Slaget ved Bitonto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Bitonto
Del av Den polske arvefølgjekrigen
Dato 25. mai 1734
Stad nær Bitonto, Kongedømet Napoli (dagens Sør-Italia)
Resultat Avgjerande spansk siger
Partar
Bandera de España 1701-1760.svg Spania Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Kommandantar
Flagget til SpaniaHertugen av Montemar Flagget til Habsburgmonarkiet Giuseppe Antonio, prinsen av Belmonte
Styrkar
14 000 infanteristar og kavaleristar 8,000 infatneristar
2,500 kavaleristar
Tap
99 døde
196 skadde
1 000 døde
1 000 skadde
2 500 fanga

Slaget ved Bitonto (25. mai 1734) var ein spansk siger over austerrikske styrkar nær Bitonto i Kongedømet Napoli (i det sørlege Italia) i den polske arvefølgjekrigen. Slaget enda den organiserte austerrikske motstanden utanfor fleire festningar i kongedømet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kong Filip V av Spania hadde alltid som mål å gjenerobre Napoli og Sicilia, som Spania tapte til habsburgarane etter den spanske arvefølgjekrigen. I 1714 gifta han seg med Elisabeth Farnese, som hadde familieinteresser i Italia. Under hennar påverknad hadde han prøvd å ta attende dei tapte italienske områda i kvadrupelalliansekrigen. Då den polske arvefølgjekrigen braut ut i 1733 såg han høvet til å handle mot habsburgarane, som ikkje hadde noko militær støtte hos dei vestlege europeiske maktene ((Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda ønskte å vere nøytrale i denne krigen), med aktiv motstand frå Frankrike og Karl Emmanuel III av Sardinia. Hausten 1733 signerte Spania og Frankrike Pacte de Famille, den første av fleire avtalar i Bourbon-familien. Avtalen sikra at dei to ville verne og støtte kvarandre, og arbeide saman om å erobre Habsburg-områda på den italienske halvøya.

Den spanske flåten under Luis de Córdova y Córdova sette i land ein spansk armé i Genova, som slo seg saman med styrkane til Karl av Parma, herskaren i Parma nord i Italia og den eldste sonen til Filip og Elisabeth. Frå der marsjerte 21 000 mann utan motstand gjennom Kyrkjestaten mot Napoli, der Karl gjekk inn i byen meir eller mindre utan motstnad. Karl utropte seg sjølv til konge over Dei to Sicilia den 7. mai 1734. Dei austerrikske garrisonane i festningane i Gaeta og Capua vart blokkerte av 6000 mann, og Montemar leia 12 000 spanske soldatar etter den austerrikske statthaldaren som var i retrett.

Den habsburgske statthaldaren, Guido Visconti, flykta først til Bari i Puglia føre den avanserande spanske armeen og flykta med skip den 21. mai med ein av generalane sine, og forlet Giuseppe Antonio, prinsen av Belmonte i kommando over dei austerrikske styrkane. Austerrikarane som trekte seg attende vart forsterka av soldatar som nådde fram frå øya Sicilia, og ei skipslast med rekruttar kom til Taranto. Belmonte, som var klar over at spanjolane truleg kom til å få forsterkingar frå flåten sin, flytta til Bitonto den 24. mai for å tvinge fram ein kamp med Montemar før armeen vart enno større. Han sette dei uerfarne soldatane i sjølve byen, og tilpassa låge murar og to kloster i ei forsvarslinje og venta så på spanjolane. Montemar var, i følgje rapportar Belmonte fekk seinare, forsterka med 3 000 mann og hadde dermed om lag 14 000 erfarne og velutrusta soldatar.

Slag[endre | endre wikiteksten]

Då spanjolane nådde staden ved daggry den 25. mai, sette Montemar opp linjene sine for å møte austerrikarane, infanteri mot infanteri, kavaleri mot kavaleri. Sidan spanjolane hadde langt fleire kavaleristar enn austerrikarane, vart somme av dei nytta i reservere på høgreflanken. Etter eit par skinnåtak, der spanjolane prøvde å lure austerrikarane bort frå forsvarsstillinga si, starta åtaket. Kring kl. 1000 gav det austerrikske kavaleriet omsider etter, og det meste av det starta ein uorganisert retrett mot Bari, og Belmonte følgde kort tid etter. Resten av austerrikarane kollapsa og somme kompani følgde kavaleriet medan andre prøvde å rømme nordover og inn i Bitonto. Forsvararane i dei to klostera heldt stand og desse forsvara vart teken i eit stormåtak. Garnisonen i byen gav seg dagen etter på grunn av mangel på ammunisjon og forsyningar.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Belmonte prøvde å omorganisere dei gjenverande styrkane i Bari, men motstanden frå den lokale folkesetnaden, som mobiliserte til støtte for spanjolane, gjorde det nær sagt umogeleg. Han enda opp med å overgje 3 800 mann til dei lokale styresmaktene. Fleire hundre soldatar hadde rømt slagmarka mot nord og klarte å nå Pescara, som spanjolane ikkje enno hadde teke.

Andre byar i kongedømet anerkjende spansk styre og berre to festningar som austerrikarane heldt klarte å halde stand til hausten. Gaeta, som vart blokkert tidleg i krigen, vart kringsett og heldt ut til august. Traun forsvarte Capua fram til 30. november, før han omsider overgav seg og garnisonen marsjerte ut med full krigsære.

Dei to Sicilia vart offisielt gjevne attende til Spania med freden i Wien i 1738, som enda krigen. Karl gjorde Montemar til hertug av Bitonto og bestilte Giovanni Antonio Medrano til å reise ein obelisk på slagmarka til minne om slaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]