Slættaratindur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slættaratindur

Slættaratindur er det høgaste fjelletFærøyane og er 880 meter høgt.[1] Fjellet ligg nord på øya Eysturoy. Austanfor fjellet ligg bygda Funningur og vestanfor ligg Eiði. Nordanfor Slættaratindur ligg det nest høgaste fjellet på Færøyane, kalla Gráfelli.

Namnet tyder «flat fjelltopp». Austsida er bratt.

Når det er klarvêr er det mogleg å sjå heile øyriket frå toppen av fjellet. Den vanlegaste stien opp til Slættaratindur er frå Eiðisskarði. Turen tek omtrent 4 timar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]