Sladest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sladest
Samlealbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 28. september 1973
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 45:47
Selskap Polydor (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Slayed?
(1972)
Sladest Old, New, Borrowed and Blue
(1974)


Sladest er eit samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det vart gjeve ut av Polydor den 28. september 1973 og selde til sølvplate i Storbritannia den månaden. Det låg på lista i 24 veker.[1] Albumet selde til gullplate i Storbritannia i november 1973.[2] I Amerika vart Sladest gjeve ut av Reprise med ei anna sporliste. Det nådde 129. plassen på Billboard 200.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1973 var Slade eit av dei mest populære banda i Storbritannia, etter å ha oppnådd to nummer éin-singlar - «Cum On Feel The Noize» og «Skweeze Me, Pleeze Me» - på tre månader. Begge hadde gått rett til topps på lista, noko som var ein sjeldan bragd den gongen og ikkje hadde vorte oppnådd sidan The Beatles med «Get Back» i 1969. Likevel kort tid etter utgivinga av «Skweeze Me, Pleeze Me», var trommeslagaren Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli 1973. Ulykka sette framtida til bandet i tvil, og trass i den kritiske tilstanden hans klarte Powell å komma seg.[4]

Medan dei spelte inn det neste studioalbumet sitt, Old New Borrowed and Blue, valde Slade å gje ut ei samleplate for å oppretthalde momentet til bandet. Sladest kom ut i september 1973 på same dagen som den nye singelen «My Friend Stan». Sladest toppa den britiske albumlista og vart ein suksess i Europa og andre stader. Den første veka selde det til sølvplate i Storbritannia og i november hadde det oppnådd gullplate for 200 000 selde eksemplar.[5][6] Det låg på toppen av lista dei første tre vekene etter det kom ut og gjekk seinare til topps på lista igjen i midten av januar 1974 etter suksessen til «Merry Xmas Everybody».[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sladest skulle opphavleg heite «The Best of Slade».[7][8] Det bestod av fjorten spor og inneheld åtte av hitsinglane deira fram til då, i lag med seks andre spor som kom frå tida før dei slo gjennom i 1971. I Amerika vart albumet gjeve ut av Reprise (Warner Bros. Records), og var den første utgjevinga deira for selskapet. Utgjevinga bestod av ti spor, inkludert åtte av hitsinglane deira, i tillegg til «My Friend Stan» og B-sida 0«My Town».

Sladest vart først gjeven ut på CD i Japan i 1988.[9] Ei utgåve på CD i Europa og Storbritannia kom i 1993.[10][11] I 2011 vart albumet ommastra og gjeve ut på CD av Salvo. Det inneheld fire ekstra spor, mellom anna den tidlegare ikkje-utgjevne studioutgåva av «Hear Me Calling».[12]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[13]
Christgau's Record GuideB+[14]
Record Collector4/5 stars[15]

Då albumet kom ut i Amerika skildra Ken Barnes i Rolling Stone albumet som ei «omfattande samling», som gav «uforbedrande perspektiv på dei tidlegare suksessane deira, i tillegg til nokre av dei villaste rock-and-roll-songane du nokon gong vil høyra». Han oppsummerte albumet som «årets beste rockealbum».[16] Robert Christgau meinte at Slayed? var «mindre melodirikt», han føretrekte dette føre Sladest, som inneheld songar som såg «desse anglopop-fenomane bli til galne galningar».[17] Billboard meinte albumet var ein «ekstremt smart manøver», og tente «både føremålet med å introdusere dei som eit singelband og gav dei nesten ein ny start med det amerikanske publikummet».[18]

I ei seinare melding skreiv Paul Tinelli i AllMusic at albumet inneheld «alle songane som hjelpte bandet å selje tonnevis av plater og fylle arenaer i Storbritannia tidleg i 1970-åra.» Han meinte materialet som gjekk bort frå «suksessformelen med fengande gitarriff og store refreng mislukkast».[13] I 2003 inkluderte Spin albumet på lista si over «essensiell glamrock». Dei skreiv at materialet hadde «vindtunnel gitar og refreng den mest lager-fulle bølla kunne synge med på», og la til at dei «stadion-stampande anthem-ane her køyrer spekteret frå dum til dummare.»[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cum On Feel the Noize»Noddy Holder, Jim Lea4:29
2.«Look Wot You Dun»Holder, Lea, Don Powell2:57
3.«Gudbuy T'Jane»Holder, Lea3:31
4.«One Way Hotel»Holder, Lea, Powell2:39
5.«Skweeze Me, Pleeze Me»Holder, Lea4:35
6.«Pouk Hill»Holder, Lea, Powell2:24
7.«The Shape of Things to Come»Barry Mann, Cynthia Weil2:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Take Me Bak 'Ome»Holder, Lea3:13
9.«Coz I Luv You»Holder, Lea3:24
10.«Wild Winds Are Blowing»Bob Saker, Jack Winsley2:38
11.«Know Who You Are»Dave Hill, Holder, Lea, Powell2:53
12.«Get Down and Get with It»Bobby Marchan3:48
13.«Look at Last Nite»Holder, Lea3:05
14.«Mama Weer All Crazee Now»Holder, Lea3:44

Bonuspor på Salvo-utgåva frå 2011[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
15.«Hear Me Calling» (studioutgåva)Alvin Lee2:45
16.«My Friend Stan»Holder, Lea2:41
17.«My Town»Holder, Lea3:06
18.«Kill 'Em at the Hot Club Tonite»Holder, Lea3:20

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cum On Feel the Noize»4:30
2.«Look Wot You Dun»2:57
3.«Gudbuy T'Jane»3:31
4.«My Friend Stan»2:40
5.«Skweeze Me, Pleeze Me»2:35
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Take Me Bak 'Ome»3:15
7.«Coz I Luv You»3:24
8.«My Town»3:05
9.«Get Down and Get with It»3:48
10.«Mama Weer All Crazee Now»3:42

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[20] 3
Den austerrikske albumlista[21] 10
Den kanadiske albumlista[22] 75
Den finske albumlista 1
Den tyske albumlista[23] 3
VG-lista[24] 4
UK Albums Chart[25] 1
US Billboard 200[3] 129

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 5. oktober 2021. 
  2. «Home». BPI. Henta 5. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Slade». Billboard. Henta 5. oktober 2021. 
  4. CD-heftet til Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 10. oktober 2021. 
  6. Fan Club Newsletter Desember 1973
  7. [1]
  8. Slade Fan Club Newsletter August–September 1973
  9. «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. 25. september 1988. Henta 5. oktober 2021. 
  10. «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021. 
  11. «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021. 
  12. «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021. 
  13. 13,0 13,1 AllMusic Review by Paul Tinelli. «Sladest - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 5. oktober 2021. 
  14. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  15. «Sladest - Record Collector Magazine». Recordcollectormag.com. 26. mai 2011. Henta 5. oktober 2021. 
  16. (Posted: Dec 6, 1973) (6. desember 1973). «Slade: Sladest : Music Reviews : Rolling Stone». Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 5. oktober 2021. 
  17. «CG: slade». Robert Christgau. 18. april 2006. Henta 5. oktober 2021. 
  18. «Billboard». 13. oktober 1973: 46. Henta 5. oktober 2021 – via Internet Archive. «slade sladest American listening public.» 
  19. «SPIN - Google Books». September 2003. Henta 5. oktober 2021. 
  20. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  21. Steffen Hung. «Slade – Sladest». austriancharts.at. Henta 5. oktober 2021. 
  22. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. oktober 2021. 
  23. «charts.de». charts.de. Henta 5. oktober 2021. 
  24. Steffen Hung. «Slade – Sladest». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  25. «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 22. april 2016.