Slaget ved Borodino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Napoleon sitt felttog i Russland, del av Napoleonskrigane

Dato 7. september 1812
Stad Borodino i Russland
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Russland
Kommandantar
Napoléon Bonaparte Mikhail Kutuzov
Styrkar
125 000-130 000 154 000-157 000
Tap
28 000-30 000 45 000-58 000

Slaget ved Borodino, også kalla slaget om Moskva, stod den 7. september 1812, og var det største og blodigaste slaget under Napoleonskrigene. Over ein kvart million soldatar var involverte i slaget.

Det blei utkjempa mellom den franske Grande armée under Napoleon I og den russiske hæren til Aleksander I nær landsbyen Borodino, 12 km vest for byen Mozjajsk. Slaget enda utan eit avgjerande resultat for nokon av hærane, men taktiske omsyn tvinga russarane til å trekkja seg tilbake.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juni 1812 marsjerte Napoleon inn i Russland og tsar Aleksander erklærte at dette var ein fedrelandskrig. Napoleon håpa å kunna møta den russiske hæren i ope terreng for å kunna utsletta han. Men den russiske krigsministeren Michael Andreas Barclay de Tolly trekte styrkane tilbake og gjennomførte brent jord-taktikk. Dei franske styrkane kom etter kvart i ein vanskeleg situasjon då forsyningslinjene deira stadig blei lengre.

29. august overtok Mikhail Kutuzov etter Barclay de Tolly som russisk øvstkommanderande, og då Napoleon nærma seg Moskva blei det bestemt at ein skulle konfrontera han i eit forsøk på å stoppa vidare framrykking. Ved byen Borodino i Moskva guvernement fann Kutuzov at terrenget gjorde det mogleg å prøva å stoppa styrkane til Napoleon. Frå 3. september blei det reist omfattande festningsverk av jord og tømmerstokkar. Til høgre blei det reist ein redutt under kommando av Nikolaj Rajevskij, og på den venstre flanken blei det bygd tre skansar under kommando av Pjotr Ivanovitsj Bagration. Til saman utgjorde dette ei sterk befesting.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Anslaget over styrkane til partane varierer, dei fleste kjelder antyder at 250 000 mann deltok i to omtrent like store hærar, og dette gjer slaget til eit av dei største i krigshistoria så langt.

Klokka 5 om morgonen den 7. september gav Napoleon ordre om fullt frontangrep, ein taktikk han ikkje nytta så ofte. Kongen av Napoli, Joachim Murat leidde eit kombinert infanteri- og kavaleriangrep og sette til livs den sentrale Rajevskij-redutten. Russiske reservar blei sett inn og kampane bølgja fram og tilbake med særs store tap på begge sider.

Slaga måla av Peter von Hess i 1843
Kampane om Bagraton-skansane, måleri av Franz Roubaud

Den uventa franske offensiven frå vest der dei òg sette til livs ein russisk redutt gjorde den russiske situasjonen vanskeleg. Den venstre russiske forsvarslinja blei liggjande open, og russarane trekte seg austover og laga ein ny posisjon med landsbyen Utitza. Den venstre flanken blei difor liggjande isolert og open for angrep.

Dei franske styrkane angreip då Bagratonskansane, fire pilspissforma skansar retta mot vest ved Moskvaelva. Desse skulle støtte den russiske venstreflanken, då dei her ikkje hadde nokon terrengmessige fordelar. Bagratonskansane blei i løpet av dagen storma åtte gonger av franskmennene, men slått attende. Kampane bølgja fram og attende med store tap på begge sider, blant anna den russiske kommandanten Pjotr Ivanovitsj Bagration blei så hardt skadd at han døydde fem dagar seinare. Rolla hans i slaget har seinare gjort han til ein russisk helt, blant anna kalla Josef Stalin opp Operasjon Bagration under andre verdskrigen etter han. Kampane ved Bargratonskansane blei etter kvart så harde og kaotiske at dei franske kommandantane i felt bad om forsterkingar frå Den keisarlege garden, noko Napoleon avslo. Den åttande gongen franskmennene storma skansane, var angrepet så kraftig at det russiske artilleriet ikkje klarte å stoppa dei og Bagraton gav infanteriet ordre om eit motangrep før franskmennene kom fram til skansane. Dei kraftige kampane varte i rundt ein time, og av dei anslagsvis 60 000 franskmennene som var samla for stormangrepet, gjekk opp til halvparten tapt.

Klokka 2 den følgjande natta trekte dei russiske styrkane seg tilbake i to kolonnar til Semolino for å sikra at hæren blei halden intakt og ikkje gjekk i oppløysing. Slik ville dei koma seg og gjera at dei franske styrkane måtte operera stadig lengre frå forsyningsbasane sine.

Slaget enda utan nokon tydeleg sigerherre, men russarane lukkast ikkje med det som var hovudmålet deira, å stoppa den franske framrykkinga. Dei store tapa på begge sider, gjer òg slaget til eit av dei blodigaste i krigshistoria såg langt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Slaget ved Borodino