Slaget om Vimyhøyden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Koordinatar: 50°22′44″N 2°46′26″E Slaget om Vimyhøgda (engelsk: Battle of Vimy Ridge, fransk: Bataille de la crête de Vimy) var eit slag som vart utkjempa frå 9. til 12. april 1917 i Vimy et Givenchy-en-Gohelle i nærleiken av Lens i Pas-de-Calais i Frankrike mellom tyske og hovudsakleg canadiske styrkar under den fyrste verdskrigen. Dei canadiske styrkane vann slaget. Då dette var eit av dei første slaga der canadiske styrkar opererte på eiga hand, fekk det særs mykje å seia for det canadiske nasjonale sjølvmedvitet.

Forhistoria[endre | endre wikiteksten]

Vimy var blant dei beste forskansa områda på heile vestfronten og dei allierte vurderte det som ei uinntakeleg festning. Britane og franskmennene hadde i fleire år freista å setja til livs høgda med store tap, franskmennene åleine mista 150 000 soldatar under eitt forsøk i 1915. Strategisk var høgdedraget svært viktig, då den var den einaste naturlege barrieren.

Dei allierte vedtok å gjennomføra eit nytt angrep i 1917, valet fall på canadierne, og for første gong vart dei fire divisjonane i det canadiske korpset (Canadian Corps) nytta samla. Den britiske 5. infanteridivisjonen deltok òg under angrepet. Canadierne hadde lært av dei mislukka britiske og franske forsøka og vedteke å prøva ut nye taktikkar på troppenivå blant anna utstrakt bruk av maskingevær som (Lewis Gun), og dessutan å gje grundig orientering og detaljerte kart ikkje berre til befalet og offiserane men òg til menige soldatar. Dei bygde opp ein kopi av Vimyhøyden bak eigne linjer og heldt til mange månader på å drilla på angrepet.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Canadiske styrkar ved Vimy.

2. april 1917 byrja dei canadiske styrkane verda si største artilleribeskytning fram til då, på ei veke skaut dei canadiske styrkane over ein million granatar mot dei tyske stillingane. Artilleriangrepet var så hardt at det kunne høyrast heilt til London. Under artilleridekning avanserte det 30 000 mann store canadiske korpset 9. april, og på under 2 timar hadde tre av dei fire canadiske divisjonane nådd sina mål. Dei siste måla vart nådd i løpet av kvelden. 12. april kontrollerte dei canadiske styrkane heile høgda.

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Angripe kosta dei canadiske styrkane 3598 drepne og 7104 såra. Dei tyske styrkane ved Vimyhøyden mista i same periode 6604 drepne og såra. Slaget fekk lite å seia på det strategiske nivået, men den psykiske effekten var stor, for dei alliertes del var den sterkaste tyske befestningen på vestfronten overvunne med forholdsvis minimale tap.

Slaget gav òg canadierne rykte på seg for å vera dei beste allierte soldatane.

Vimy er den staden i Frankrike og Belgia med høgast konsentrasjon av ueksploderte granatar.

Det britiske bombeflyet Vickers Vimy er oppkalla etter slaget.

Vimymonumentet[endre | endre wikiteksten]

Britiske militære ved Vimymonumentet i 1944-45

På Vimyhøyden ligg no det canadiske Vimymonumentet, som er Canadas største krigsmonument. Grunnen det står på er gjeven i gåve av den franske regjeringa til den canadiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]