Slaget ved Burkersdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Burkersdorf
Del av the Sjuårskrigen
Dato 21. juli 1762
Stad Burkersdorf, dagens Polen
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Habsburgmonarkiet Austerrike
Kommandantar
Fredrik den store
Styrkar
40 000 30 000

Slaget ved Burkersdorf var eit slag utkjempa 21. juli 1762 under sjuårskrigen. Ein prøyssisk arme på 40 000 mann kjempa mot ein austerriksk arme på kring 30 000 mann.

Etter at Elizabeth av Russland døydde, tsarina i Russland, tok nevøen Peter III over trona. Peter var ein stor beundrar av Fredrik den store og alt som var prøyssisk, og Fredrik tok nytta av denne fordelen. Peter trekte armeen sin tilbake frå krigen, forlet det russisk-okkuperte Aust-Preussen og signerte ein fredsavtale med Fredrik. Peter sendte så ein styrke for å støtte den prøyssiske armeen i felttoget mot austerrikarane.

Regjeringstida til Peter var kort, då kona Katarina den store tok over trona og han døydde kort tid etter. Katarina trekte seg ut av krigen og sendte ordre til grev Zakhar Tsjernysjov, som hjelpte prøyssarane, om å trekke seg attende.

Fredrik såg at han måtte handle raskt. Han overbeviste den russiske generalen om å verte verande eit par dagar til, utan å ta del i slaget, men å vere ein styrke som påverka avgjerslene til den austerrikske generalen. Fredrik gjekk til åtak og vann, medan dei russiske styrkane reiste heim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]