Slør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brudeslør løfta for å visa ansiktet.

Slør er eit plagg som dekker håret og ofte, men ikkje alltid, ansiktet og av og til heile kroppen. Plagget er laga av laust vove, tynt eller lett, eller meir eller mindre gjennomsiktig stoff. Slør kan brukast av praktiske, tradisjonelle, religiøse eller andre grunnar.

Jomfru Maria med slør. Måleri av Antonello da Messina frå 1460.

I mellom anna tradisjonell jødisk, kristen og islamsk kultur skjuler kvinner håret for ikkje å risikera å freista framande menn til ureine tankar, sidan håret er blitt sett på som erotisk ladet. Til dømes oppfordrar Paulus i Det nye testamentet kvinner til å ikkje opptre med bart hovud når dei utøver trua si.[1] Jomfru Maria, mor til Jesus, har siden det fyrste hundreåret til kyrkja blitt avbilda med eit sjal over hovud og skuldrer. Tradisjonen har rot i assyrisk, mykensk, antikk gresk og romersk kultur.

Sløret til nonner blir kalla hakelin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Kvinner frå eliten i det gamle Mesopotamia, Makedonia og Persarriket bar slør som teikn på respektabilitet og høg status.[2] Den eldste omtalen av slør er frå lovar frå Mellom-Assyria mellom 1400 og 1100 f.Kr.[3] Her fanst det forordningar for kva kvinner som skulle tilsløra seg og kva for nokre som ikkje skulle, ut frå klasse, rang og yrke.[2] Kvinnelege slavar og prostituerte hadde ikkje lov til å bruka slør, og kunne straffast strengt om dei likevel gjorde det.[4] Også i det gamle Hellas var det vanleg for høgtståande kvinner å bruka slør. Mellom 550 og 323 f.Kr. var det forventa av respektable gifte greske kvinner å avsondra seg sjølv frå samfunnet og bruka klede som skjulte dei frå framande menn.[5] Klassiske greske og hellenistiske statuar viser av og til kvinner med slør som dekkjer heile hovudet og ansiktet.

Gifte kvinner i Romarriket blei også forventa å bruka slør. I 166 f.Kr. skilde konsul Sulpicius Gallus seg frå kona si fordi ho hadde gått ut av huset utan slør, slik at alle kunne sjå det som, ifølgje han sjølv, berre han skulle sjå. Ugifte jenter brukte vanlegvis ikkje slør, men gifte kvinner gjorde det for å visa kyskleik, pudicitia. Ein meinte også at slør verna kvinner mot det vonde auget.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 Kor 11,3-15
  2. 2,0 2,1 Ahmed, Leila (1992). Women and Gender in Islam. New Haven: Yale University Press. s. 15. 
  3. Graeber, David (2011). Debt: The First 5000 Years. Brooklyn, NY: Melville House. s. 184. ISBN 9781933633862. LCCN 2012462122. 
  4. El Guindi, Fadwa; Sherifa Zahur (2009). Hijab. The Oxford Encyclopedia of the Islamic World. ISBN 9780195305135. doi:10.1093/acref/9780195305135.001.0001. 
  5. Ahmed 1992, s. 26-28.
  6. Sebesta, Judith Lynn. "Symbolism in the Costume of the Roman Woman", s. 46–53 in Judith Lynn Sebesta & Larissa Bonfante, The World of Roman Costume, University of Wisconsin Press 2001, s. 48