Slaget ved Abrahamslettene

Koordinatar: 46°48′11″N 71°12′54″W / 46.803°N 71.215°W / 46.803; -71.215
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slaget ved Abrahamsletta)
Slaget ved Abrahamslettene
Del av sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen

The Death of General Wolfe av Benjamin West. Olje på lerrett, 1770.
Dato 13. september 1759
Stad Quebec City
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
James Wolfe  Louis-Joseph, Marquis de Montcalm 
Styrkar
4800 regulære 2000 regulære
600 kolonisoldatar
1800 milits- og indianske soldatar
Tap
60 drepne
600 skadde[1]
200 drepne
1200 skadde[1]
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Abrahamslettene, òg kalla slaget ved Quebec, var eit viktig slag i sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika). Slaget starta 12. september 1759 og vart utkjempa mellom Storbritannia og Frankrike på eit platå like utanfor murane til Quebec City. Slaget omfatta færre enn 10 000 soldatar samla sett, men var ein avgjerande augneblink i konflikten mellom Frankrike og Storbritannia om lagnaden for Ny-Frankrike, som seinare skulle medverke til skipinga av Canada.[2]

Britane hadde omleira byen i tre månader og kulminerte med slaget, som varte mindre enn ein time. Dei britiske troppane kommandert av general James Wolfe stod imot dei framrykkande franske og kanadiske troppane under Louis-Joseph, Marquis de Montcalm. Dette klarte dei ved å nytte nye taktikkar som synte seg særs effektive mot det som var standard militærformasjonar nytta i dei fleste europeiske konfliktane på denne tida. Begge generalane vart dødeleg skadde under slaget. Wolfe døydde berre nokre få minuttar ut i kampen, medan Montcalm døydde morgonen etter. Etter slaget kom dei gjenverande franske styrkane i Canada og resten av Nord-Amerika under aukande press frå dei britiske styrkane.

Franskmennene heldt fram kampen og sigra i fleire slag etter at Quebec var tapt, men britane gav aldri opp att festninga i Quebec. Dette smitta over på andre område i Nord-Amerika og innan fire år var nesten alle dei franske områda i det austlege Nord-Amerika avståtte til Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Borneman 2007, s. 223.
  2. «slaget ved Quebec». 2007. Arkivert frå originalen 3. januar 2010. Henta 1. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°48′11″N 71°12′54″W / 46.803°N 71.215°W / 46.803; -71.215