Slade on Stage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slade on Stage
Konsertalbum av Slade
Utgjeve 11. desember 1982
Sjanger Hardrock
Lengd 41:38
Selskap RCA
Produsent Slade
Slade-kronologi 
Til Deaf Do Us Part
(1981)
Slade on Stage The Amazing Kamikaze Syndrome
(1983)


Slade on Stage er det tredje konsertalbumet til det britiske rockebandet Slade. Det vart spelt inn i Newcastle City Hall den 18. desember 1981 og kom ut nesten eitt år seinare 11. desember 1982. Albumet var produsert av bandet og nådde 58. plassen på den britiske albumlista.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter konserten til Slade på Readingfestivalen i 1980 vart interessa for bandet gjenoppliva og ein stor platekontrakt med RCA signert. Under turneen for å marknadsføre albumet Till Deaf Do Us Part frå 1981, bestemte bandet seg for å spela inn konserten sin i Newcastle City Hall med RAK-mobilen. Slade on Stage vart produsert og miksa i Portland Studios i London, og kom ut i desember 1982 og nådde 58. plassen albumlista i Storbritannia.

Holder fortalte i Kerrang! i 1982: «Eg trur vi har klart å halda spenninga frå konserten praktisk talt intakt. Det er sant at vi måtte gjera nokre studiobitar for å piffe det opp, men dette er halde til eit minimum. Du må alltid hugsa at nokon kjem til å betala hardt opptente kontantar for denne plata. Og sjølv om det bør gjerast alt for å bevara atmosfæren til ein ting, kan det å forbetra den endelege lyden ved å legga til eit par innslag, så trur eg at du skylder kjøparen å gjera berre det. Med det me derimot har gjort på Slade on Stage er å fikse på bitar der til dømes ein gitarstreng sleit og slikt. Å ja, og vi måtte kutta ut ein del av publikum òg, fordi ein av mikrofonane i aulaen var sett opp ved sida av ein galning. Han ropte til stadig 'jævel!' med han klarte inn i mikrofonen, så det måtte me ta bort. Men bortsett frå desse tinga er alt slik det vart spelt på konserten.»[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Kerrang!5/5 stars[4]
Sounds5/5 stars[5]

På tidspunktet for utgjevinga var meldingane generelt positive. Kerrang! skreiv at albumet inneheld «10 juvelar» og oppfordra lesarane til å «gå ut og kjøpa det no». Dei la til: «Å sjå Slade live er ein av dei mest spennande opplevingane som er kjente for menneskja. Det er ein heilt topp manisk og heftig pakke, levert i eit tempo som får sjølv Kiss til å verka som gamle menn.» Sounds likte Slade on Stage som eit «oppsiktsvekkande album» som «går langt mot å demonstrera kvifor dei er eit av dei beste live-rockebanda i verda». Dei skildra albumet som «ein av dei livlegaste du nokon gong vil høyra i livet ditt», og konkluderte med: «Det Slade alltid har handla om er ufortynna rock 'n' roll, og dette albumet kjem nærare å fanga kjensla, spenninga og den enorme energien dei genererer enn noko dei nokon gong har prøvd før.»[6]

AllMusic skildra albumet som eit «monster» og sa: «Tru det eller ei, Slade on Stage er den mest intense innspelinga Slade nokosinne har gjort. Det er tungt. Dette livealbumet viser at bandet speler raskare, hardare og betre enn nokosinne. Dei tre første songane sette tonen. Slade kjem ut av porten så fort at viss dei ikkje følgde dei tre med ein ballade, måtte du nesten ta plata av. Det er så intenst. Dette er det tettaste, vanskelegaste og beste du nokon gong vil høyra Slade (eller noko anna hardrockband) spela. Materialet er kremen av kremen, og innspelinga er glimrande. Den einaste ulempen er at det berre har ni ekte songar.».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Noddy Holder og Jim Lea utanom «You'll Never Walk Alone» av Rodgers and Hammerstein.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Rock and Roll Preacher»5:18
2.«When I'm Dancin' I Ain't Fightin'»3:42
3.«Take Me Bak 'Ome»4:32
4.«Everyday»3:18
5.«Lock Up Your Daughters»4:02
Side to
Nr.TittelLengd
6.«We'll Bring the House Down»4:17
7.«A Night to Remember»8:09
8.«Gudbuy T'Jane»4:39
9.«Mama Weer All Crazee Now»2:55
10.«You'll Never Walk Alone»0:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande
  • Dave Garland - lydteknikar
  • George Peckham - lydteknikar
  • Mike Robinson - miksing
  • Andrew Christian - design
  • Colin Newman - albumtittel
  • Partridge Rushton - typografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
UK Albums Chart[1] 58

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021. 
  2. «From Roots To Boots: The Slade Story». Sladestory.blogspot.co.uk. 7. januar 2011. Henta 15. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 AllMusic Review by Geoff Ginsberg. «Slade on Stage - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 15. oktober 2021. 
  4. «Slade on stage reviews». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  5. «1982 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  6. «1982 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021.