Slade Alive!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slade Alive!
Konsertalbum av Slade
Utgjeve 24. mars 1972
Innspelt 19–21. oktober 1971, Command Studios, 201 Piccadilly, London W1
Sjanger
Lengd 39:00
Selskap Polydor (UK/US)
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Coz I Luv You
(1972)
Slade Alive! Slayed?
(1972)


Slade Alive! er det første konsertalbumet til det britiske rockebandet Slade. Albumet kom ut 24. mars 1972 og nådde andreplassen på UK Albums Chart, og låg 58 veker inne på lista.[1] Det var det første albumet av Slade som gjekk inn på den britiske albumlista og det første som gjekk inn på Billboard 200 i USA, der det nådde 158. plassen. Albumet var produsert av Chas Chandler.

Slade Alive! inneheld tre originale songar, i tillegg til coverversjonar av songar av Ten Years After, The Lovin' Spoonful, Bobby Marchan og Steppenwolf. Det vart spelt inn i Command Theatre Studio og miksa i Olympic Studios.[2]

I det vart albumet rekna som eit av dei beste konsertalbuma som nokon gong er gjevne ut.[3] Kiss, som var kraftig inspirerte av Slade, kalla sitt konsertalbum Alive! som ein hyllest til Slade Alive!.[4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gjort sitt britiske gjennombrot med dei suksessrike singlane «Get Down and Get With It», «Coz I Luv You» og «Look Wot You Dun», bestemte Slade at den beste måten å bryta inn på albumlista ville vera å fanga live-lyden sin på plate. I oktober 1971 spelte bandet tre kveldar på rad i Command Theatre Studio i London føre eit studiopublikum. Dei tre konsertane kosta 600 pund å spela inn, med bandet brukte det meste av innspelinga si frå den andre kvelden. Opphavleg avviste Chas Chandler miksen frå Command Studio av albumet, som vart fullført i samband med bandet sjølv. Deretter fortsette han å remiksa albumet sjølv, men bandet avviste deretter denne miksen og gjekk tilbake til sin eigen originale miks. Før utgivinga til albumet vart «Hear Me Calling» gjeven ut på singel i februar 1972 med «Get Down With It» som B-Side. Utgivinga var avgrensa til 500 eksemplar.[6]

Slade Alive! kom ut i mars 1972. Det vart ein stor suksess i Storbritannia der det nådde andreplassen. I Australia gjekk det heilt til topps og vart det bestseljande albumet der sidan The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band i 1967.[7][8]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den originale LP-utgåva av albumet kom ut i eit dobbeltfalsa omslag med eit stor teikning på innsida. Denne teikninga var den vinnande oppføringa i ei konkurranse i avisa The Sun for å designa plateomslag. I Israel og Italia vart denne teikna nytta som omslaget på utsida i staden, medan visse utgåver i Nederland og Frankrike òg brukte denne designen.

I 1978 fekk albumet ei tysk utgjeving som ein dobbeltplate i eit dobbeltfalsa omslag i lag med Slade Alive, Vol. 2.[9] Det kom ut på CD første gongen i 1991 i ei digitalt ommastra utgåve av Lea.[10] I 2006 var albumet ein del av den doble konsertplata Slade Alive! – The Live Anthology.[11] Salvo gav ut albumet på ny på vinyl i 2009 og på CD i 2011.[12][13] I 2017 gav BMG ut ei luksusutgåve i høve 45-årsjubileet. Denne kmo ut på vinly med ei seks sider langt hefte og kunstkort, og på CD med eit 28 sider langt hefte.[14]

Marknasføring[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av marknadsføringa for albumet spelte bandet i Storbritannia i april og mai. På Granada Television spelte bandet showet 'Set of Six' den 13. juni 1972. Dette vart filma og bestod omtrent av dei same songane som på Slade Alive! med «Hear Me Calling», «Look Wot You Dun», «Darling Be Home Soon», «Coz I Luv You», «Get Down and Get With It» og «Born To Be Wild».

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Hear Me Calling» er ein coverversjon av songen til Ten Years After frå 1969 og var opphavleg planlagt som ein oppfølgjarsingel til gjennombrotssingelen deira «Get Down and Get With It». Men klarte ikkje å gjere songen bra nok i studio og droppa ideen. I 2011 kom eit acetat-opptak av studioutgåva av songen ut som bonusspor på 2011-utgåva av Sladest.[15] I eit intervju frå 1981 sa trommeslagaren Don Powell om «In Like a Shot from My Gun»: «Han var opphavleg meint som ei studioinnspeling. Men etter at me spelte han inn for Slade Alive!, tenkte me at me aldri kom til å klare og gjere det betre i studio - det er i røynda eit live-nummer.»[16][17]

På «Darling Be Home Soon», ein song frå 1967 av The Lovin' Spoonful, rapar Holder inn i mikrofonen. I 2000 sa han på The Frank Skinner Show at dette var eit uhell sidan bandet hadde drukke mykje før konserten. Holder sa òg at han etter det måtte halde fram å rape under framføringa av songen for å ikkje skuffe publikum.[18] «Know Who You Are» er ein original song som opphavleg kom ut i 1970 på albumet Play It Loud.[19] «Get Down With It» er ein versjon av ein Bobby Marchan-song frå 1965. Utanom at det vart gjennombrotshitten til Slade, vart songen mykje spelt på konsertane deira gjennom heile karrieren. «Born to be Wild» er ein coverversjon av songen til Steppenwolf frå 1968 og vart spelt inn i studio for debutplata deira, Beginnings.[20]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[21]
Christgau's Record GuideB+[22]

Då albumet kom ut meinte Record Mirror at det var eit «rockande album» av «god kvalitet». Dei la til: «Ein har fanga godt spenninga til gruppa og publikum».[23] New Musical Express sa: «Slade Alive! er akkurat det det indikerer. Om du har vore på ein av dei støyande konsertane deira veit du nøyaktig kva eg meiner.»[24][25] Albumet vart seinare vurdert til andreplassen på topp 10-lista deira i 1972.[26] Melody Maker sa: «Fordi det vart spelt inn i eit studio føre eit publikum fekk dei ein balanse og lyd ein ofte ikkje høyrer på eit konsertopptak.»[24][25]

Gregor Vaule i Colorado Springs Gazette-Telegraph meinte albumet «proppa» mykje av «den kjende personlege spenninga» inn på albumet og la til: «LP-en torar inn med Alvin Lee sin 'Hear Me Calling' og frå der og utover er det ikkje ein einaste keisam augneblink.»[27] Mike Diana i Daily Press Newport News skildra albumet som «eit skikkeleg tå-tappande album» og la til: «Karane speler ein frenetisk rock 'n' roll med skrikande tekstar, mono-enkle rytmar og surrande gitarar.»[28] Robert Hilburn i Los Angeles Times skreiv om den «kraftfulle, feirande karakteren» til bandet og avslutta: «Som med eit kvart band som er verdt rock 'n' roll-skoa sine, høyrest Slade Alive betre ut jo meir volum du høyrer det på.»[29] Rich Aregood i Philadelphia Daily News skildra albumet som «kjempeflott» og skreiv: «...Slade er noko heilt anna igjen. Eit høgtlydt, frekt og spennande rock-and-roll-band som til og med kunne fått Pat Nixon til å trampe takten.»[30]

I 1991 skildra Q albumet som «tydeleg tungt» med ein «kameratsleg rockestil». Dei konkluderte med: «Det er berre moro og øl heile vegen». I 2010 rekna Classic Rock albumet som «overlegent: omdømmesementerande». AllMusic kommenterte: «Slade viste kvifor dei var eit av dei beste konsertbanda i England med dette feberkonsertopptaket. Det tar fyr med mange stampande takter, tindrande bass, tjukke gitarar og Noddy Holder sine hese vokalskrik. Slade Alive! finn gutane frå Wolverhampton som eggar den rabiate fansen sin på kvart tidspunkt.»[21]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelWriterLengd
1.«Hear Me Calling»Alvin Lee5:46
2.«In Like a Shot From My Gun»Noddy Holder, Jim Lea, Don Powell3:33
3.«Darling Be Home Soon»John Sebastian5:43
4.«Know Who You Are»Holder, Lea, Dave Hill, Powell3:37
Side to
Nr.TittelWriterLengd
5.«Keep on Rocking»Holder, Lea, Hill, Powell6:29
6.«Get Down and Get With It»Bobby Marchan5:33
7.«Born To Be Wild»Mars Bonfire8:12

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Australia (Kent Music Report)[31] 1
Den austerrikske albumlista[32] 8
Den kanadiske albumlista[33] 77
Den tyske albumlista[34] 25
VG-lista[35] 18
UK Albums Chart[36] 2
U.S. Billboard 200[37] 158

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 5. oktober 2021. 
  2. «Database and Marketplace for Music on Vinyl, CD, Cassette, MP3 and More». discogs. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  3. 31. Slade - Slade Alive (1972). «The Greatest Live Album of All Time». Planet Rock. Henta 5. oktober 2021. 
  4. Simmons, Gene (2002). Kiss and Make-up. Three Rivers Press. s. 85. ISBN 0-609-81002-2. 
  5. Ken Sharpe interview with Jim Lea
  6. «Slade - Hear Me Calling / Get Down With It - Polydor - UK - 2814 008». 45cat. Henta 5. oktober 2021. 
  7. [1]
  8. Slade Fan Club Newsletter April - May 1973
  9. «Slade - Slade Alive! (Vinyl, LP) at Discogs». discogs. Henta 5. oktober 2021. 
  10. «Slade - Slade Alive! (CD, Album) at Discogs». discogs. Henta 5. oktober 2021. 
  11. «Slade - Slade Alive! (CD) at Discogs». discogs. Henta 5. oktober 2021. 
  12. «Slade - Slade Alive! (Vinyl, LP, Album) at Discogs». discogs. Henta 5. oktober 2021. 
  13. «Slade - Slade Alive! (CD, Album) at Discogs». discogs. Henta 5. oktober 2021. 
  14. «Slade: Slade Alive! Deluxe Edition on PledgeMusic». Pledgemusic.com. Arkivert frå originalen 9. oktober 2021. Henta 5. oktober 2021. 
  15. Sladest Salvo Remaster 2011 Booklet Notes
  16. «Archived copy». Arkivert frå originalen 26. mars 2012. Henta 5. juli 2011. 
  17. Slade Supporters Club Newsletter May - June 1981
  18. «The Frank Skinner Show (1995– ) : Episode #4.10». IMDb.com. Henta 22. april 2016. 
  19. «Vinyl Album - Slade - Play It Loud - Polydor - UK». 45worlds.com. Henta 30. juli 2018. 
  20. «Vinyl Album - Ambrose Slade - Beginnings - Fontana - UK». 45worlds.com. 30. mai 2017. Henta 30. juli 2018. 
  21. 21,0 21,1 AllMusic Review by Stephen Cook. «Slade Alive! - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 5. oktober 2021. 
  22. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  23. Record Mirror Magazine 1. april 1972
  24. 24,0 24,1 [2]
  25. 25,0 25,1 Slade Fan Club Newsletter June - July 1972
  26. NME magazine 30. desember 1972
  27. Colorado Springs Gazette-Telegraph newspaper - Record Rap - Gregor Vaule (music director KYSN) - 2. september 1972
  28. Daily Press Newport News - John McLaughlin Amazing - Mike Diana - 17. september 1972
  29. Los Angeles Times - Slade album brings fun back to rock - Robert Hilburn - 26. november 1972
  30. Philadelphia Daily News - Help Yourself, Slade - Worthwhile Music - Rich Aregood - 23. september 1972
  31. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  32. Steffen Hung. «Slade - Slade Alive!». austriancharts.at. Henta 5. oktober 2021. 
  33. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  34. «charts.de». charts.de. Henta 5. oktober 2021. 
  35. Steffen Hung. «Slade - Slade Alive!». norwegiancharts.com. Henta 5. oktober 2021. 
  36. «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 22. april 2016. 
  37. «Slade». AllMusic. 25. juni 2002. Henta 5. oktober 2021.