knut Heddi frå Setesdal.
  • 133b: Lappebakken. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1079). Variant a er etter Knut Dale, variant c etter Ola Mosafinn. Namnet er etter spelemannen Hølje Lappebakken, som spela denne slåtten mykje. Haugerud har truleg slåtten etter Knut Dale. Minner mykje om Hopparen.
  • 145c: Lonarkjempun. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1075).
  • 152c: Fossegrimen. Skriven ned av Evind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1067).
  • 152h: Asgjerd. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1066). Forma er svært lik variant g, etter Olav R. Berge.
  • 155g: Rettarslåtten. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter minne (G 1043). Variant av Fenta. Namnet knyt forma til Rauland (Variant f).
  • 155h: So sulla ho mor på rokkjen sin. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1071).
  • 156k: Kjos-hjasen. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter minne (G 1070). Variant av Røyskatten.
  • 157e: Bekkjinguten. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 32). Variant av Lofthusen.
  • 157i: Leirlien. Skriven ned av Eivind Groven 1952 (G 861). Variant av Lofthusen.
  • 157m: Ringjaren. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1072). Variant av Lofthusen.
  • 158c: Bordkøyraren. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 33). Variant av Hildalen.
  • 159g: Hjartdølen. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1074). Variant av Hopparen.

Springar[endre | endre wikiteksten]

  • 269: Lure-slåtten. Skriven ned av Eivind Groven 1946 (G 706). Slåtten er etter Halvor Flatland, som ein gong spela denne medan han sat i høgsæte. Dei som lydde på, totte han såg så lur ut. Slåtten er og kalla Høgsætebenken.
  • 275: Springar. Haugerud skreiv ned slåtten sjølv (unummerert). Eivind Groven har sidan skrive ut slåtten etter Haugerud sin kladd.
  • 276: Springar. Haugerud 106. Reinskriven av Eivind Groven.
  • 277: Springar. Skriven ned av Haugerud, reinskriven av Groven.
  • 278: Springar. Haugerud 142. Han har truleg laga slåtten sjølv. Reinskriven av Eivind Groven.
  • 297: Myllarspringaren. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1374). Første taket er ikkje ulikt opninga på Myllargutens minne (nr 298).
  • 298: Myllargutens minne. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1342). Haugerud lærte slåtten av Olav Flatland før denne reiste til Amerika i 1890. Olav var bror av Hans Flatland, som hadde vore mykje i lag med Myllarguten.
  • 343: Kolsrudspringar. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1367). Haugerud hadde slåtten etter Anund Haugan frå Heddal. Slåtten er knytt til spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal.
  • 344: Leikarvollbekken. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1377). Haugerud har dikta slåtten. Opninga minner noko om springaren Saltevju. Leikarvollbekken rann ikkje langt frå garden der Haugerud budde.
  • 345: Jørånnatten. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1378). Haugerud har laga slåtten. Jørånnatten er ein nut i Lifjell. Haugerud kom på slåtten medan han sat på bussen mellom Bø og Seljord. Springaren er rekna som eit godt konsertnummer.
  • 422c: Kvål`en. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 52). Haugerud hadde slåtten etter Høye Kvåle, som slåtten og er kalla opp etter. Variant a og b er kjende som Helge Treisk, og er skrivne opp etter Johannes Dale og Steingrim Haukjem. Slåtten skriv seg truleg frå Håvard Gibøen.
  • 427c: Lars Målar. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1354). Lars Målar var frå Lårdal, og var elles kjend som Lars Lofthus. Variant a og b er etter Gunnulv Borgen og Halvor Borgen. Halvor Borgen hadde forma si frå Haugerud. Haugerud har truleg slåtten etter Tarjei Tvigyva.
  • 440b: Springar. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 2). Slåtten kjem noko inn på Kjosespringaren. Variant a er etter Gregar Nordbø, og variant c etter Johannes Dale. Slåtten skriv seg vel helst frå Knut Dale.
  • 445c: Fossegrimen. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1370). Anders S. Kjerland meinte at Haugerud hadde lært slåtten av Ola Mosafinn (445a). Seinare bygde Haugerud slåtten ut. Haugerud kalla slåtten "Fossegrimen etter Ola Mosafinn".
  • 446a: Springar frå Bø. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1384). Slåtten skriv seg venteleg frå Lars Fykerud. Variant b er etter Olav Groven, og c etter Gunnulv Borgen.
  • 453a: Bøspringar etter Slåttedølen. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1349). Slåttenamnet er etter spelemannen Johannes Slåttedølen frå Bø. Slåtten har mykje sams med springaren Asle Myro.
  • 455c: Gauken. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1369). Slåttenamnet skriv seg frå dei to første tonene i slåtten, som let som gauksong. Variant a er etter Olav Groven, b etter Hans Omland.
  • 462c: Smedalsspringar. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1358). Haugerud hadde slåtten etter Harald Smedal frå Seljord. Variant av Knivane.
  • 468d: Bokkospringar. Skriven ned av Eivind Groven 1939 (G 46). Slåtten har namn etter spelemannen Øystein Bokko frå Tinn. Slåtten er gamal i Tinn, og var nytta av Knut Lurås.
  • 471a: Flatlandsspringaren. Skriven ned av Eivind Groven 1921 (G 472). Namnet er etter spelemannen Halvor Flatland frå Bø.
  • 471b: Flatlandsspringaren. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1376). Denne innspelinga vart gjort om lag tjue år etter 471a. Eit godt døme på korleis ein spelemann byggjer om ein slått i løpet av livet. Haugerud har her lagt til eit tak frå Kjosespringaren.
  • 472e: Den runde slåtten. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1363). Slåtten er kalla slik av di han går i ring utan tydeleg slutt. To variantar av slåtten er frå Voss, resten frå Telemark.
  • 482c: Sevle`n. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1350). Slåtten er kalla opp etter lausdansaren Ola Olsson Sevle. Slåtten er rekna å vera etter Lars Fykerud og far hans, gamle Hans Fykerud. Slåtten finst berre registrert i Telemark.
  • 496d: Systerslått. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1388). Slåtten er venteleg etter Knut Dale. Knytt til Kivlemøyane. Understilt F-C-A-E.
  • 499c: Siklebekken. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1343). Slåtten skal vera forma ut av Myllarguten. Han er sett saman av fleire eldre slåttar.
  • 508a: Nordlendingen. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1381). Ein nordlending er telemaksnemne på ein vestlending.
  • 508b: Ragnhild Hægard. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1361). Ein variant, Kjepphesten, er skriven opp etter Ola Mosafinn.
  • 513d: Bøheringen. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1371). Slåtten er i tradisjon etter Jon Kjos.
  • 514a: Rokketuppen. Skriven ned av Eivind Groven etter opptak 1961 (G 1375). Variant av Tukthusen.
  • 518d: Kolsruden. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1373). Haugerud hadde og ein variant av slåtten han kalla Lite morosam.
  • 519i: Liten Vritestubb. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1387). I 1898 var Haugerud innlagt på Tonsåsen sanatorium i Etnedal. Her lærte han slåtten (ein variant av Veksaren) av ein spelemann frå Valdres. Då han kom heim att, lærte fleire andre slåtten av di han var lett å hugse. Haugerud fekk då høyre han tidt og ofte, og vart lei av han. Sidan bygde han slåtten om, slik at han skulle vera verre å lære. Ein vritestubb er ein vanskeleg stubb.
  • 523i: Ved Hestekåsbekken. Skriven ned av Eivind Groven 1959 etter minne (G 1141).